Download
hinduisme n.
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
Hinduisme PowerPoint Presentation

Hinduisme

863 Views Download Presentation
Download Presentation

Hinduisme

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript

  1. Hinduisme Foto: Jose Pereira

  2. Hinduisme • Hinduismen er den tredje største religionen i verda. • Ein reknar med at om lag 970 millionar menneske er hinduar. India er det landet i verda der det lever flest hinduar. Foto: Deivis

  3. Hinduisme I kva land finn vi flest hinduar? India – 909 millionar Nepal – 23 millionar Bangladesh – 14 millionar Indonesia – 5 millionar Pakistan – 2,5 millionar Malaysia– 1,5 millionar Sri Lanka – 1,5 millionar USA – 1,5 millionar Dei Sameinte Arabiske Emirata – 0,9 millionar Storbritannia – 0,7 millionar

  4. Hinduisme • Hinduismen er blant dei eldste nolevande religionane i verda. • Ein reknar med at opphavet til hinduismen var å finne i Indusdalen for over 4 000 år sidan. Foto: M.Imran I ruinar av byar har ein funne steinstatuar som skal førestille gudar. Mamoon Mengal

  5. Hinduisme • Hinduismen er ein religion med mange variasjonar. • Det vil seie at folk praktiserer hinduisme på ganske forskjellige måtar. Foto: Claude Renault Somme samanliknar hinduismen med ein familie. Noko er forskjellig, men det finst også ein del fellestrekk.

  6. Hinduisme • Hinduar trur at mennesket har ei udødeleg sjel. • Sjela atterfødast til ulike tilvære på jorda. • Ein kan bli født som menneske eller dyr. Foto: Ahron de Leeuw Målet er å leve så godt og riktig at ein ikkje blir født fleire gonger. Då oppnår ein tilstanden som blir kalla moksha.

  7. Hinduisme Hinduar kan oppnå moksha på ulike måtar. Gjennom gjerningar Gjennom innsikt Gjennom kjærleik Foto: Mukesh Jain

  8. Hinduisme • Hinduar trur på ein øvste gud som er til stades i alt som finst. • Denne guden blir kalla for Brahman. Foto: Andréia Bohner Brahman er den evige kjelda til alt i universet.

  9. Hinduisme • Lyden Aum er den aller heilagaste av alle stavingar innanfor hinduismen. • Mange trur at alt som eksisterer oppstod som ein følgje av at Aum blei uttalt. Aum blir brukt i religiøse seremoniar og i bøn. Lyden kan også brukast som dekorasjon og pynt.

  10. Hinduisme • Hinduar trur også at det finst ei rekkje gudar som har forskjellige oppgåver og eigenskapar. • Tre av dei mest kjende gudane er Shiva, Vishnu og Brahma. I tillegg finst tusenar av guddomar som blir dyrka på ulike stader der hinduismen er utbreidd. Foto: Jarmo Tuisk

  11. Hinduisme • Innanfor hinduismen finst det mange heilage skrifter. • Dei eldste tekstane blir kalla for vedaskriftene. • Ein trur at Brahman overleverte vedaene til menneska. På biletet ser du eit utdrag av vedaskriftene.

  12. Hinduisme • Ein annan heilag hindutekst er Mahabharata. • Dette er ei forteljing som består av 100 000 vers. I Mahabharata blir det fortalt om ein krig mellom to familiar som begge ønskjer å kontrollere eit kongedømme.

  13. Hinduisme • Frå gammalt av er hindusamfunnet delt inn i fire kastar. • Prestane. • Kongar og krigarar. • Bønder, kjøpmenn og handverkarar. • Tenarar og kroppsarbeidarar. Klassene er vidare delte opp i tusenvis av underkastar. Det finst også menneske som er kastelause. Bilde: Himalayan Academy Publications

  14. Hinduisme • Hinduar lever ofte i storfamiliar. • Alle i familien har plikter som skal utførast. • Innanfor hinduismen blir det forventa at ein skal ha respekt for dei eldste i familien. Foto: Ajay Tallam Mannen er overordna kvinna. Mannen skal forsørgje kona si. Ho skal på si side lyde mannen sin.

  15. Hinduisme • Elden er viktig innanfor ritual som fødsel, giftarmål og død. • Når eit barn er fødd, heller ein smør på elden. • Når eit par gifter seg, seier dei fram sine lyfter og går rundt elden. Foto: Gregor Younger Dødsritual innanfor hinduismen blir kjenneteikna av at den avdøde blir kremert. Oska blir deretter spreidd ut over heilagt vatn.

  16. Hinduisme • Den heilagaste staden innanfor hinduismen er byen Varanasi. • Her kan ein vaske bort syndene sine ved å bade i elva Ganges. • Mange menneske spreier også oska av dei døde slektningane sine på elva. Foto: Jon Rawlinson I følgje hinduismen er Varanasi den beste staden å døy på.

  17. Hinduisme • Kua har ein heilt spesiell plass innanfor hinduismen. • Mange stader er det forbod mot å drepe kyr . • På landsbygda har dei fleste familiar ei ku som gir mjølk og gjødsel. Foto: Brian McGuirk I mange indiske storbyar vandrar kyrne fritt omkring.

  18. Hinduisme Oppsummering: Hinduismen er den tredje største religionen i verda. Ein trur at sjela er udødeleg og at ho blir født til ulike tilvære. Målet er å bryte ut av atterfødinga og oppnå moksha. Den øvste gud som finst i alt blir kalla for Brahman. Det finst ei rekkje gudar med ulike oppgåver og eigenskapar. Vedaskriftene og Mahabharata er heilage skrifter innanfor hinduismen. Hindusamfunnet er tradisjonelt delt inn i fire kastar. Foto: Nikkul

  19. Hinduisme