Orientering om eksamen - PowerPoint PPT Presentation

amelie
orientering om eksamen n.
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
Orientering om eksamen PowerPoint Presentation
Download Presentation
Orientering om eksamen

play fullscreen
1 / 24
Download Presentation
Orientering om eksamen
293 Views
Download Presentation

Orientering om eksamen

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript

  1. Orientering om eksamen

  2. Trekkreglar: • Studiespesialiserande utdanningsprog. • Vg1 - Ca. 20 % av elevane i fylket skal trekkjast ut til ein eksamen. Trekket blir føreteke på fylkesnivå. • Vg2 - Alle elevar skal trekkjast ut til ein eksamen, skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk. Trekket blir føreteke på skulenivå. • Vg3 - Alle elever skal opp til obligatorisk skriftlig eksamen i norsk hovudmål. I tillegg skal elevane trekkjast ut til skriftleg eksamen i to fag. Norsk sidemål er eitt av dei aktuelle faga. I tillegg skal alle elevane trekkjast ut til ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.

  3. Trekkreglar • Utdanningsprogram for idrettsfag: • Alle skal opp til eksamen i norsk hovudmål. • Elevane skal trekkjast ut til eksamen i tre fag, skriftleg, munnleg eller munnleg praktisk. • Minst eit av trekkfaga skal vere innan programområde for idrettsfag.

  4. Trekkreglar • Påbygging til generell studiekomp. • Alle elever skal opp til obligatorisk skriftlig eksamen i norsk hovudmål. Elevane skal i tillegg opp til skriftlig eksamen i eitt trekkfag. Norsk sidemål er eitt av dei aktuelle faga. I tillegg skal elevane opp til ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.

  5. Trekkreglar • Yrkesfaglege utdanningsprogram • Alle elevane på Vg2 skal opp til tverrfagleg eksamen i programfaga. • Over ein toårsperiode skal ca. 20 % av elevane på Vg1 trekkjast ut til eksamen i fellesfag. • Over ein toårsperiode skal ca. 20 % av elevane på Vg2 trekkjast ut til eksamen i fellesfag.

  6. Skriftleg eksamen - trekk • Eksamensplanen ligg på Fronter. • Offentleggjering av skriftleg trekk: Torsdag 15. mai, klokka 09.00 • Vert lagt ut på Fronter og hengt opp på glasveggen ved inngangen på Gymnaset og på glasveggen på Biblioteket. • Lesedag, dagen før eksamen om du ikkje har eksamen. Sjå eigen plan.

  7. Munnleg eksamen • Melding klokka 09.00, vert lagt ut på Fronter og hengt opp på veggen ved inngangen på Gymnaset og veggen ved biblioteket. • Tysdag 10/6 for eksamen torsdag 12/6 • Onsdag 11/6 for eksamen fredag13/6 • Torsdag 12/6 for eksamen måndag 16/6 • Fredag 13/6 for eksamen tysdag 17/6 • Måndag 16/6 for eksamen onsdag 18/6 • Tysdag 17/6 for eksamen torsdag 19/6 • Onsdag 18/6 for eksamen fredag 20/6

  8. Hjelpemiddel ved førebuing og eksamen • I førebuingsdelen er alle hjelpemiddel tillate dersom ikkje anna er oppgitt. Obligatorisk dag der ein skal møte på skulen. • Under eksamen er alle hjelpemiddel tillate med unntak av internett og kommunikasjon i dei fleste faga. • I nokre fag er eksamen todelt og ingen hjelpemiddel er tillate i første delen medan alle hjelpemiddel er tillate i andre delen - her og med unntak av internett og kommunikasjon.

  9. Tilrettelegging • Må søkjast om og ha fått vedtak i god tid før eksamen (1. mai)

  10. Frammøte • Eleven skal møte fram i eksamenslokalet seinast 30 minutt før eksamen tek til. • Eleven set seg straks på tilvist plass. Eleven må ikkje forlate plassen eller byte plass utan løyve frå eksamenstilsynet. • Vesker o.l. skal stå på golvet. Mobiltelefon skal slåast av og leverast inn til vaktene før ein får tilgang til eksamensoppgåvene. • Det er ikkje tillate å ha med mp3-spelar eller liknande elektronisk utstyr under eksamen.

  11. Forfall og sjukdom under prøvene • Elev som på grunn av sjukdom ikkje kan møte til eksamen, må straks søkje eller tilkalle lege. Sjukmelding skal snarast mogeleg leverast til kontoret • Elev som har møtt til eksamen og blir sjuk under eksamen slik at det kan verke inn på arbeidet, må straks melde frå til eksamenstilsynet, som straks skal varsle leiinga ved skulen. • Kjem du for seint kan du risikere å ikkje få gjennomføre eksamen.

  12. INNLEVERING PÅ PAPIR • Alt papir som skal brukast ved eksamen vert utlevert av eksamenstilsynet. • Utdelt papir må ikkje delast eller rivast sundt. • Eksamenstilsynet leverer ut ekstra papir dersom eleven treng det.

  13. Eksempel på omslagsark:

  14. INNLEVERING PÅ PAPIR • Eleven må nytte penn med blå eller svart skrift ved innføring av oppgåvesvar som blir skrivne for hand. I oppgåver der det vert kravd grafisk framstilling, figurar, teikningar eller notar, kan det brukast blyant eller farge. Til slike oppgåver kan eleven få utlevert spesielle svarark. • Dersom eksamenssvaret skal leverast som utskrift, skal eleven ta kontakt med eksamensvakt før noko vert skrive ut. Eksamensvakta hentar utskrifta frå skrivaren.

  15. Innlevering som datafil • Du loggar deg på maskina ved å bruka ditt vanlege brukarnamn og passord. Då kjem du inn på privatområdet ditt. • Så må du opna internett og skriva inn adressa http://pgsa.udir.no. • Trykk deretter på ”Kandidat”. Der skriv du inn di Feide pålogging. • Den eksamensansvarlege på rommet vil så skriva inn dagskoden for faget den dagen. Då kjem du inn på den einaste internettadressa du får tilgang til under eksamen. Her kan du henta ned eksamensoppgåva. Du får også levert ut oppgåva på papir.

  16. Oppretting av datafil • Opprett eit dokument (Word) du treng for å svare på eksamensoppgåva, jmf brukarmanual som du får utlevert. • Lag ein topptekst med: • Fagkode • Fagnamn • Kandidatnummer • Skule (Sogndal vgs) • Lag ein botntekst med sidenummerering. Del 1 og 2 kvar for seg. • Ikkjeskriv ditt eige namn i oppgåva! • Bruk same dokumentet gjennom heile eksamen, gje det same namn som faget på eksamen. • Lagre svaret ditt på ein stad du finn att! • NB! Filene må ikkje overstige 10MB, over 3 filer må zippast. • Sjekk at du ikkjeleverar rett dokument og ikkje blankt.

  17. Levering av datafil • Når du er klar til å levere svaret, kontaktar du ei vakt som er med på å sjå at du leverar svaret ditt og får kvittering. • Vel rett svarfil (er) og trykk på knappen Last opp. • Før du får levere så må du opne dokumentet på nytt for å kontrollere, så får du sende.

  18. Munnleg eksamen • M – munnleg eksamen • MP – Munnleg praktisk eksamen • P – Praktisk eksamen

  19. Fusk eller forsøk på fusk • Fusk eller forsøk på fusk kan vere: • å gje eller prøve å gje eller formidle hjelp som ikkje er tillaten eller å motta slik hjelp. • å ha eller bruke hjelpemiddel som ikkje er tillatne, etter at oppgåva er delt ut. • logga seg på område på internett som ikkje er tillate • Vi kontrollerer og overvåker maskinene og nettet!

  20. UTSETT, NY OG SÆRSKILD EKSAMEN • Ein elev som får karakteren 1 ved eksamen, har rett til ny eksamen i faget. • Ein elev som har dokumentert gyldig forfall ved ordinær eksamen, har rett til utsett eksamen. • Forfall til eksamen blir rekna som gyldig når eleven er hindra frå å stille til eksamen, når hindringa er uføreseieleg og kandidaten elles ikkje kan lastast for hindringa. Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag skje på ny. • Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom • eleven ikkje er trekt ut til eksamen i faget • det gjeld eit fag der eksamen ordinært ikkje blir halden.

  21. EKSAMENSRESULTAT OG RETT TIL Å KLAGE • Når eksamensresultatet er kjent (Skulearena)har du 10dagar klagefrist. Du har rett til å sjå svaret ditt og eventuelle retningslinjer for sensureringa. • Få ein faglærar til å sjå på svaret ditt! • Send ei skriftleg klage til skulen, med namn og kva eksamen du klagar på. • Svaret vert vurdert av to nye sensorar om det er urimeleg, karakteren kan både gå opp og ned om den vert funnen urimeleg.

  22. Informasjon på nett: • Udir.no – eksamen • Vurderings- og sensor rettleiingar • Tidlegare eksamensoppgåver. • Førebuingsoppgåver i fag med førebuing (stort sett samfunnsfaga) • Passord: Eksempel

  23. Sjekk datamaskina di! • Få den sjekka i god tid hjå SvIKT eller andre. • Den må fungere • Systematiser notatar og anna på maskina.