gjennom 38 aar n.
Download
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
gjennom 38 aar PowerPoint Presentation
Download Presentation
gjennom 38 aar

Loading in 2 Seconds...

play fullscreen
1 / 38

gjennom 38 aar - PowerPoint PPT Presentation


  • 137 Views
  • Uploaded on

gjennom 38 aar. Gjennom den fyrste femårs- bolken kan ein fyrst og fremst fylje Selskaps-karane gjennom referat i ulike hyttebøker m.v. Det fyrste utkastet til lovverk vart skrive i 1971, på om lag same tid vart kontakta med ” Humlekokeriet i Viken ” etablert. Ein har ALDRI

loader
I am the owner, or an agent authorized to act on behalf of the owner, of the copyrighted work described.
capcha
Download Presentation

PowerPoint Slideshow about 'gjennom 38 aar' - colby


An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript
slide2

Gjennom den fyrste femårs- bolken kan ein fyrst og fremst fylje Selskaps-karane gjennom referat i ulike hyttebøker m.v.

Det fyrste utkastet til lovverk vart skrive i 1971, på om lag same tid vart kontakta med ”Humlekokeriet i Viken” etablert

slide3

Ein har ALDRI

unnlate å nemne, kanskje bortsett frå brevveksling med sjefen for

HKH Kronprinsens adjutantstab kva MÅLFØRE

og MJØDMERKJE

som skal nyt(t)ast der Selskapskarar samlast !

slide4

Brevvære og brevark var før ’digitaltida’ ei langsiktig investering.

Selskapskarane har difor site i dei Umboda dei vart valde til under fyrste Generalforsamlinga

Ein hugseregel er soleis:

Umboda varer livet ut!

slide5

Når Selskapskarane samlast til Generalforsamling byrjar ein alltid med å synge

Opningsverset

Sume gonger har ein også , når morgonljoset har krope fram, makta å få fram nokre spede tonar frå Slutningsverset.

Ein har jamvel bydd fram Småmeistaren til prøvesong hjå NRK, med dei tok ikkje mot dette storfelte tilbodet !

slide6

Selskapskarane gjorde i 1974 ein freistnad på å få noverande kong HARALD V

  • Til å vera ’Vaktar’ for DNSMHOK
  • Framstøyten fall på steingrunn, og svaret kom på bokmål…
  • Så vi er framleis våre eigne ’Vaktarar’
  • Og i så langt råd er:
  • Vaktarar over ’Storebror’
slide7

Under Generalforsamlinga i 1975 tok vi opp eit assosiert medlem, som etter godkjend prøvetid –

sidan har vore GREIESTYRAR

i DNSMHOK

Ein vil sjå av det tilsende brevet at ein noggrant må dokumentera kvalifikasjonane sine når ein søkjer

Umbod

innan

Selskapet

slide8

Ei av Mjødkallen sine viktigaste oppgåver er å halda kontakt med Humlekokeriet i Viken.

Attåt dette skal han inspisera og melde fraa om alle nyhende på Mjødfronten.

Her er ’søknaden’ frå 1975

slide9

Svaret let ikkje vente lenge på seg, og som vanleg var det ikkje neiord å finna frå inspektør Birger Graarud si penn !

slide10

Året er 1977, portoen er 100 øre, postkortet er frå Dronningriket i Sud, men postlagt (stempla) i Oslo.

Greiestyraren og Lovseiemannen har vore på granskingsferd til ’Kongens By’ og røkt etter om staden kan vera høveleg møteplass for DNSMHOK si Jubileumsfeiring

året etter.

’Det Norske Selskap’

[-det opphavelege]

hadde tilhald her eit par hundreår tidlegare

slide11

OPPM(J)ODINGA

1978

Selskapet fatta på GF [Generalforsamling]

Vedtak om å oppm(j)ode alle ordførarar i kommuner som har Selskapskarar busett, ’Å lata Ringnes Mjød og –vørterdrykk FLYTA FRITT.

Vi tala truleg for dauve øyro !

slide12

Planlegginga av 10-års jubileet starta som mangt anna i ’manneflokken’ kring 9 månader før den store hendinga

I staden for å ro eller segla, tok vi kontakt med A/S Danske-båtene for å høyra kva dei hadde å by oss

Vi godtok tilbodet deira i juni 1978

slide13

Ein ’høgst underdanig’ Smaameistar melder frå om at han vil borda ’Danskebåten’ i Horten

slide14

Stormeistaren tek affære, og søkjer ’Fylkesmannen i Vestfold’ om tidsavgrensa utsleppsløyve

for Smaameistaren

slide15

Fylkesmannen ser alvoret i saka, og gjev løyve

til og med

UTAN

kvantumsgrense

– mot at Smaameistaren

’fær fram gjennom fylket med vit og lempe’

slide16

Då eit par av Umbodshavarane er i militærteneste, set Greiestyrar og Tjeldmeistar kreftene inn på å få permittert dei – i samband med turen til Kaupenhamn.

For Runemeistaren sin del fører dette til at troppsjefen hans vert kontakta frå Forsvarsleiinga på Akershus Festning

slide17

Ljodmeistaren søkjer permisjon….

På permisjonssetelen står ’raudt på kvitt’

”Innnvilges ikke !”

Så vidt eg hugsar var Ljodmeistaren tilstades heile Jubileumsferda !

Kanskje kompanisjefen ikkje brukte kuleramma denne helga ?

slide18

Kjenslejunkaren melde avbod,

men var likevel tilstades – både under inspeksjonen av Humlekokeriet, og vidare nedover Skagerak.

Han heldt strengt oppsyn med ’Kjenslone’ under heile ’Kransferda til Kaupenhamn’

slide19

Lovseiemannen tok i god tid før Kransferda kontakt med Ambassaden i Kaupenhamn for å varsku dei kva slag storhende som skulle bli Danane til del.

Presseattacheen med make vart invitert til Lunsjen vi skulla ha hjå Madam Juel’s i Sværtestrætet nummer sju.

Vi fekk nokre dagar etter orsakingsbrev frå ambassaden – litt desorientert på kva land han eller vi haddde vitja tykkjest han vera ut frå svaret.

[Og etter all ’Vin ad libitum’ på båten er stormeistaren redd for at vi ikkje synte oss frå vår beste side – Hell i uhell !]

slide20

Sidan vi skulle leggje ned ein blomekrans med norske fjellbygdsplanter under feiringa i Kaupenhamn, fann vi det rettast å søkje

’Statens Planteinspeksjon’ om utførsleløyve

Ein kan aldri vita kva Skjællendske tolltenestemenn kan finna på når nordmenn strøymer ut til Kvæsthusbroen – og bær med seg både ”Kjerringris, brisk, kræklinglyng og fjellbjørklauv”.

Kransen, laga hjå gartnar Steindebakken på Fagernes, hamna sidan ved føtene til

H C Andersen

slide21

Olav Drivenes ved Statens Planteinspeksjon sende oss så det BESTE svarbrevet vi har motteke gjennom all tid!

Noko utførsleløyve var ikkje nødvendig, men han utstyra oss med eit ’phytosanity certificate’ som burde berga kransen gjennom sjølv dei minste EF-nålauge

Til sist gjer han Selskapskarane merksame på at kransen har ein mangel –

Det er ikkje noko ’Filipendula Ulmaria’

å finna ioppskrifta !

slide22

Å samla inn pengar av deltakarane framfor bilettluka fann vi å måtte unngå.

Med hjelp av Ærestilvist Offiser / banksjef i Vestre Slidre Sparebank fekk vi ein likvid medel stor kr. 10.300,-.

Dette vart betalt attende 18/9-1978, slik avtalen lydde !

slide23

Ein tok før Jubileumsferda kontakt med den 4. statsmakta for å gi dei høve til å få meir opplysningar om DNSMHOK.

Ein tillyste ’Bladmannsamrøde’ på lokalet merkt ”Karar” på Etna Stasjon klokka 02.55 måndag 11/9

(men ingen frå Selskapet møtte fram)

Så vidt vi veit, hadde både ’Oppland Arbeiderblad’ og ’Sogningen/Sogns Avis’ teke inn pressemeldinga vår.

slide24

Selskapslovi § 3 1.punktum slær fast at berre KARFOLK kan vera medlemmer i Selskapet.

Greiestyraren ottast at vi skulle få vanskar med den nye ”Jamstellingslovi”, og sende ein søknad om varig fritak til Departementet.

slide25

Underskrivaren til det vyrde Departement, Audun Edvardsen,

er vel den einaste som med reine ord har stempla oss som UDUGELEGE.

Vi vil tru at han ser på seg sjølv som svært dugande !

Humørlause Byråkratar !!

slide26

Myntslagaren tok eit alvorleg tak for å betra ’Myntonomisk Stode’

og sende ein søknad om kulturmidlar til Oppland fylkeskommune

[ etter ’Rekneskapen’ å døma, er Myntslagaren ein god diktar ! ]

Vedtaket i fylkeskommunen vart som venta, og Myntslagaren finn det ikkje eingong turvande å sjenka dei noko ’Budsjett’.

- Dette hadde han gløymt å dikta opp då han ’utarbeidde’ rekneskapen.

slide27

”Stova åt Majoren”

(Majorstua)

Under ei samling i Årdal våren 1978 fann ein å måtte rette ymse spursmål til Rikskringkastingi.

Mjødkallen sette ord på tankane til dei frammøtte, og skikka eit brev i veg.

Kristian Øgrim i NRK tykkjer brevet er ’underleg’.

Han sender tilbodet om å frigi Småmeistaren til ’Prøvesong’ vidare til Underhaldningsavdelinga, som skjønar sitt eige beste – dei let Småmeistaren synge i eigen heim !

slide28

I 1979 har Selskapet Generalforsamling på Grindaheim Hotell.

Her på ’heimebanen’ fortel Greiestyraren om dei stygge utsegnene som kjem frå ’Statssekretærutvalet’

Dei har meint å ’tappa kaldvatn på Pilsflaskene’!

Med sterk innsats frå Greiestyreren vert kvelden vellukka og aktiviteten i DNSMHOK aukande i arbeidsbolken 1980

slide29

Greiestyraren hadde ei lang brevveksling med ’Folkeaksjonen for Pilsen’,

Ikkje minst med ’Rotestyrar’ Helge Wettre

(Umbodstitlane våre er smittsame, ser det ut for )

Rotestyraren er på språkleg vikande grunn, og vel å sende attpartar både til Noregs Mållag og Rigsmaalsforeningen

slide30

Ei vidare brevveksling med Folkeaksjonen

Kunne Greiestyraren senda Stormeistaren og Lovseiemannen avgarde til ’Engebret’ på bankplassen for å få ei møtestund saman med ’Folkeaksjonistane’

slide32

Same Ættnamn

men

ulikt syn på Mjød

Helsing frå Selskapet ved Generalforsamling

1980

slide33

’Vi kan i det minste

få eit svarbrev’

(Ljodmeistar Eivind Røyne)

slide34

I 1993 runda DNSMHOK

25-årsmerket, og Umbodshavarane samlast.

Ved dette høvet fann ein det turvande å fortelje Humlekokeristyresmaktene at ein var lite nøgd med at dei la ned lager/distribusjon i Valdres, og istaden flytta dette til Hallingdal.

slide35

Te

Selskapet rår i alle fall over eit tosifra beløp i Vestre Slidre Sparebank Myntslagaren seier i april 2006:

Kan stutt nemna at den myntonomiske stoda i selskapet nett no er sers stabil, då banken ikkje har lagt til renter dei siste åra!

slide38

Vi let Selskaps-hymnen

slutta

dette stutte oversynet om ein underleg blom i blant norske Organisasjonar