1 / 18

Kva er ” Trygt heim for ein 50-lapp”?

Kva er ” Trygt heim for ein 50-lapp”?. ”Trygt heim for ein 50-lapp” er eit tiltak for å få ungdomen trygt heim frå arrangement laurdag kveld/natt. Natt til søndag vert det sett opp taxiar, maxi, taxiar og rutebussar frå ulike byar/tettstadar i Sogn og Fjordane. Evalueringa.

otylia
Download Presentation

Kva er ” Trygt heim for ein 50-lapp”?

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Kva er ” Trygt heim for ein 50-lapp”? ”Trygt heim for ein 50-lapp” er eit tiltak for å få ungdomen trygt heim frå arrangement laurdag kveld/natt. Natt til søndag vert det sett opp taxiar, maxi, taxiar og rutebussar frå ulike byar/tettstadar i Sogn og Fjordane.

  2. Evalueringa • Trafikktryggingsutvalet ynskte å evaluera prosjektet ”Trygt heim for ein 50-lapp”. • Vegdirektoratet og Statens Vegvesen sitt regionkontor på Leikanger tok på seg kostnadane med evaluering av prosjektet. • Evalueringa gjeld frå oppstart 2002 t.o.m. 2004. Utført av Transportøkonomisk institutt (TØI).

  3. Målet er: • Å redusera helgeulukker i trafikken ved å tilrettelegga for bruk av kollektivtransport til å koma seg heim natt til søndag, framfor att dei sjølve køyrer eller sit på med andre. • Målgruppa er 16 – 24 år, men gjeld for alle • Kostnader for ungdom kr 50, -.

  4. Evalueringa • Er delt opp i to delundersøkingar • Del 1 hadde til føremål å sjå om det har skjedd ein reduksjon i tal skadde og drepne i trafikken som følgje av tiltaket.

  5. Evalueringa • Del 2 er basert på ei spørjeundersøking gjennomført blant brukarane av ”Trygt heim...” i fylket. Ser på om fleire nyttar tilbodet framfor å køyre eller sitje på i bil. Kva må til for å få fleire til å nytta tilbodet ? • Del 2 kjem i løpet av november 2005

  6. Samandrag del 1 • TØI har vurdert effekten ”Trygt heim. .” har hatt på tal skadde og drepne i tidsrommet laurdag kveld frå kl 20.00 t.o.m. natt til søndag kl 06.00. • Bakgrunnen for å inkludera tal skadde og drepne på laurdagskveldane er at tilbodet ”Trygt heim...” også kan påverke reisemønsteret på laurdagskveldane.

  7. Verknaden av ”Trygt heim…” er rekna ut for to grupper: • Aldersgruppa 16-30 år og • Alle aldersgrupper Alle trafikantgrupper er sett på samla

  8. Verknaden av ”Trygt heim…” : • Ei før -og etterundersøking vart utført der tal skadde og drepne i perioden laurdag kl 20.00 t.o.m. søndag kl 06.00 i Sogn og Fjordane er samanlikna med utviklinga i alle andre fylke i Norge til saman.

  9. Verknaden av ”Trygt heim...”: • Tal skadde og drepne i Sogn og Fjordane er også samanlikna med kvart av dei 18 andre fylka i landet. • Analysen fangar opp den systematiske variasjonen i tal skadde som kan tilskrivast andre moglege årsaksfaktorar, som folketal, tal ungdom i fylke, trafikkarbeid, trafikktettleik og årleg trend.

  10. Kjem me ”Trygt heim…” ? Dei ulike analysane viser ein nedgang på 22 til 30prosent i tal skadde og drepne i aldersgruppa 16-30 år i den perioden tilbodet ”Trygt heim for ein 50-lapp” har vore tilbydd.

  11. Men…. • Reduksjonen i skadetalet er ikkje stor nok til å vera statistisk truverdig • For at ei slik endring skal vera statistisk truverdig, måtte det i dette tilfellet ha vore ein reduksjon i tal skadde og drepne på om lag 40-50 %

  12. Fleire høve som talar for ”Trygt heim…” • Alle dei ulike analysemodellane gjev same konklusjon, også dei best kontrollerte analysane (dvs. ein nedgang i tal skadde og drepne ungdomar på 22 til 30 %). • Skadetala er ikkje unormalt høge i før-perioden.

  13. Fleire høve som talar for ”Trygt heim…” • Reduksjonen i tal skadde og drepne i Sogn og Fjordane er større i tida ”Trygt heim…” er nytta, enn på andre tidspunkt i perioden 2002-2004. • Reduksjonen i tal skadde og drepne er størst blant målgruppa for tiltaket (dvs. ungdom under 30 år).

  14. Fleire høve som talar for ”Trygt heim...” • Spørjeundersøkinga viser at mange svarar at dei vil nytte tilbodet ”Trygt heim...” i staden for sjølve å køyre bil eller å sitje på med andre. Dette er ein føresetnad for det skal vere eit årsak-verknadsforhold mellom ”Trygt heim…” og ein reduksjon i skadetala.

  15. Nytten av tiltaket Den samfunnsøkonomiske nytten ved tiltaket er 4,4 gonger større enn kostnaden. Dette er basert på at tiltaket gjev ein nedgang på 22 % i skadetala for aldersgruppa 16-30 år. Kostnadseffekten av tiltaket er estimert til å være 11 millionar kroner.

  16. ”Trygt heim...” bør vidareførast • Tiltaket bør vidareførast, og nye analysar bør gjennomførast på nytt om nokre år. • Eit anna argument for å vidareføre tiltaket er at det er eit relativt rimeleg tiltak samanlikna med andre trafikktryggings-tiltak.

  17. ”Trygt heim...” bør vidareførast • Det skal små reduksjonar i skadetala til før tiltaket blir samfunnsøkonomisk lønsamt. • Fleire av ungdomane seier at dei vil setja att bilen på laurdagskveldane som følgje av ”Trygt heim...”.

  18. ”Trygt heim...” bør vidareførast • Når persontransport vert overført frå personbil til kollektive transportmiddel, er ein reduksjon i skadetala venta.

More Related