130 likes | 306 Views
NYNORSK. Kapittel 2: Den politiske revolusjonen. Bodskapen i opplysningsfilosofien. Menneska vinn kunnskap gjennom fornufta all argumentasjon som ikkje var bygd på fornuft, var ugyldig Menneskerettane rett til liv og fridom rett til eigedom
E N D
NYNORSK Kapittel 2: Den politiske revolusjonen
Bodskapen i opplysningsfilosofien • Menneska vinn kunnskap gjennom fornufta • all argumentasjon som ikkje var bygd på fornuft, var ugyldig • Menneskerettane • rett til liv og fridom • rett til eigedom • rett til fridom til å tenkje og ytre seg (ytringsfridom) • Folkesuvereniteten • i siste instans ligg makta hos folket
Bodskapen i opplysningsfilosofien • Maktfordelingsprinsippet (Montesquieu) • iverksetjande/utøvande makt • lovgivande makt • dømmande makt
Den amerikanske revolusjonen • Det britiske parlamentet prøvde å skattleggje dei 13 koloniane • «Ingen skatt utan representasjon» • Krig med britane 1775–1783 • sjølvstendeerklæringa 1776 • menneskerettar blei formulerte • delstatane laga seg konstitusjonar
Den amerikanske revolusjonen • Freden i Paris 1783 • dei 13 amerikanske koloniane fekk sjølvstende frå Storbritannia • Forfatning for heile føderasjonen (USA) 1787 • sterk føderalmakt • folkestyre
Den franske revolusjonen – innleiinga • To viktige årsaker • stor statsgjeld etter hjelpa til amerikanarane i sjølvstendekrigen • jordbrukskrise og matmangel • Opprør i tredjestanden • Stendermøtet 1789 definerer seg som nasjonalforsamling • Uro i Paris og i landdistrikta • Mange adelege godseigarar flyktar frå landet • Nasjonalforsamlinga opphevar privilegievesenet og erklærer menneskerettane
Den franske revolusjonen – innleiinga • Opprør blant adelen • stormannsmøtet 1787 – kongen ville skattleggje adelen, som stod imot og kravde at spørsmålet skulle leggjast fram for ei stenderforsamling
Radikaliseringsfasen 1789–1794 • Eigedommane til kyrkja blir nasjonaliserte • kongen protesterer • delar av presteskapet går under jorda eller rømmer til utlandet • ein stor del av bøndene støtta dei religiøse leiarane • Ny konstitusjon ferdig 1791 • Kongefamilien prøver å flykte • Krig mot Austerrike, Preussen og Storbritannia i 1792 • Kongefamilien fengsla og avretta i 1793 • Robespierre og terroren 1793–94 • støtte hos småkårsfolket i Paris – «sansculottane» • terror retta mot adelen og andre folkefiendar
Avradikaliseringsfasen 1794–1815 • Robespierre gjekk for langt, blei styrta og avretta sjølv • Ny, reaksjonær forfatning 1795 • Franske erobringar i nabolanda – stadig fleire for å kunne finansiere hæren på kostnad av dei erobra områda • Napoleon Bonaparte i spissen for eit militærkupp i 1799 • Keisardømme under Napoleon 1. 1804
Avradikaliseringsfasen 1794–1815 • Imperiet i vekst og fall • siger over Austerrike, Preussen og Russland 1805–1807 • fastlandsblokaden mot Storbritannia 1806 • katastrofalt fransk nederlag i Russland 1812 • stor allianse mot Napoleon: Preussen, Austerrike, Sverige, Storbritannia og Russland • Napoleon kapitulerer i Paris 1814 • Napoleons siste forsøk – nederlaget ved Waterloo 1815 • Wienkongressen avgjer fredsvilkåra i Europa
Avradikaliseringsfasen 1794–1815 • Kva delar av revolusjonsverket hadde overlevd under Napoleon? • oppfatninga om menneskerettane • likskapsprinsippet • utdanning og like sjansar for alle • lønn etter innsats • moderne lovgiving og ukorrupt rettsstell • religionsfridom og ukonfesjonell stat
Etterdønningane etter revolusjonen • Skiftande regime i Frankrike • etter Napoleon blei eit reaksjonært kongedømme oppretta i 1815 • julirevolusjonen 1830 innførte eit konstitusjonelt kongedømme • februarrevolusjonen 1848 innførte republikken på nytt • i 1852 gjorde Napoleon 3. republikken om til keisardømme
Etterdønningane etter revolusjonen • Revolusjon i Latin-Amerika • slavane på Haiti gjorde opprør og oppretta sin eigen stat i 1804 • da Napoleon invaderte Spania og Portugal i 1808, blei banda til koloniane deira i Latin-Amerika brotne • José de San Martín innleidde frigjeringa av den sørlege delen av kontinentet i 1810 • Simon Bolívar innleidde frigjeringa i den nordlege delen i 1811 • økonomiske, sosiale og etniske årsaker hindra frigjeringsprosessane i Latin-Amerika