fonetikk og fonologi l.
Download
Skip this Video
Download Presentation
Fonetikk og fonologi

Loading in 2 Seconds...

play fullscreen
1 / 46

Fonetikk og fonologi - PowerPoint PPT Presentation


  • 541 Views
  • Uploaded on

Fonetikk og fonologi. Pensumlitteratur Kulbrandstad, L. A. (1993): Språkets mønstre. Grammatiske begreper og metoder. 3. utg. 2005.Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 4. . 1. 2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no. @ . Fonetikk og fonologi.

loader
I am the owner, or an agent authorized to act on behalf of the owner, of the copyrighted work described.
capcha
Download Presentation

PowerPoint Slideshow about 'Fonetikk og fonologi' - deacon


Download Now An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript
fonetikk og fonologi

Fonetikk og fonologi

Pensumlitteratur

Kulbrandstad, L. A. (1993):

Språkets mønstre. Grammatiske begreper og metoder.3. utg. 2005.Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 4.

1

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi2

Fonetikk og fonologi

Annan relevant litteratur om fonologi

Endresen, R. T., H. G. Simonsen og A. Sveen (red.) (2000):Innføring i lingvistikk. Universitetsforlaget. Kap. 5.

 Nordgård, T. (red.) (1998):Innføring i språkvitenskap. Ad Notam Gyldendal. Kap. 3.  Simonsen, H. G., R. T. Endresen og E. Hovdhaugen (red.) (1988): Språkvitenskap. En elementær innføring. Universitetsforlaget. Kap. 2.  Eva Sivertsen, E. (1967):Fonologi. Fonetikk og fonemikk for språkstudenter. Universitetsforlaget.  Skaug, I. (1996): Norsk språklydlære med øvelser. Cappelen Akademiske Forlag.  Slethei, J. (1997):Grunnbok i fonetikk for språkstudenter. Cappelen Akademisk Forlag.

2

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi3

Fonetikk og fonologi

Den grammatiske verktøykassa

Fonologi – Morfologi – Syntaks – Semantikk – Pragmatikk

Terminologi

3

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

morfologi

Morfologi

Denne delen av den språklege modulen handlar ifølgje studieplanen om:

taleorgana

fonem og fonemvariantar i norsk

kombinasjonsmoglegheiter (fonotaks)

prosodi

lydtranskripsjon

4

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi5

Fonetikk og fonologi

Kulbrandstad, L. A. (1993):

Språkets mønstre. Grammatiske begreper og metoder.3. utg. 2005. Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 4:

4Lydmønstre

4.1 Ulike innfallsvinkler4.2 Taleorganene4.3 Lydenheter og lydvarianter4.4 Hovedinndeling av lyder4.5 Vokaler4.6 Diftonger4.7 Konsonanter4.8 Assimilasjon

4.9 Stavelser

4.10 Ordtrykk

4.11 Ordtoner (tonem)

4.12 Setningsrytme

4.13Setningsmelodi (intonasjon)

5

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi6

Fonetikk og fonologi

Terminologi - fonetikk og fonologi

- pensumboka: lydmønster.

- termen lydmønster er meir forklarande enn eit fremmendord frå gresk eller latin

- det talde språket = lydar generert av taleorgana våre

- vi prøver å observere visse mønster for å analysere og kategorisere lydane

- karakteristisk for språk at ein ut ifrå eit relativt lite sett vokalar og konsonantar i kombinasjon kan lage så mange ulike lydmønster at det blir meir eller mindre uendeleg mange kombinasjonar som ein kan knyte ei meining til og definere som ord.

- Dette er også ein del av tilnærminga som elevane har til skriftspråket når dei skal prøve å finne samanhengen mellom lydmønster (talespråket) og ein korresponderande bokstavkombinasjon (skriftspråket) som nokon har blitt einige om å bruke på lydmønstra etter visse reglar og konvensjonar.

6

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi7

Fonetikk og fonologi

Fremmendordet fon i fonetikk og fonologi tyder ikkje noko anna enn lyd.

Ordet kjem opphavleg frå gresk (phone).

I europeisk vitskapstradisjon har gresk og latin stått veldig sterkt når det gjaldt utviklinga av vitskapleg terminologi.

I dag har kanskje engelsk i stor grad overteke denne statusen, spesielt innanfor ny teknologi.

Som lånord har vi elles sjølvsagt også t.d. telefon og mikrofon i norsk, utan at vi kanskje tenkjer så mykje over kva orda eigentleg tyder.

Fonetikk og fonologi er to fagområde som viar seg språklydar og andre uttalefenomen.

7

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi8

Fonetikk og fonologi

Fonetikk kjem av gresk phonetikos ('lydleg') og er læra om språklydane.

Fonologi er ei fellesnemning for fonetikk og fonemikk,

dvs. læra om fonema ('minste tydingskiljande språklyd').

Ordet-logoskjenner vi frå mange andre samanhengar (biologi, filologi, teknologi mfl.).

Det kjem av gresk logia, som igjen har samanheng med logos ('tale, tanke'),

og tyder 'lære, vitskap om det som førsteleddet nemner’

[ordforklaringane finn ein t.d. i Bokmåls- og nynorskordboka på nettet].

8

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi9

Fonetikk og fonologi

I fonetikken er ein t.d. interessert i - ei fysisk beskriving av lydproduksjonen i eit språk (artikulatorisk fonetikk)

- korleis ein reint fysisk skapar lydar når ein snakkar (akustisk fonetikk)

- korleis ein reint fysisk oppfattar språklydar gjennom høyrsla (auditiv fonetikk)

Her møter vi fleire fremmendord med endinga -ikk: fonetikk, fonemikk, fysikk, akustikk

Ordboka: endinga -ikk(fransk -ique) eigentleg ei adjektivending frå latin (-icus) og gresk (-ikos),

mest brukt til å danne abstrakte substantiv, t. d. også antikk, politikk.

Innanfor språkvitskapen er det vanlegast å vere oppteken av den såkalla artikulatoriske fonetikken, dvs. korleis ein lagar språklydar med taleorgana.

9

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi10

Fonetikk og fonologi

I fonologien ser ein så korleis språklydane inngår i eit bestemt system, dvs. ein prøver å studere samanhengen mellom språklydar og andre uttaletrekk i forhold til systematiske kriterium.

Skilnaden mellom fonetikk og fonologi vil då t.d. kunne illustrerast ved å

sjå på skilnaden mellom orda dorsk og torsk.

I fonetikken ville ein vere interessert i den reint fysiske skilnaden mellom d og t,

t.d. korleis og kvar dei blir artikulerte.

I fonologien ville ein fokusere på at desse to relativt like lydane kan inngå i eit nesten identisk lydmønster, men at desse to enkeltlydane er i stand til å skape ord med svært ulik tyding, dvs. meiningsinnhald, og at denne funksjonen er systematisk.

10

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi11

Fonetikk og fonologi

Gjert Christoffersen (i Nordgård, T. (red.) (1998):Innføring i språkvitenskap. Ad Notam Gyldendal. Kap. 3. S. 62/63)har formulert nokre grunnleggjande spørsmål som gjeld fonologien. Han relaterer desse til eit universelt perspektiv (1) og eit snevrare perspektiv som gjeld eitt bestemt språk (2):

Poenget med denne skilnaden er at (1) er fonologien som ein del av allmenn språkvitskap, mens (2) er fonologien knytt til studiet av enkeltspråk. Ein kan ikkje studere språk som eit universelt fenomen utan å vite tilstrekkeleg om enkeltspråk, og ein kan ikkje studere enkeltspråk dersom ein ikkje har generelle teoriar å byggje på.

11

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi12

Fonetikk og fonologi

Fonem og morfem

Fonem = minste tydingsskiljande språklyd. Skilnaden mellom lydane/d/ (stemd) og /t/(ustemd) i orda dorsk og torsk. Lydsekvensane (lydmønstra) er i utgangspunktet heilt like bortsett frå den første lyden i lydsekvensen.

(Det kan her nemnast at situasjonen kan vere litt meir komplisert når orda førekjem i einnaturleg kontekst. Det er t.d. ikkje sikkert at skiljet ville ha vore så klart dersom lydsekvensen /dorsk/ blei uttalt i ei setning som /jeg har vært dorsk hele dagen/. Når lydane /d/ og /t/ følgjer så tett etter kvarandre, kan dei bli meir like kvarandre, og /d/ kan t.d. bli ustemd og høyrast ut som /t/: /jeg-har-vært-torsk-hele-dagen/.)

Éin bestemt lyd kan gjere at eit lydmønster skifter tyding.

Lars Anders Kulbrandstad presiserer i pensumboka den tradisjonelle definisjonen av fonem litt og seier at fonem er ei abstrakt lydeining som består av konkrete lydar som ikkje har ordskiljande funksjon i forhold til kvarandre, men som har ordskiljande funksjon i forhold til lydar i andre fonem.

12

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi13

Fonetikk og fonologi

Å bruke skriftspråket for å snakke om lydar kan gjere det heile litt uoversiktleg.

I dømet ovanfor er det lydane /d/ og /t/, dvs. den stemde versus den "ustemde alveolare lukkelyden”, som utgjer skilnaden mellom lydsekvensane/dorsk/ og /torsk/, og som dermed får status som fonem.

Men bokstavane deller t har ikkje noka eiga meining i norsk (standard) skriftspråk utanom at dei refererer til nettopp bokstavar i ei bokstavrekkje (alfabet), som igjen er meint å referere til ulike språklydar. (Vi ser då bort frå at desse bokstavane kan stå for heile ord i t.d. SMS-språk).

I morfologisk analyse er eit morfem ikkje det minste tydingsskiljande elementet, men den minste tydingsberande eininga i eit ord. I denne samanhengen er både dorsk og torsk morfem, sidan dei ikkje kan delast opp i mindre einingar med eigne tydingar, som t.d. "torskefiske", som består av to morfem: torsk (+e) og fiske. Men dette høyrer til morfologien, som vi skal komme tilbake til etter at vi har jobba med fonologien.

13

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi14

Fonetikk og fonologi

Eit morfem er altså den minste tydingsberande eininga i eit ord.

Vanlegvis kan eit morfem delast opp i fonem, som då refererer til uttalen av ordet eller enkeltlydane som konstituerer sjølve lydmønsteret som ordet representerer.

Fonem er abstrakte storleikar, og vi definerer dei som dei lydane som kan ha ein tydingsskiljande funksjon.

Det at fonem er abstrakte storleikar, kan ein t.d. illustrere ved å vise til dialektale uttalevariantar.

I norsk har ein jo bl.a. fleire moglege måtar å uttale /r/ på, der ein har den mest markante skilnaden mellom såkalla 'rulle-r' og 'skarre-r', som fonetisk sett er ulike lydar, men som ikkje har nokon tydingsskiljande funksjon i norsk.

Rulle-r og skarre-r er altså ikkje fonem i norsk, mens /d/ og /t/ er det, fordi desse lydane i dei fleste tilfella endrar tydinga til eit lydmønster (i partisippformene 'send' (nynorsk) vs. 'sent' (bokmål) skjer det t.d. ikkje nødvendigvis ei tydingsendring).

14

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi15

Fonetikk og fonologi

Det er nå lett å tru at vi lett kanskje skilje mellom lydar som ein finn direkte representasjon av i skriftspråket.

Når det gjeld /d/ og /t/, vil det jo som regel stemme i norsk, sidan norsk er eit relativt ortofont språk, dvs. eit språk der ein i relativt stor grad kan uttale orda slik som dei er skrivne (samanlikna med t.d. engelsk, som etter kvart har blitt eit mindre ortofont språk).

Ordet orto kjenner vi då igjen frå ortografi, dvs. det skrivne ord, og -fon(t) frå 'lyd'.

/s/ og /j/ kan vere fonem (t.d. det minimale ordparet/sa/ vs. /ja/),

men også -sj-eller -skj-eller -sk-framføre høge, fremre vokalar kan representere eit fonem, som i lydskrift ville blitt representert av eit anna teikn.

Så det er ikkje alltid slik at eitt fonem svarar til éin bokstav, eller éin bokstav svarar til eitt fonem (det siste meir enn det første).

kjøre og skjøre kan få same uttale, dvs. fonemskilnaden forsvinn, og tydinga kan berre tolkast ut ifrå konteksten, dvs. samanhengen

(men korleis er det t.d. med: "det er skjøre bilar" vs. "det er kjørebilar"?

15

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi16

Fonetikk og fonologi

Ulike språk kan ha eit varierande tal fonem.

I engelsk er t.d. /s/ og /z/ eigne fonem (t.d. /seal/ 1.'sel'/2.'segl' vs. /zeal/ 'iver'), mens vi ikkje har /z/ som fonem i norsk i det heile.

Ifølgje Rolf Theil Endresen i Innføring i lingvistikk s. 212

har språket rotokas i Papua Ny-Guinea berre 11 fonem,

mens språket !kung i Nambia og Angola har 141 fonem.

Mest vanleg er det å ha mellom 20 og 35 fonem.

Talet på fonem kan også variere mellom ulike dialektar.

Mange norske dialektar har 18 vokalfonem (9 korte og 9 lange),

mens talet på konsonantar varierer frå 17 (dialektar på Sørlandet)

til rundt 30 (dialektar i Nordland).

Søraustlandsk har 23 konsonantfonem.

16

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi17

Fonetikk og fonologi

No veit vi altså om fonem, som er ordskiljande lydeiningar,

og desse lydane kan kombinerast til stavingar og ord.

Fremmendordet for dette er fonotaks, som tyder 'lydordning'.

Dei fleste har høyrt ordet syntaks før,

som handlar om ordninga/rekkjefølgja av ord i ei setning eller ein frase med ord.

Elles kan ein òg studere dei meir musikalske sidene ved uttalen,

dvs. t.d. rytme og tonegang.

Den delen av fonologien kallar ein prosodi, som tyder 'med song'.

17

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi18

Fonetikk og fonologi

Talaorgana

Ein kan sjå figurar og lese meir om taleapparatet på nettsidene til Jorun Høier Kjølaas.I pensumboka (Kulbrandstad, s. 37) er det lungene, luftrøyret, svelget, munnen og nasehola som blir rekna til taleorgana, og det er tretten stader i hovudregionen som er mest relevante når ein studerer språklydane:

18

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi19

Fonetikk og fonologi

19

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi20

Fonetikk og fonologi

20

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi21

Fonetikk og fonologi

Dei latinske namna er med fordi dei kjem igjen som

fremmendord i faguttrykka vi bruker.

Eit praktisk-pedagogisk plan og på eit meir teoretisk og vitskapleg plan.

Når vi snakkar om inndelinga av konsonantane, vil vi t.d. kunne bruke:

labialar om leppelydar,

labio-dentalar om leppe-tannlydar,

dentalar/alveolarar om tannlydar/gomlydar,

retrofleksar om bakgomlydar,

palatalar om hardganelydar,

velarar om blautganelydar,

uvularar om drøvellydar og

glottalar om strupehovudlydar.

21

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi22

Fonetikk og fonologi

Når vi ser på den reint fysiske delen av korleis ein produserer språklydar, er det slik at ein pressar luft ut av lungene, som så går opp gjennom luftrøyret og deretter ut gjennom munnen og/eller nasen. For at det skal bli lyd, må lufta setjast i svingningar på ein eller annan måte.

22

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi23

Fonetikk og fonologi

Dersom stemmebanda, som sit i strupehovudet, blir aktiverte og vibrerer når vi lagar lyd, er lyden stemd.

Dersom lyden blir laga utan at stemmebanda vibrerer, er det ein ustemd lyd.

Distinksjonen/skilnaden mellom stemd og ustemd er svært sentral i kategoriseringa av språklydane i norsk.

Ofte kan ein finne merkelappen +/- stemd, dvs. spørsmålet er om trekket (eng. 'feature') stemd er til stades eller ikkje. Ein finn ofte slike dikotomiar (+/i) i lingvistikken. [Bokmålsordboka/Nynorskordboka: dikotomi' m1 (frå gr av dikha 'i to delar' og tomes 'snitt') 1filos: oppdeling i to grupper som vanlegvis strir mot kvarandre; todeling; omgrepsmotsetning d-en sann — falsk. 2 bot.: tvigreining, gaffelgreining]. Éin måte å finne ut på om ein lyd er stemd, er rett og slett å leggje fingrane over strupehovudet mens ein uttaler lyden. Då vil ein kjenne om stemmebanda vibrerer. Ein kan også halde for øyra og kjenne etter om det surrar i hovudet når ein lagar ein bestemt lyd.

23

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi24

Fonetikk og fonologi

Distinksjonen +/- stemd er ikkje aktuell for vokalane; dei er per definisjon stemde (under vanleg tale; dvs. ikkje kviskring).

(jf. Bokmålsordboka/Nynorskordboka: I voka'l m1 (lat. substantivering av vocalis (littera) 'klangfull (bokstav)' av vox 'røyst') stemd språklyd som ein lagar med artikulasjonsorgana når ein lèt luft strøyme meir el. mindre fritt ut gjennom munnen; sjølvlyd, mots konsonant / halvv- / vokalane våre er a, e, i, o, u, y, æ, ø og å / låge, høge v-ar / korte, lange v-ar. II voka'l a1 (lat. vocalis, sjå *I vokal) som gjeld bruken av (song)røyst; som blir sungen el. kan syngjast ei malmfull røyst bar over dei v-e vanskane / v- og instrumental musikk.)

24

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi25

Fonetikk og fonologi

Som vi har sett før, er distinksjonen +/i stemd det som bl.a. skil lydane/d/ og /t/ frå kvarandre (/dorsk/ vs. /torsk/); det gjeld også for/b/ og /p/(/bil/ vs. /pil/) og /g/ og /k/ (/gasse/ vs. /kasse/), som er dei tre mest typiske konsonantpara vi kan nemne her utan å måtte trekkje inn IPA-alfabetet allereie no.

Desse tre konsonantpara blir artikulerte på meir eller mindre same måte og på same stad i munnhola, men blir skilde frå kvarandre gjennom trekket +/i stemd.

25

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi26

Fonetikk og fonologi

Når luftstraumen kjem frå lungene, er det den blaute ganen (velum) som ein kan styre lufta med slik at ho strøymer ut gjennom munnen eller nasen eller begge opningane.

Den blaute ganen (ganeseglet) kan hevast mot svelgveggen og på den måten stengje passasjen gjennom nasen.

Lufta vil då berre sleppe ut gjennom munnen, og vi får såkalla orale lydar.

Ordet 'oral' kjenner vi som fremmendord i norsk for alt som har med munnen å gjere.

26

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi27

Fonetikk og fonologi

Dersom munnen blir lukka ved at ganeseglet blir senka,

og lufta strøymer ut gjennom nasen, får ein såkalla nasale lydar.

Ordet 'nasal' har vi også som fremmendord i norsk, og ein treng ikkje mykje fantasi for å skjønne at det refererer til ting som har med nasen å gjere.

27

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi28

Fonetikk og fonologi

For nokre konsonantar er altså trekket +/- stemd eit viktig skilje,

mens det blant vokalane i norsk finst lydar som kan skiljast gjennom trekket +/- runda.

Dette trekket refererer til leppestillinga.

Dersom leppene er skotne fram og dannar ei oval runding når ein uttalar ein bestemt vokal, blir det ein såkalla runda lyd.

Er ikkje leppene skotne fram og ein har berre ei avlang opning, får ein einurunda lyd.

Det som skil lydane /y/og /i/ i norsk, er først og fremst trekket +/- runda. Det same gjeld for /ø/ og /e/.

28

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi29

Fonetikk og fonologi

Det finst altså ulike kriterium ein bruker for å klassifisere språklydane,

og ein legg til grunn artikulasjonsmåten(t.d. minimalt innsnevra luftpassasje for vokalar og delvis svært stor innsnevring og total lukking for konsonantar) og artikulasjonsstaden, dvs. kvar i munnhola luftstraumen møter den trongaste passasjen.

Ordet 'artikulere' tyda opphavleg å dele opp i ledd (jf. Bokmålsordboka/Nynorskordboka: artikule're v2 (lat. articulareeigl 'leddele'; smh med *artikkel) forme språklyd; uttale språklyd (slik el. slik) "d" og "t" blir artikulerte med tungespissen mot framtennene / hallomannen a-r tydeleg /overf: a- seg uttrykkje seg; gje uttrykk for det ein meiner / dei var flinke til å a- seg).

Vi kjem tilbake til dei ulike trekka ein bruker i klassifiseringa av vokalar og konsonantar.

29

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi30

Fonetikk og fonologi

Lydeiningar og lydvariantar (pensumboka s. 38ff.)

I utgangspunktet er det utruleg mange lydar vi potensielt sett ville vere i stand til å lage ved hjelp av taleorgana våre, og når ein ser/høyrer på små ungar, er det lett å leggje merke til at dei utforskar moglegheitene og prøver ut mange ulike lydar som vi på eit seinare tidspunkt ikkje nødvendigvis reknar med til språklydane våre.

Men etter kvart blir ein sosialisert inn i ein språkkultur rundt seg, dvs. at eitt språk (eller ev. nokre få språk) med eit bestemt sett av lydar festar seg i oss. Og jo eldre ein blir, dess vanskelegare blir det for dei fleste av oss å meistre uvande språklydar i fremmende språk. Språk frå fjerne strok som ikkje har noko slektskap med norsk/germansk eller eventuelt romanske språk, vil vi også gjerne oppfatte som ein "graut" av lyd som vi ikkje kjenner oss i stand til å finne eit system i.

30

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi31

Fonetikk og fonologi

Kvart språk består av eit svært avgrensa tal av moglege språklydar.

Som vi har nemnt før, har dei fleste av språka i verda berre ca. 20-35 (eller opp til 50) fonem.

Eit fonem er altså den minste tydingsskiljande lydeininga, eller som det i pensumboka er definert litt meir presist, ei abstrakt lydeining som består av konkrete lydar som ikkje har ordskiljande funksjon i forhold til kvarandre, men som har ordskiljande funksjon i forhold til lydar i andre fonem.

Det faktiske talet på språklydar i eit gjeve språk er likevel høgare enn talet på fonem fordi mange av fonema vil kunne ha ulik kvalitet i forhold til omgjevnadene dei førekjem i.

I pensumboka blir dette illustrert ved å vise til uttalen av /k/i t.d. kasse, kåpe, kimono og Kypros.

Dersom ein høyrer og/eller kjenner nøye etter, vil ein finne ut at det er fire ulike lydar, sjølv om dei blir representerte av den same bokstaven frå alfabetet, og vi også seier at det er snakk om berre eitt fonem.

31

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi32

Fonetikk og fonologi

Vi kan prøve å uttale alle orda med dei fire ulike k-variantane, og dei vil ikkje skifte tyding, sjølv om dei kanskje kan få litt fremmend og merkeleg uttale.

Og sidan vi vanlegvis ikkje skriv morsmålet vårt med lydskrift, men bruker det standardiserte latinske alfabetet, er det mest praktisk og økonomisk å la alle k-lydane bli representerte av éin bokstav.

Uttalen vil komme heilt av seg sjølv når lydane blir produserte etter kvarandre i ein naturleg kontekst.

Det same gjeld dømet med g-fonemet i pensumboka: gasse, gås, gissel, gymnastikk.

Ulike lydlege realisasjonar av det same fonemet kallar ein allfonar.

(jf. Bokmålsordboka/Nynorskordboka: allofo'n m1 (av grallos 'annan' og I fon) språkv: fon som er ein variant av eit fonem; språklyd som ikkje er tydingsskiljande rulle-r og skarre-r er a-ar av fonemet r).

Fonem er altså ei abstrakt eining, mens allofonar er dei konkrete lydane, dvs. realisasjonane av fonemet. Det som blir uttalt og som ein kan høyre, er dermed alltid allofonar og ikkje fonem.

32

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi33

Fonetikk og fonologi

Når vi jobbar med fonetikk, har vi behov for praktiske, men også presise måtar å vise til språklydar på. Her finst det jo openbert nokre utfordringar.

Som vi har sett, er det ikkje nødvendig å skrive fire ulike lydar for dei ulike variantane (allofonane) av k- eller g-fonemet.

Når vi kan eit språk godt, vil vi automatisk velje den passande uttalen (noko som også kan bli påverka av regionale og dialektale trekk).

Når vi skriv norsk, held det altså vanlegvis å skrive orda nesten som vi ville ha skrive dei med vanleg skrift.

Men vi set orda då mellom skråstrekar for å vise at vi markerer fonema utan omsyn til moglege uttalevariasjonar, t.d. /fonem/.

33

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi34

Fonetikk og fonologi

Men for å vere meir presis og kunne bruke lydskrift meir generelt om lydar i ulike språk, og for at ein skal kunne lese og uttale lydar frå andre språk som ein eventuelt ikkje kjenner, har ein utvikla eit internasjonalt lydskriftalfabet (IPA).

For å markere at ein skriv den konkrete uttalen av ein lyd eller eit lydmønster,

set ein teikna i hakeparentes. [ ]

I tillegg har dei ulike teikna ein meir presis referanse til ulike lydar som er uavhengig av objektspråket (sjølv om ein ofte vil kjenne igjen teikn intuitivt fordi dei svarer til latinske bokstavar).

Men i ordet /fonem/ vil ein sjå ein tydeleg skilnad mellom norsk uttale og representasjonen gjennom IPA-teikn: [fune:m].

Sidan nokre av vokalane har utvikla seg litt annleis i norsk enn lenger sør i Europa (dei har forskove seg litt), korresponderer dei ikkje lenger til "normaluttalen" i t.d. Danmark eller Tyskland. "Normaluttalen" av bokstaven /o/ i norsk blir derfor representert av [u] i IPA-alfabetet.

Men /o/ kan også ha "kontinental" uttale i andre samanhengar i norsk, t.d. skilnaden mellom koste (feie) og koste (ha ein viss pris).

34

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi35

Fonetikk og fonologi

Hovudinndeling av lydar (pensumboka s. 42 ff.)

Dei fleste kjenner til termane vokalar og konsonantar.

Dei blir brukte for å dele språklydane i to hovudgrupper.

På norsk vil ein også kunne seie sjølvlydar og medlydar, sjølv om desse nemningane kanskje ikkje er så vanlege sidan dei andre termane er så godt etablerte.

Men det kan vere eit poeng å bruke desse termane i ein pedagogisk samanheng, sidan dei viser til den viktigaste skilnaden mellom desse lydtypane:

sjølvlydar kan danne stavingar åleine, mens medlydar som regel ikkje kan danne stavingar åleine; dei treng ein vokal å lyde saman med.

Dette ser (høyrer) ein jo allereie når ein skal lære alfabetet som barn:

a, be, ce, de, e, ef, ge, hå, i, je, kå, el, em, en, o, peosv.

35

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi36

Fonetikk og fonologi

Men det er ikkje den "offisielle" måten vi skil vokalar og konsonantar på.

Som vi har sagt før, er det artikulasjonsmåten som blir brukt som hovudinndeling.

Når vi artikulerer vokalar, får lufta strøyme meir eller mindre fritt gjennom dei øvre taleorgana, mens lufta blir hindra delvis eller i større grad til fullt stengsel når vi artikulerer konsonantar.

I tillegg til vokalar og konsonantar har vi også diftongar eller tvilydar

[Bokmålsordboka/Nynorskordboka:difton'g m1 (frå gr; av I *di- og grphtongos 'lyd') samband av to vokalar (el. ein vokal og ein halvvokal) i same staving; tvilyd, til skilnad frå monoftong / d-ane au, ei og øy]. Det er eigentleg ei form form for (glidande) vokallydar, men ein puttar dei gjerne i ein eigen kategori. [Bokmålsordboka/Nynorskordboka:monofton'g m1 (av grphthongos 'lyd') einskildvokal; mots diftong].

36

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi37

Fonetikk og fonologi

Vokalar(pensumboka s. 42 ff.)

Det kan vere greitt å starte med vokalane sidan det finst færre vokalar enn konsonantar, og det er også litt lettare å setje dei opp i eit abstrakt system.

Det er vanleg å illustrere fordelinga av vokalane vha. den såkalla vokalfirkanten (sjå s. 43 i pensumboka):

fremre sentral bakre

trong/høg

midtre

open/låg

37

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi38

Fonetikk og fonologi

Med litt fantasi er det ikkjevanskeleg å førestille seg at denne firkanten kan representere munnhola, der den øvre delen av firkanten er ganen, og den nedre linja er tunga. Den venstre sida er den fremre delen av munnhola, mens den høgre sida er den bakre delen. Det er litt vanskelegare å kjenne etter kvar den enkelte vokalen blir artikulert. Det er litt lettare med konsonantane, sidan tunga har ei meir aktiv og tydeleg rolle i artikulasjonen av konsonantar. Vokalteikna blir plasserte i vokalfirkanten der ein kan seie det er minst avstand mellom tunga og ganen under uttalen av dei enkelte lydane.

fremre sentral bakre

trong/høg

midtre

open/låg

38

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi39

Fonetikk og fonologi

Dei vokalane vi skal fordele i denne firkanten når vi jobbar med norsk standardtalemål, er a, e, i, o, u, y, æ, ø, å, dvs. ni vokalar i alt.

Når vi skriv dei i vokalfirkanten, bruker vi IPA-teikna,

og då er vi litt "handikappa" i forhold til mange andre europeiske språk fordi nokre av dei norske alfabetbokstavane i mange tilfelle ikkje svarar direkte til IPA-teikna.

Det har å gjere med ei forskyving av lydkvaliteten til nokre av vokalane, som skjedde i norsk og svensk, men som stort sett ikkje skjedde i dei andre germanske språk. Så dette må ein berre lære dersom ein skal jobbe med lydskrift.

Bokstaven /o/ svarer normalt til IPA-teiknet[u], bokstaven /u/ til [ u ] (u med strek igjennom), og bokstaven /å/ blir representert av [o].

Det er denne vesle differansen som er éi av årsakene til at mange uttaler tyske og engelske ord (eller lydar frå andre språk) feil når dei prøver å lære seg uttalen via ordbøker der uttalen står skriven med IPA-teikn.

39

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi40

Fonetikk og fonologi

Elles er det viktig å være klar over at trekket +/-lang, dvs. vokallengda, er fonemskiljande i norsk.

Det er ein tydingsskilnad mellom ord som /hat/ og /hatt/, dvs. [ha:t] og [hat]. Og sjølv om det i skrift kan sjå ut som om det er konsonantlengda (tt) som utgjer skilnaden, så markerer slike dobbeltkonsonantar i norsk i denne samanhengen faktisk først og fremst vokallengd, og det har dermed ikkje nødvendigvis noko med konsonanten å gjere.

Dobbel konsonant fører som regel til kort vokal, og enkel konsonant tyder vanlegvis lang vokal (jf. også t.d. /lat/ - /latt/, /lek/ - /lekk/, /lit/ - /litt/, /lut/ - /lutt/ - lyt/ - /lytt/, /læt/ - /lætt/, /lød/ - /lødd/, /låt/ - /lått/(når det gjeld /o/, vil den "bokstaven" ofte skifte lydkvalitet og blir då representert av eit anna fonem [u:]>[o], t.d. /rote/ - /rotte/ > [ru:te] - [rot:ә] (omvendt e, trykklett = schwa).

Når ulik vokallengd fører til ulike fonem, og vi har ni vokalar, får vi dermed 18 vokalfonem.

40

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi41

Fonetikk og fonologi

I eit skjematisk oversyn kan ein vise plasseringa av vokalane på følgjande måte:

41

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi42

Fonetikk og fonologi

Det ein kan sjå gjennom eit slikt oversyn, er at vi har mange fremre vokalar i norsk, dvs. vokalar som blir artikulerte langt framme i munnen.

Elles må ein nemne at eit slikt skjematisk syn gjev eit svært idealisert bilete av den faktiske situasjonen.

For det første vil dei ulike fonema kunne ha ulik kvalitet i forhold til dei lydlege omgjevnadene (dvs. ein vil få allofonar),

og for det andre kan det vere geografiske og sosiale skilnader i uttalen.

Det er t.d. ikkje uvanleg at ein bruker lysare variantar av nokre vokalar i høgare sosiale lag enn i andre samfunnsgrupper (dette blir også ofte poengtert i parodiar, tenk t.d. på "Fletfrid" (Fru Fletfrid Andresen frå Øvre Singsaker i Trondheim)).

Elles finst det norske dialektar med færre vokalfonem, og det finst nokre dialektar som kan ha fleire fonem enn dei som er tekne med i oversynet. Men den språklege utviklinga går i ei retning der alle dialektane etter kvart endrar seg meir og meir i retning av det dominerande systemet, bl.a. pga. radio, tv og større mobilitet gjennom jobbskifte og flytting til andre stader av ulike andre årsaker.

42

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi43

Fonetikk og fonologi

Dersom ein har tenkt å jobbe som norsklærar,

og spesielt når det kan vere aktuelt å ha utanlandske elevar i klassen,

eller at ein underviser i norsk for utlendingar,

kan det vere greitt å vite litt om nokre karakteristiske skilnader mellom norsk og andre språk.

I pensumboka på side 45 står det om fire sentrale trekk:

Norsk har relativt mange vokalfonemVi har sett at dei fleste variantane av norsk talemål har atten ulike vokalfonem,

ni lange og ni korte.

Det er meirvanleg å klare seg med eit system med fem vokalfonem: /i/, /e/, /a/, /o/, /u/ (å- og o-lyd).

43

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi44

Fonetikk og fonologi

Norsk har mange fremre vokalarSom det går fram av vokalfirkanten og det skjematiske oversynet,

er det ein relativt sterk konsentrasjon av tronge, fremre vokalar i norsk:

/i:/, /i/, /y:/, /y/, /-u-:/, /-u-/.

Det ser ut til at norsk og svensk er åleine om dette.

Det er spesielt skilnaden mellom /y/ og /-u-/ (i lang og kort versjon)

som kan by på problem for utlendingar som prøver å lære seg norsk.

44

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi45

Fonetikk og fonologi

Norsk har fleire runda vokalar i tillegg til dei urunda vokalaneDet er ikkje så vanleg å ha runda fremre vokalar som ein skulle tru, mens alle språk har urunda fremre vokalar, t.d. /i/ og /e/. Norsk har /y:/, /y/, /ø:/ og /ø:/. Desse lydane vil ofte vere problematiske for utlendingar.

(Det kan vere interessant å lese om dette i Skaug, I. (1996): Norsk språklydlære med øvelser. Cappelen Akademiske Forlag)

45

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@

fonetikk og fonologi46

Fonetikk og fonologi

I norsk er lengda på vokalen eit ordskiljande trekkSom vi har vist før, er det lenga på vokalen som utgjer skilnaden mellom ord som /lat/ og /latt/ eller /lek/ og /lekk/ og liknande ordpar.

Ein kan sjå, dvs. lese, den konsonanten etter vokalen som kort eller lang,

men ein vil ikkje høyre konsonanten som kort eller lang.

Det er altså lengda på vokalen som skil ordpara.

Det er mange språk som har eit slikt system,

men det er faktisk meir vanleg at språk ikkje skil ord pga. lengda på vokalen (t.d. engelsk, fransk, spansk, persisk, urdu, vietnamesisk).

46

2NO34 Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Jens.Haugan hihm.no

@