1 / 14

Husmenn og bønder

Husmenn og bønder. Husmenn og bønder. Ein husmann var ein landarbeidar som leide eit stykke jord av ein bonde. For denne betalte husmannen ei årleg avgift. Staden som husmannen leide blei kalla for husmannsplass.

tymon
Download Presentation

Husmenn og bønder

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Husmenn og bønder

  2. Husmenn og bønder • Ein husmann var ein landarbeidar som leide eit stykke jord av ein bonde. • For denne betalte husmannen ei årleg avgift. • Staden som husmannen leide blei kalla for husmannsplass. Husmannsplassen var i dei fleste tilfelle ein sjølvstendig husstand. Husmannsplassen høyrde likevel inn under garden.

  3. Husmenn og bønder • 1700-talet var ein periode prega av sterk folkeauke. • Dette betydde at det måtte produserast meir mat enn før. • Behovet for arbeidskraft innanfor jordbruket steig. Mange menneske som ikkje hadde eiga jord måtte freiste å skaffe seg ein husmannsplass.

  4. Husmenn og bønder • Husmannen måtte inngå ein kontrakt med ein bonde som åtte ein gard. • Nokre gonger leide husmannen ein husmannsplass som fanst frå før. • Andre gonger måtte han opparbeide plassen sjølv. Husmannen måtte då hogge skog, rykkje røter og stein opp frå marka, lage ein åkerlapp og byggje hus. Foto: Oslo Museum

  5. Husmenn og bønder • Husmannen måtte betale for å leige husmannsplassen. • Betalinga kunne vere å arbeide i fem til sju veker på garden til bonden. • I tillegg måtte husmannen arbeide mot lønn når bonden ønskte det. • Også husmannskona og barna hadde arbeidsplikt. For bonden var husmannen og familien god og billig arbeidskraft.

  6. Husmenn og bønder • Husmannen og familien hans rydja skog, pløgde jord og dyrka mark. • Dei bygde stuer, fjøs, låvar og skjul. • Husmannen var ofte handverkar som kunne sy, snikre, smi og måle. • Husmannskona tok del i arbeidet på garden ved å bake og veve. Barna måtte gjete husdyra til bonden. Og det var husmannssønene som drog ut til felten dersom det blei krig.

  7. Husmenn og bønder • På Vestlandet hadde husmannen som regel mindre arbeidsplikt. • Her levde husmannen som regel av fiske som han dreiv i eigen båt. • Når fisken var tørka, salta og selt, kunne han betale leia til bonden.

  8. Husmenn og bønder • Ofte var forholdet mellom bonde og husmann godt. • Dei to partane var avhengige av kvarandre. • Husmannen tente bonden slik han skulle, mens bonden kjende ansvar ovanfor husmennene sine. Det var likevel klart at bonden stod over husmannen i rang. Husmannen skulle verehøfleg og lydig ovanfor bonden.

  9. Husmenn og bønder • Det fanst nok bønder som ikkje behandla husmennene sine på beste vis. • Dersom husmannen sleit med betalinga, kunne bonden seie han opp. • Då hjelpte det lite at bonden hadde brukt livet sitt på å rydje skog, pløye åker og byggje hus. Slik utkasting var likevel ikkjevanleg. Bonden venta som regel til husmannen og kona var døde før han lét husmannsplassen bli ein del av garden.

  10. Husmenn og bønder • Nokre husmenn leide eit hus, men hadde inga jord å dyrke. • Slike husmenn måtte ta seg arbeid der det var å finne. • Dette kunne bety at dei måtte arbeide utanfor bygda. • Husmannen kunne vere borte frå familien i lange periodar. Det var ikkjeuvanleg at barna blei sende ut på tiggarferd eller på leiting etter arbeid.

  11. Husmenn og bønder • Det var heilt nødvendig at husmannsbarna deltok i arbeidet. • På 1700-talet blei det bestemt at alle barn skulle gå på skule. • Barn av storbønder og husmenn skulle gå i den same skulen. • Ungane skulle lære kristendomskunnskap og lesing. Skulegangen var ei førebuing til konfirmasjonen. Var ein ikkje konfirmert, fekk ein verken gifte seg eller leige jord.

  12. Husmenn og bønder • Hardt arbeid var ingen garanti mot hungersnaud og sjukdom. • På 1700-talet var det periodar med uår og svolt. • Tusenar av menneske og ei stor mengd dyr døydde på grunn av matmangel. • Folk samla og åt bork, røter, lauv og blad. Med hungersnauda følgde også ei rekkje døydelege sjukdomar.

  13. Husmenn og bønder • I 1865 var det om lag 60 000 husmenn med jord i Noreg. • Deretter blei det stadig færre husmenn i landet vårt. • Mange drog inn til byane for å finne arbeid. • Samtidig utvandra mange til Amerika. Husmannsvesenet blei oppløyst i 1928. Då kom det ei lov som gav husmennene rett til å kjøpe plassen dei budde på.

  14. Husmenn og bønder

More Related