slide1 n.
Download
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
Om noko er uklart - ta kontakt med oss på telefon 700 58266. PowerPoint Presentation
Download Presentation
Om noko er uklart - ta kontakt med oss på telefon 700 58266.

Loading in 2 Seconds...

play fullscreen
1 / 2

Om noko er uklart - ta kontakt med oss på telefon 700 58266. - PowerPoint PPT Presentation


  • 117 Views
  • Uploaded on

FØLGJE. INFORMASJONSSKRIV TIL MR-UNDERSØKELSE VED VOLDA SJUKEHUS. Du kan ha med følgje dersom du ønskjer det, vær då merksam på at han/ho også må oppfylle kriteria på sjekklista, dersom han/ho skal være med inn på MR-rommet. OPPMØTE.

loader
I am the owner, or an agent authorized to act on behalf of the owner, of the copyrighted work described.
capcha
Download Presentation

PowerPoint Slideshow about 'Om noko er uklart - ta kontakt med oss på telefon 700 58266.' - osric


An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript
slide1

FØLGJE

INFORMASJONSSKRIV TIL MR-UNDERSØKELSE VED VOLDA SJUKEHUS

Du kan ha med følgje dersom du ønskjer det, vær då merksam på at han/ho også må oppfylle kriteria på sjekklista, dersom han/ho skal være med inn på MR-rommet.

OPPMØTE

Møt opp 15 min før timeavtalen din, slik at vi får gått gjennom førebuingar og sjekkliste saman med deg. Dersom du møter seinare enn timeavtalen kan du risikere å tape timen din.

Om noko er uklart - ta kontakt med oss på telefon 700 58266.

Helsing Røntgenavdelinga ved Volda Sjukehus

slide2

KVA ER MR?

KORLEIS FOREGÅR UNDERSØKINGA?

MR står for Magnetisk Resonans. Vi brukar ein kraftig magnet, ein radiosendar, ein radiomottakar og ei datamaskin for å lage bilete av kroppen din. Det er ikkje påvist nokon skadelege effektar ved bruk av MR, men grunna den kraftige magneten og radiobølgene må vi ta enkelte førehandsreglar. Vi må difor be deg om å fylle ut sjekklista du har fått, og ta med denne når du kjem til timeavtalen din.

Du ligg i eit røyrforma apparat (magneten) som er åpen i begge endar. Maskina lagar ein bankelyd når ein tek bileta. Du vil difor få tildelt høyrslevern (øyreproppar eller høyretelefonar). Dersom du ønskjer det, kan du ta med deg eigen musikk, CD eller Mp3-spelar. Vi har eit lite utval av CD’ar i tillegg til radio som vi kan tilby.

Undersøkinga varer mellom 15-60 min, alt etter kva organ eller kroppsdel du skal undersøkje. Det er viktig å ligge stille under heile undersøkinga fordi maskinen er var for rørsler, som kan gi forstyrring i bileta.

Enkelte typar undersøkingar krev bruk av kontrastmiddel, du vil då få eit lite stikk i arma.

FØREBUINGAR

Før undersøkinga vert du beden om å legge frå deg alle lause gjenstandar som høyreapparat, klokke, smykker, mobiltelefon, bankkort osv. i eit låsbart skap. Dersom du skal undersøkjast i hovudet, må du i tillegg fjerne sminke, tannprotese, parykk, piercing og evt. anna metall før du går inn i MR-rommet.

Du kan ikkje undersøkjast dersom du har pacemaker, hjertestarter, eller cochlea-implantat.

Du må ta kontakt med oss dersom:

- Du nokon gong har vore operert og det er sett inn metall i hjarte, hjerne, blodkar, auge eller øyre.

- du har vore utsett for uhell, eller har vore i arbeid, som kan ha forårsaka at du har metallsplintar og liknande i auger eller andre stader i kroppen.

- du er gravid.

Det vil då i kvart enkelt tilfelle bli vurdert om undersøkinga kan utførast.

HAR DU KLAUSTROFOBI?

Mange er urolige for å ligge i MR-maskinen, men dei aller fleste klarer dette fint, sjølv om dei har litt klaustrofobi. Ring eller ta kontakt dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.