h yanger i endring foto fr h yanger verk l.
Download
Skip this Video
Download Presentation
Høyanger i endring – foto frå Høyanger verk

Loading in 2 Seconds...

play fullscreen
1 / 44

Høyanger i endring – foto frå Høyanger verk - PowerPoint PPT Presentation


  • 509 Views
  • Uploaded on

Høyanger i endring – foto frå Høyanger verk. Høyanger Eldresenter 02.04.08. Høyanger i endring. Eit samarbeidsprosjekt mellom Høyanger kommune, Høyanger Næringsutvikling og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

loader
I am the owner, or an agent authorized to act on behalf of the owner, of the copyrighted work described.
capcha
Download Presentation

PowerPoint Slideshow about 'Høyanger i endring – foto frå Høyanger verk' - galen


Download Now An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript
h yanger i endring
Høyanger i endring
  • Eit samarbeidsprosjekt mellom Høyanger kommune, Høyanger Næringsutvikling og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  • Sentralt i prosjektet står innsamling av informasjon til kring 7500 bilete frå Høyanger verk.
h yanger i endring3
Høyanger i endring
  • Innsatsen til frivillige informantar og registratorar er avgjerande for å lukkast!
  • Me takkar for innsatsen så langt, og vonar at fleire vil engasjere seg i dette viktige arbeidet.
slide4

SFFf-1993360.129314: "1884 2/8-34". Biletet viser Høyanger sett frå Håland. I mellomkrigstida var Høyanger den største tettstaden i Sogn. Høyanger var ein etter den tid moderne industristad. Sentralt i biletet ser ein to skulebygningar og idrettsplassen. Legg spesielt merke til den næraste skulebygningen rett ovanfor idrettsplassen, denne er halvparten av slik den såg ut når den stod stod ferdig rett etter krigen. Det første byggetrinnet kom i 1932. I 1934 fekk staden vegutløysing til nabobygda ut fjorden til Kyrkjebø. Ein ser klart spor etter den nye vegen som går langs fjorden.

slide5

SFFf-1994100.111797: Biletet viser Storgata 2 lengst framme i biletet, som er teke før sjukehuset vart bygd. Bilete er teke frå kontorbygningen til verket. Området "Parken" er i dag freda. Ein vakker vinterdag i Høyanger.

slide6

SFFf-1993360.128579: "1079. 2/6-27 annonce søile". Biletet syner annonsesøyla på Kloumanns plass i høgre biletkant. Søyla vart vanlegvis omtala som "svingenskiva". Namnet kjem av at det tidlegare var ei svingskive her i vegkrysset. Midt på biletet ser me kiosken. Kiosken på biletet er det andre kioskbygget på staden. Kioskbygget på biletet vart ståande til ut på 1950-talet. På 1950-talet fekk nemleg Anna Hjetland bygd seg ein ny kiosk. Kiosken vart laga av Svein Hønsi. Seinare vart også denne kioskbygningen skifta ut i samband med at Bergens Tidende overtok som eigarar.

slide7

SFFf-1993360.129791: "2323 AUG. 1939 GATE 28 EGNE HJEM" I front ser vi Ola Jordanger sitt hus. Frå venstre ser vi "Buicken" til Magnus Torvund, bilen står utanfor huset til Torvund, bak huset til Torvund ser vi huset til Karl Kjønås. På Haugen bak ser vi huset til Andreas Hauge. Sentralt i biletet ser vi Folkets Hus. Til høgre oppå den høge muren er huset til Willesvik.

slide8

SFFf-1993360.128474: "Juni 1924. 664" (Dateringa med juni er tvilsom. Snøen ligg framleis langt nedover lia, og lauet har ikkje sprotte ut på trea enda. Truleg er biletet teke på våren 1924). Dette er "Buuehuset", og er det første Egne Hjem huset som vart bygd i Høyanger. Det var "Poraten"som bygde huset.

slide9

SFFf-1993360.128670: "1191 9/3-28 Midthjell`s hus - Øren`s tomt". Frå bygginga av Johan Øren sin butikk i Høyanger sentrum. NACO-fotograf Eugen Nordahl-Olsen kontrollerte kvar veke at Johan Øren bygde etter teikningar godkjent av NACO. På biletet ser vi at utgravinga av tomta er i gang. Bygginga starta 01.03.1928 og butikken opna 11.11.1928. Bak i midten ser ein Midthjell sitt bygg som er nesten ferdig. Til høgre ligg Eides Hotel.

slide10

SFFf-1993360.129375: "1916. 7/11-36 UNGKARSBOLIG". Eit arbeidslag er i ferd med å støype dekke på første etagen på den framtidige Unkarsboligen på Sæbøtangen i Høyanger.

(1) Ukjent , (2) Ukjent , (3) Ukjent , (4) Ola Norevik , (5) Åsmund Norevik , (6) Ukjent , (7) Kirsten Sæbø , (8) ukjent Sæbø , (9) Håkon Vattekar , (10) Gulbrand Mølmesdal , (11) Martin Mossestad

slide11

SFFf-1993360.130152: Henry Sviggum ("Suen") sit i stova og studerer avis-blad og høyrer på radioen - ein sølvsuper 4. Sviggum var ein av fleire yngre NACO-tilsette med familie, som i startfasen budde i bygningen som i dag (2008) er eldresenter.

slide12

SFFf-1993360.128601"24/6 -27". Bilete er teke etter ein brann jonsokafta 1927. To gutar som budde i nabohuset omkom i brannen. Den eine guten var Hilmar Steien.

slide13

SFFf-1993360.130413: Frakt av melkespann i "Myggbukta" innanfor stølen i Eiriksdalen. Kona til Hjelmeland på bilete var budeie på Stølen til Olai Dale i Eiriksdalen. På biletet ser vi mjølketransport til anlegga i øvre- og nedre Gryvlebotnen. Frå stølen rodde ein over Høgsvatnet ned til taubana med melka i melkekagger som borna og dei som var på stølen kunne bere på ryggen. Ved trallebana vart melka tømt over i spanna som vi ser på bilete. Olai Dale hadde stølsdrift i Eiriksdalsstølen fram til 1960, og vegen på bilete kom i 1957.

slide14

SFFf-1994100.139193: Ein personbil har stoppa på Leitetoppen på garden Håland, dei to personane på biletet lyt til å nyte den gode utsikta innover fjorden. Staden som er avbilda var ein fast møteplass for folk på Kyrkjebø, der dei sette seg til på steinane for å slå av ein prat.

slide15

SFFf-1994100.131217: Familien Hallingstad i hagen i Villabyen. Frå venstre: Gudrun Hallingstad, Kirsten Hallingstad, ? Hallingstad og Harald Hallingstad.

slide16

SFFf-1994100.121021: Familiane Saanum og Nilsen frå Høyanger. Frå venstre: Alf Saanum, Anton Saanum, Mathilde Saanum, Alfred Nilsen, Turid Nilsen og Randi Nilsen.

slide17

SFFf-1994100.111749: Eit tysk turistskip ligg ute på Høyangerfjorden ein fin sommardag på 1930-talet. Fleire folk er samla på kommunekaia og får med seg dette synet. Ombord i skipet var truleg tyske arbeidarar og andre som var sendt på cruise til Noreg via den nazistiske fritidsorganisasjonen "Kraft durch Freüde”, (kraft gjennom glede), som ei løn for den innsatsen dei hadde gjort for det tyske riket. Til Noreg kom dei helst til Hardanger og Sognefjorden. Passasjerane var ombord på båtane heile tida og var aldri i land. Inn til Høyanger kom det fleire slike skip som var ein snartur innom og snudde på fjorden.

slide18

SFFf-1993360.129693: "2225 9/11-38 NY AL. FABR. STØPN. AV FUNDM." I frå om lag oktober 1938 til mars 1939 bygde NACO ein ny aluminiumsfabrikk på fabrikktomta i Høyanger - eit bygg som seinare vart nemnd som Serie B. På biletet ser vi arbeid pågår med støyping av fundament eller golvet i det som etterkvart skal bli eit lokale for aluminiumsproduksjon.

slide19

SFFf-1993360.129652: "2184 3/10-38 NY AL. F. FUNDAM. ØSTRE GAVL." I frå om lag oktober 1938 til mars 1939 bygde NACO ein ny aluminiumsfabrikk på fabrikktomta i Høyanger - eit bygg som seinare vart nemnd som Serie B. På biletet ser vi at støypearbeidet med fundamentet til austre gavl er i gang.

slide20

SFFf-1993360.129299: "1839 - 25/11-33 Støperi, støpning av ingots". Biletet syner utstøyping av aluminium i ingotformer. Metallet er på førehand klargjort, og eventuelt legert, i ein støypeomn. Ingots, på biletet ca. 25 kilo pr. ingot, vart seld til omsmelting i fabrikkar, t.d. i Holmestrand, der det t.d. vart støypt ut i kokiller til endeleg form.

slide21

SFFf-1993360.130299: Biletet er frå Høyanger verk, støyperiet, omn C, 12 tonn, omforing med ildfast stein. Her skal det murast ny støypeomn. Framme frå venstre: Charles Litzheim og Olaf? Mossestad. Bak står Sjur Valsvik, Ole Tang og Martin Mossestad.

slide22

SFFf-1993360.129764: "2296 NYTT. LAB. INNR RUM NR. 18" Biletet viser innreiinga og nokre av dei tilsette ved det nye laboratoriet ved NACo. Laboratoriet var viktig for å overvake drifta på fabrikken. Det som føregår her er reinleikskontroll av virginaluminium og -legeringar. Prøver blei tatt av kvar omn før tapping kvar tredje dag for å få rett kvalitet på blandinga. Det vart også teke prøver i Støyperiet før utstøyping. (1) Arne Steingildra , (2) Anders Berge , (3) Tomas Espe , (4) Knut Wormsen , (5) Hjalmar Forsberg , (6) Gunnar Rørvik

slide23

SFFf-1994100.131295: Ei gruppe frå Mekanisk Verkstad fotograferte på sjøsida av verkstaden. I bakgrunnen elektrolysehallen Serie A. Frå venstre: Peder Pedersen, Lars (Andersen) Bjørkli, Adolf Larsen, Harry Johannessen(?), Arnulf(?) Crovo, Magnus Gudvangen, Trygve Norgren, (?) Selgren(?), Herulf Vågen, Konrad Larsen(?), Anders Berge(?), Erling Aven, Rudolf Behringer, Trygve Lende, Rasmus Veum(?), Knut Sollid, (?) Walgren(?), Anders Knutsen, (?) Folke Petterson, Jacob Olsen, Birger Johansen, Jan Haugen

slide24

SFFf-1994100.131342: Kraftstasjon I på Høyanger verk. Biletet viser førebuingar til såkalla teltblåsing av ein likestrømsgenerator. For å fjerne støv frå viklingane, (dette var hovudsakleg kolstøv frå børstane) vart generatoren pressluftblåst samtidig som støvet vart fjerna med avtrekksvifte. Personane på biletet er ikkje identifiserte.

slide25

SFFf-1994100.131978: "6/9-35" Fire karar er i gang med å reparere ein statorvikling til ein vekselstraumgenerator på Kraftstasjon I. Trygve Sæbø, som sit som nr. 3 frå venstre (med slips), var tilsett som maskinist ved kraftstasjonen. Han var rekna for funksjonær. Dermed var slipset ein del av det daglege antrekket. Dei to på ytterkantane er truleg smørarar, og har vanlege arbeidsklede.

slide26

SFFf-1994100.140153: "15/8-25". Vi ser den sokalla "vinkelbukken" på taubana mellom verksområdet og Hjetlandsbassenget. Her måtte bana gjera ein sving. Det er ein kraftig bukk med gode bardunar. Nedanfor ligg Høyangerfjorden.

slide27

SFFf-1994100.140009: "NEDRE BREIDALSDAM 30. 8. 24.". Av ein eller annan grunn blir anleggsfolka fotograferte oppe på forskalinga til dammen i Nedre Breidalen. Til høgre ser vi ei krane med påspikra trappetrinn for å komme til blokka på toppen. I dag måtte nok stigen sett litt annleis ut.

slide28

SFFf-1994100.139990:Dam Grimsosen. Det er ein lekkasje på dammen som vert kontrollert av dei tre arbeidarane.

slide29

SFFf-1994100.136674: 1. mai toget i Høyanger 1936. Heilt frå industrireisinga kom til Høyanger i 1916 har 1. mai vore feira på staden. Det var tradisjonelt arbeidarane og deira familiar som markerte denne dagen. Høyanger var i mellomkrigstida eit sterkt klassedelt samfunn der mange arbeidarar ikkje feira 17. mai, difor var 1. mai på mange måtar større i Høyanger enn sjølve nasjonaldagen.

slide30

SFFf-1994100.132114: 17. mai-toget i Sigurd Kloumanns allè ein gong på trettitalet. Ute til venstre ser vi speidarsjef fru Flagtvedt, mørk jente litt bak er Annemor Øren. Flaggberar er Inger Mathiesen, og trommeslagaren er Uno Sundberg. Til venstre for flaggberaren går Åse Nordahl-Olsen.

slide31

SFFf-1994100.138936: 17.mai-feiring på sportsplassen i Høyanger. Framme frå venstre:Mosse Skavang, Anneke Hygen, Lilly Lysøe, Kaia Amre (?), Arne Steingildra og Solveig Dale. Bak frå venstre: Ukjend (butikkdame hjå Frode Hjetland), Inger Mathisen og Inger Hygen.

slide32

SFFf-1994100.138066: Jonsokbrudepar i Villabyen. Nummer tre frå venstre er Marit Hafstad, medan jenta lengst til høgre er Hjørdis "Vesla" Wilson.

slide33

SFFf-1992050.168248: Sigurd Rosenlund feirar 50-årsdag heime hos seg sjølv, omkransa av familie, naboar og medlemmer i Høyanger Mannskor. Rosenlund var tilsett på NACO, og jobba med produksjon av aluminium på serie A og B.

slide34

(1) Barsstrand , (2) , (3) Olav Nokken , (4) Ragnar Sæbøe , (5) Odd Kristiansen , (6) Åge Rosenlund , (7) Leif Leirnes , (8) Maria Marifjæren , (9) , (10) Sigurd Rosenlund , (11) Anna Rosenlund , (12) Rosenlund , (13) Sigrid Sem-Johansen , (14) Herman Marifjæren , (15) , (16) Sigurd Hjetland , (17) Sigurd Sæbø , (18) Magnhild Rosenlund , (19) Ingalf Hjetland , (20) Hans Rambeck , (21) Sverre Kirkebø , (22) Knut Rosenlund , (23) Thorstein Folke Petterson , (24) , (25) Lars Kornberg , (26) Sven Solem , (27) , (28) , (29) Bjarne Marifjæren , (30) , (31) Sven Johanessen , (32) , (33) , (34) , (35) , (36) Karl Sem-Johansen , (37) Martin Volle , (38) , (39) Ivar Høyvik , (40) , (41)

slide36

(1) Hermund Hellem , (2) Halvorsen , (3) Nelli Bruåsdal , (4) Mons Østerbø , (5) Hilda Bruåsdal Østerbø , (6) Gjert Bruåsdal , (7) Olga Baug , (8) Harald Baug , (9) , (10) Alette Østerbø Takle , (11) , (12) Magnus Bruåsdal , (13) Bergitte Teigen Hellem , (14) , (15) , (16) , (17) Håkon Evensen , (18) , (19) , (20) , (21) Bjarne Østerbø , (22) Johan Hellem , (23) Norheim , (24) , (25) , (26) , (27) Bernhard Dale , (28) Dale , (29) , (30) , (31) Hermann Halvorsen , (32) Kari Sørebø Halvorsen , (33) , (34) , (35) Jens Sørebø , (36) Nils Bruåsdal , (37) , (38) , (39)

slide37

SFFf-1992050.167525: Høyanger Mannskor. Første rekke, frå venstre: Leif Leirnes, Sigurd Sæbøe, Karl Svendsen, Bjarne Volle, Andreas Hjetland, Oskar Andresen og Halvdan Moe. Andre rekke, frå venstre: Rosenlund, Sigurd Hjetland, Sverre Kyrkjebø, Alf Melde, Karl Sem Johannessen, ukjend, Jakob Mjåset, ukjend og Svein Mjåset. Tredje rekke, frå venstre: Ukjend, Høyvik, Ragnar Sæbøe, Aasen, Rambeck, ukjend, Bakken, Ingolf Hjetland og ukjend.

slide38

SFFf-1992050.168237: Biletet er truleg teke i samband med klubbmøte (kvinneforeining, Sjømannsmisjonen) heime i stova til Trine og Sigurd Sæbø. Truleg feirer kvinnene 10årsjubileet til klubben. Rundt bordet sit, frå venstre: Borghild Navestad (flytta til Sarpsborg), Øvrebø (sjukepleiar), Aslaug Øren (frisør), Oddhild Sæbø (brodeributikk), Borgny Njøs (lærar), Trine Sæbø (husmor), Gunnhild Øren (butikkdame), Else Dale (butikkdame), Ingebjørg Høyum Dale (husmor), Margit Oppedal (lærar).

slide39

SFFf-1994100.139499: Bilete viser jenter i Høyanger Sanitetsforeining. Dei skal nok ut å selje mai-blomar. Sjå dei fine stavane, vatterte på toppen, med sløyfer og mai-blomane øvst. Høyanger Sanitetsforeining vart skipa 30. mai 1922. Barneforeininga vart skipa i 1925, og vart driven fram til 1980-åra. Barnesaniteten hadde møter der dei gjorde handarbeid og drakk varm kakao.

slide40

SFFf-1994100.132091: Skihopping på fjellet i Høyanger, "HIF-bakken" på Siplo. Høyanger idrettsforeining leita i fleire år etter ein høveleg stad for opparbeiding av ein hoppbakke, før dei endeleg på 1930-talet fann ein bakke på Siplo som dei var nøgde med. Her bygde dei den såkalla "HIF-bakken". Kjelde: "Festskrift: Høyanger idrettsforeining 25 år. 16. februar 1917 - 16. februar 1942".

slide41

SFFf-1994100.121173: Matøkt i ein speidarleir, ukjent kvar. Til venstre Per Solem, son til Johs. Solem. Dei andre personane er ikkje identifiserte.

slide42

SFFf-1994100.132213: Eit jaktlag med tilknyting til Noreide-gardane har skote 2 hjortar. Hjortane er truleg skotne på utsida av Høyangerfjorden i nærleiken av fyret. Truleg sit jaktlaget i fjøresteinane. Frå venstre: Kristoffer Noreide, Anders A. Noreide, Andreas Noreide, Lars Stendal.

slide43

SFFf-1994100.132335: Fotballlag på Sletta midt på 30-talet. Truleg er dette eit HIF-lag. (1) Edvind Lysø , (2) Rolf Bakken , (3) , (4) Trond Svensen , (5) Arvid Pedersen , (6) Olav Rørvik , (7) Ivar Øren , (8) Gunvald Bosdal , (9) Øystein Rørvik , (10) Arthur Eide , (11) Bjarne Sæbøe , (12)

slide44

SFFf-1994100.136636: Symjekurs for jenter på vestsida av Høyanger ved badehuset ut mot Knarvika. Symjekurset var for jenter frå heile Høyanger. Jenter og gutar hadde kurs avskild: "Jentene var ikkje gode nok til å bade der gutane bada". Det var klasseskilje i Høyanger og arbeidarbarn bada vanlegvis på andre sida av fjorden. Symjelæraren Leif Larsen som sit framme i midten gjekk under namnet "Lange Leif". Han var til dagleg muremeister. Av husa som han har vore med å bygge kan nemnast rådhuset i Høyanger. (1) Orlaug Fager , (2) Alvhild Njøs , (3) Anna Kalstad , (4) Edit Mjåseth , (5) Leif Larsen , (6) Aslaug Vik , (7) Signy Hjetland , (8) Johanne Håland , (9) Aud (Lita) Abrahamsen , (10) Gerd Skjevdal , (11) Dagrunn Steien , (12) Svanhild Norevik , (13) Karen Bach , (14) Magda Kvam , (15) Mary Willesvik , (16) Irene Njøs , (17) Ollfrid Hansen , (18) Anna Wangen , (19) Vivi Håland , (20) Hjørdis Bøyum