180 likes | 370 Views
5 Kultur. Kva er kultur?. Kultur er det som medlemmene i ei sosial gruppe må vite og kunne for å fungere godt i gruppa. Kultur kjem til uttrykk gjennom språk, klede, religiøse ritual osv. Kva er kultur?. Ein meir presis definisjon:
E N D
Kva er kultur? • Kultur er det som medlemmene i ei sosial gruppe må vite og kunne for å fungere godt i gruppa. • Kultur kjem til uttrykk gjennom språk, klede, religiøse ritual osv.
Kva er kultur? Ein meir presis definisjon: Kultur er kunnskap, tru, kunst, lover, moral, skikkar, ferdigheiter og vanar som folk har lært i eigenskap av å vere medlemmer av eit samfunn.
Kva er kultur? • Kulturen er altså dei skikkane, verdiane og veremåtane som blir overførte frå generasjon til generasjon. • Kulturen er menneskeskapt og tillært.
Finst det ein norsk kultur? • Eller er det slik at fleire kulturar lever side om side i Noreg, men at somme kulturelle trekk dominerer? • Vi kan seie at vi har ein norsk hovudkultur og mange delkulturar.
Finst det ein norsk kultur? • Det finst fleire ulike etniske grupper eller minoritetskulturari Noreg. • I Noreg lever mange minoritetar frå andre land. Vi bruker ordet minoritetar om grupper som er i mindretal.
Finst det ein norsk kultur? • Det norske samfunnet har endra seg frå å vere eit ganske homogent eller einsarta samfunn til å bli eit heterogent eller mangfelt samfunn med større variasjon og større skilnader i levemåte.
Religion – ein viktig del av kulturen • Religion forklarer korleis verda og menneska blei til. • Religion gir eit verdsbilete og forklarer kva funksjon menneska har i verda.
Religion – ein viktig del av kulturen • Religion gir eit grunnlag for verdiar og normer i samfunnet. • Religion har ritual ved viktige hendingar i livet, som fødsel, overgang frå barn til vaksen, giftarmål og død.
Etnisitet • Etnisiteten seier noko om kva gruppe av menneske vi hører til – ei gruppe som har same språk og kultur. • Etnisiteten er også ein del av identitetsbiletet vårt.
Samisk kultur • Den samiske folkegruppa omfattar i dag om lag 50 000 personar, busette i Noreg, Sverige, Finland og Russland.
Samisk kultur • Samane i Noreg har politisk status som urfolk og har derfor visse særrettar som har til formål å ta vare på samiske næringar og tradisjonar.
Samisk kultur • Urfolk er folk som heilt eller delvis har halde på den tradisjonelle kulturen sin, og som levde i eit bestemt landområde før storsamfunnet overtok det, eller før den staten dei no er ein del av, blei etablert.
Samisk kultur • Samisk kultur: • Ulik norsk kultur • Eige språk • Naturnære levevegar som reindrift og fiske • Opphavleg med eit livssyn basert på ein naturreligion.
Samisk kultur • Frå midten av 1800-talet og fram til 1960-åra blei den samiske befolkninga i Noreg utsett for ein systematisk og kulturundertrykkjande fornorskingspolitikk. • Det er mange urfolk i verda i dag som ikkje har dei same rettane som samefolket har i Noreg.