kappl pet om afrika l.
Download
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
Kappløpet om Afrika PowerPoint Presentation
Download Presentation
Kappløpet om Afrika

Loading in 2 Seconds...

play fullscreen
1 / 17

Kappløpet om Afrika - PowerPoint PPT Presentation


  • 347 Views
  • Uploaded on

Kappløpet om Afrika. Kappløpet om Afrika. Imperialisme har eksistert til alle tider og i alle verdsdelar. Imperialisme inneber at statar eller samfunn skaffar seg kontroll over andre folk og landområde. Den europeiske imperialismen nådde eit høgdepunkt i åra mellom 1870 og 1914.

loader
I am the owner, or an agent authorized to act on behalf of the owner, of the copyrighted work described.
capcha
Download Presentation

PowerPoint Slideshow about 'Kappløpet om Afrika' - neci


An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript
kappl pet om afrika2
Kappløpet om Afrika
  • Imperialisme har eksistert til alle tider og i alle verdsdelar.
  • Imperialisme inneber at statar eller samfunn skaffar seg kontroll over andre folk og landområde.

Den europeiske imperialismen nådde eit høgdepunkt i åra mellom 1870 og 1914.

kappl pet om afrika3
Kappløpet om Afrika
  • På midten av 1800-talet etablerte europearane få nye koloniar på framande kontinent.
  • Mange av dei gamle koloniane var blitt uavhengige.

Mykje tydde på at det europeiske herredømmet i andre verdsdelar var i ferd med å forsvinne.

kappl pet om afrika4
Kappløpet om Afrika
  • Europa anno 1850 var ein verdsdel i rask vekst.
  • Folkeauken var stor.
  • Industrien sørgde for at produksjonen var god.
  • Militæret hadde moderne våpen.

I Europa var nasjonalismen aukande. Mange meinte at eins eigen nasjon skulle stå i fremste rekkje på alle område.

kappl pet om afrika5
Kappløpet om Afrika
  • I Afrika var forholda ganske annleis enn i Europa.
  • Her fanst i liten grad nasjonalisme og statar.
  • Dei fleste afrikanarar levde i små samfunn der det ein produserte gjekk til eiget forbruk.

I Afrika var slavehandel meir utbreidd enn i andre verdsdelar.

kappl pet om afrika6
Kappløpet om Afrika
  • Mange europearar meinte at kvite menneske stod over andre folk med tanke på utvikling.
  • Det var europearane si plikt å sivilisere andre folkeslag.

Europearar hadde noko å lære bort når det kom til teknologi, vitskap, kultur, religion og samfunnsstyring.

kappl pet om afrika7
Kappløpet om Afrika
  • Storbritannia var den leiande industrinasjonen i verda på 1800-talet.
  • For britane var det viktig å få tilgang til marknader og råvarer.
  • I 1858 blei India ein britisk koloni.

Britane fekk dermed tilgang til ei rekkje billige råvarer og ein av dei største marknadene i verda.

kappl pet om afrika8
Kappløpet om Afrika
  • I 1869 stod Suezkanalen ferdig.
  • No slapp ein å reise rundt Afrika dersom ein skulle til India.
  • Kanalen var ått av egyptarar og franskmenn.
  • I 1875 kjøpte britane seg inn i selskapet som åtte Suezkanalen.

Nokre år seinare tok Storbritannia kontroll over den viktige kanalen.

Ill: YolanC

kappl pet om afrika9
Kappløpet om Afrika
  • No starta eit kappløp mellom fleire europeiske land.
  • I løpet av ein periode på førti år blei nesten heile Afrika underlagt europeisk kontroll.
  • Koloniseringa var ei erobringsbølgje som ein ikkje har sett maken til verken før eller seinare.

Kartet viser Afrika i 1870. Berre ein liten del av kontinentet var på denne tida kolonisert av europeiske land.

kappl pet om afrika10
Kappløpet om Afrika
  • I nord og sør kom britane med dei militære styrkane sine.
  • Frankrike ønskte seg eit kolonirike som strakte seg frå aust til vest.
  • Også Belgia og Tyskland skaffa seg store landområde i Afrika.

Biletet viser ein trefning mellom britar og afrikanarar i 1879.

kappl pet om afrika11
Kappløpet om Afrika
  • Mange frykta at kolonikappløpet skulle føre til krig mellom dei europeiske landa.
  • I 1884 innkalla ein til ein konferanse i Berlin.
  • No blei ein einige om korleis resten av Afrika skulle delast opp.

Ingen afrikanarar deltok på konferansen i Berlin. Berlinavtalen betydde slutten på sjølvstende for det meste av Afrika.

kappl pet om afrika12
Kappløpet om Afrika
  • I åra som følgde blei det meste av Afrika underlagt europeisk styre.
  • Fleire land tok del i koloniseringa.

Frankrike

Belgia

Storbritannia

Tyskland

Spania

Italia

Portugal

Uavhengige land

kappl pet om afrika13
Kappløpet om Afrika
  • Berre to afrikanske land klarde å halde seg sjølvstendige.
  • Liberia var verna av USA som eit land for heimvende slavar.
  • Etiopia klarde å stå imot dei italienske forsøka på å kolonisere landet.
kappl pet om afrika14
Kappløpet om Afrika
  • Koloniseringa medverka til at det blei slutt på slavehandelen i Afrika.
  • Afrikanarane fekk tilgang til betre teknologi, medisinar og jordbruksmetodar.
  • Kvardagen blei tryggare for mange menneske.

Ikkje alle europearane som kom til Afrika hadde like edle føremål. Somme såg fyrst og fremst på kontinentet som eit høve til å skaffe seg rikdom.

kappl pet om afrika15
Kappløpet om Afrika
  • Det verste eksempelet på europeisk undertrykking fann stad i Kongo.
  • Landet var den belgiske kong Leopold sin private koloni.
  • Her blei befolkninga utsett for slavearbeid, terror, tortur og massakrar.

Kong Leopold tente store pengesummar på å plyndre Kongo for gull, elfenbein, kopar og gummi.

kappl pet om afrika16
Kappløpet om Afrika
  • Kva tente dei europeiske landa på å kolonisere Afrika?
  • Det gav prestisje å kontrollere andre land, men det økonomiske utbyttet var ganske lite.