Ditt val! - PowerPoint PPT Presentation

shalom
ditt val n.
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
Ditt val! PowerPoint Presentation
play fullscreen
1 / 41
Download Presentation
Ditt val!
118 Views
Download Presentation

Ditt val!

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript

  1. Ditt val! Idrettsfag • Musikk, dans og drama • Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk • Design og handverk • Elektrofag Helse- og sosialfag • Medium og kommunikasjon • Naturbruk Restaurant- og matfag • Service og samferdsel Teknikk og industriell produksjon Vidaregåande opplæring 2006–2007 Gjeldande per 23.06.2006

  2. KunnskapsløftetNy reform i grunnopplæringa • Hausten 2006 • 1.–9. trinn i grunnskolen • 1. trinn i vidaregåande opplæring • Hausten 2007 • 10. trinn i grunnskolen • 2. trinn i vidaregåande opplæring • Hausten 2008 • 3. trinn i vidaregåande opplæring • Opplæring i bedrift Gjeldande per 23.06.2006

  3. Kva er nytt? • Nye læreplanar i alle fag med tydelege mål for kva elevane skal kunne • Meir vekt på tilpassa opplæring • Lokal handlefridom med omsyn til læringsmetodar og organisering av skolekvardagen • Satsing på kompetanseutvikling for lærarar, instruktørar og skoleleiarar Gjeldande per 23.06.2006

  4. Kva er vidaregåande opplæring? • Inngangsport til yrkeslivet og til vidare studium • Studieførebuande og yrkesfagleg opplæring: • Studieførebuande opplæring legg mest vekt på teoretisk kunnskap (gir studiekompetanse) • Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke (gir yrkeskompetanse med eller utan fagbrev eller sveinebrev) Gjeldande per 23.06.2006

  5. Kva er vidaregåande opplæring?Du kan oppnå studie- eller yrkeskompetanse Gjeldande per 23.06.2006

  6. Nye nemningar ividaregåande opplæring Gjeldande per 23.06.2006

  7. Endringar i vidaregåande opplæring • Dei noverande 12 yrkesfaglege studieretningane blir gjorde om til 9 utdanningsprogram • Færre og breiare Vg1 og Vg2 • Dei fleste Vg2 gir fleire lærefag å velje mellom • Prosjekt til fordjuping gjer det mogleg å spesialisere seg på eit tidlegare nivå og gir høve til auka samarbeid med næringslivet • Dei noverande 3 studieførebuande studieretningane blir 3 utdanningsprogram • Større krav til fordjuping innanfor eige programområde • Valfrie programfag kan veljast frå eige programområde eller frå eit anna programområde frå studieførebuande utdanningsprogram Gjeldande per 23.06.2006

  8. 12 utdanningsprogram3 studieførebuande • Idrettsfag • Musikk, dans og drama med desse programområda: • Musikk • Dans • Drama • Studiespesialisering med desse programområda: • Formgivingsfag • Realfag • Samfunnsfag og økonomi • Språkfag Gjeldande per 23.06.2006

  9. 12 utdanningsprogram9 yrkesfaglege • Bygg- og anleggsteknikk • Design og handverk • Elektrofag • Helse- og sosialfag • Medium og kommunikasjon • Naturbruk • Restaurant- og matfag • Service og samferdsel • Teknikk og industriell produksjon Gjeldande per 23.06.2006

  10. Generell studiekompetanse • Generell studiekompetanse er det faglege grunnlaget for å søkje opptak til universitet og høgskolar • Somme studium stiller krav om spesiell studiekompetanse, det vil seie spesielle fag, oftast realfag • Somme studium har opptaksprøve • Du får vitnemål som dokumentasjon på studiekompetanse • Med Kunnskapsløftet blir krava til generell studiekompetanse skjerpa i forhold til tidlegare: • Krav til matematikk aukar frå 5 timar/veke til 8 timar/veke • Same krav til framandspråk i alle studieforberedende utdanningsprogram Gjeldande per 23.06.2006

  11. Generell studiekompetanse Oppnår ein ved å fullføre og bestå tre års vidaregåande opplæring frå utdanningsprogram for: • Idrettsfag • Musikk, dans og drama • Studiespesialisering • Medium og kommunikasjon med Vg3 medium og kommunikasjon • Naturbruk med Vg3 naturforvaltning Gjeldande per 23.06.2006

  12. Yrkeskompetansehar du når du er utdanna til å utøve eit yrke • Du får vitnemål som dokumentasjon på yrkeskompetanse når du har • fullført og bestått tre års fastsett opplæring i skole • Du får fagbrev eller sveinebrev som dokumentasjon på yrkeskompetanse når du har • fullført og bestått fastsett teoretisk opplæring i skole (det finst unntak frå kravet om bestått) • fullført den fastsette opplæringstida i bedrift • bestått den praktiske fagprøva eller sveineprøva ved slutten av læretida • Når du har yrkeskompetanse, kan du gå vidare på fagskole • Fag- eller sveinebrev gir grunnlag for meisterbrev Gjeldande per 23.06.2006

  13. Yrkeskompetanse • Yrkeskompetanse utan fagbrev eller sveinebrev får du i yrkesfag som ikkje høyrer inn under lærefaga • Yrkeskompetanse med fagbrev eller sveinebrev får du i lærefag frå dei 9 yrkesfaglege utdanningsprogramma Gjeldande per 23.06.2006

  14. Påbygging til generell studiekompetanse Generell studiekompetanse kan du oppnå ved å fullføre og bestå Vg3 påbygging til generell studiekompetanse etter at du har • fullført og bestått Vg1 og Vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller • oppnådd yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev eller • oppnådd yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev Gjeldande per 23.06.2006

  15. Fag- og timefordeling • I alle utdanningsprogram har du fellesfag, t.d. norsk, engelsk, matematikk og naturfag • I studieførebuande utdanningsprogram har du i tillegg • felles programfag som høyrer til programområdet ditt • valfrie programfag som du kan velje frå ditt eige programområde eller frå eit anna programområde frå studieførebuande utdanningsprogram • I yrkesfaglege utdanningsprogram har du i tillegg • felles programfag som høyrer til programområdet ditt • prosjekt til fordjuping som du kan bruke til fordjuping i eit ønskt lærefag/yrkesfag, fellesfag frå Vg3 påbygging til generell studiekompetanse eller programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering Gjeldande per 23.06.2006

  16. Fag- og timefordelingUtdanningsprogram for studiespesialisering Programområda Vg1 studiespesialisering og Vg2 og Vg3 realfag, samfunnsfag og økonomi, og språkfag Timetala er oppgitt i 45 minutts einingar per veke. Gjeldande per 23.06.2006

  17. Fag- og timefordelingUtdanningsprogram for studiespesialisering Programområde for formgivingsfag frå Vg1 Timetala er oppgitt i 45 minutts einingar per veke. Gjeldande per 23.06.2006

  18. Fag- og timefordelingUtdanningsprogram for studiespesialisering Programområde for formgivingsfag frå Vg2 Timetala er oppgitt i 45 minutts einingar per veke. Gjeldande per 23.06.2006

  19. Fag- og timefordelingUtdanningsprogram for idrettsfag * Kroppsøving høyrer med i programfaga. Timetala er oppgitt i 45 minutts einingar per veke. Gjeldande per 23.06.2006

  20. Fag- og timefordelingUtdanningsprogram for musikk, dans og drama * Kroppsøving kan høyre med i programfaga. Timetala er oppgitt i 45 minutts einingar per veke. Gjeldande per 23.06.2006

  21. Fag- og timefordeling på Vg1Studieførebuande utdanningsprogram Timetala er oppgitt i 45 minutts einingar per veke. Valfrie programfag kan du velje frå • ditt eige programområde • eit anna programområde frå studieførebuande utdanningsprogram Gjeldande per 23.06.2006

  22. Fag- og timefordelingYrkesfaglege utdanningsprogram Timetala er oppgitt i 45 minutts einingar per veke. Gjeldande per 23.06.2006

  23. Fag- og timefordelingYrkesfaglege utdanningsprogram Timetala er oppgitt i 45 minutts einingar per veke. Prosjekt til fordjuping kan du bruke til • å førebu deg til eit ønskt lærefag/yrkesfag • fellesfag frå Vg3 påbygging til generell studiekompetanse • programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering Gjeldande per 23.06.2006

  24. Kva rettar har du?Du som går ut av grunnskolen, har rett til • tre års vidaregåande opplæringi løpet av ein samanhengande periode på fem år dersom opplæringa går føre seg i skole, eller seks år dersom heile eller delar av opplæringa går føre seg i bedrift– men du må fullføre innan utgangen av det året du fyller 24 år • å fullføre opplæring som etter læreplanen varer i meir enn tre år Gjeldande per 23.06.2006

  25. Kva rettar har du?Du som går ut av grunnskolen, har rett til • inntak på Vg1 i eitt av tre utdanningsprogram • men du må søkje i prioritert rekkjefølgje: 1 – 2 – 3 • inntak på eit Vg2 som byggjer på det Vg1 du har valt • men du har ikkje krav på å få det programområdet du prioriterer Gjeldande per 23.06.2006

  26. Kva rettar har du?Du som går ut av grunnskolen, har rett til • eitt års utvida rett til opplæring ved eitt omval • men du må velje om att på same nivå for å kunne fullføre innanfor retten • to pauseår undervegs i vidaregåande opplæring • men du må rekkje å fullføre opplæringa innan utgangen av det året du fyller 24 Gjeldande per 23.06.2006

  27. Kvar kan du gå på skole? • Primært skolar i eige fylke • men ingen fylke tilbyr alle programområda • Skolar i nabofylke • for spesielle tilbod som fylka samarbeider om • Skolar med landslinjer og landsdekkjande tilbod • kan søkjast same kvar i landet du bur • karakterane dine avgjer om du kjem inn • Skolar i andre fylke enn ditt eige • dersom heimfylket ditt kjøper plass til deg Gjeldande per 23.06.2006

  28. Kvar kan du gå på skole? • Statlege skolar • skolar for elevar med spesielle behov • samiske vidaregåande skolar • skolar med utdanningsprogram for naturbruk • Friskolar og private skolar • du må rekne med å betale skolepengar • friskolar er godkjende av Utdanningsdirektoratet • Skolar i utlandet • norske friskolar i utlandet • utanlandske skolar Gjeldande per 23.06.2006

  29. Nyttige tips og råd • Det er ditt val! • Hugs søknadsfristane: • særskilt inntak 1. februar • ordinært inntak 1. mars • Set alltid opp tre alternative Vg1 • men innanfor tre ulike utdanningsprogram • Om du angrar på vala dine • kontakt inntakskontoret Gjeldande per 23.06.2006

  30. Nyttige tips og råd • Gjer deg kjend med tidsplanen for inntaket • Hald svarfristane. Er du ikkje heime • send førehandssvar til inntakskontoret • syt for at andre svarer for deg • Du kan miste plassen dersom du • ikkje svarer til rett tid • ikkje møter første skoledagen • Hugs klagefristen 3 veker etter at du fekk inntaksmeldinga • Legg ved opplysningar som kan ha noko å seie for inntaket eller opplæringa • ingen kan ta omsyn til noko dei ikkje veit om Gjeldande per 23.06.2006

  31. Spesielle forhold • Heile eller ein større del av opplæringa i bedrift (side 30 og 31) • Kompetanse på lågare nivå (side 32 og 33) • Spesialundervisning og inntak etter sakkunnig vurdering (side 34 og 35) • Minoritetsspråklege (side 36) • Vaksne (side 37) Gjeldande per 23.06.2006

  32. Heile eller ein større del av opplæringa i bedrift Fylkeskommunen kan godkjenne at • du inngår lærekontrakt/opplæringskontrakt rett etter grunnskolen • du avbryt opplæringa i vidaregåande skole og inngår lærekontrakt/opplæringskontrakt tidlegare enn læreplanen fastset • opplæringa i skole og bedrift blir teken i ei anna rekkjefølgje enn det læreplanen fastset Gjeldande per 23.06.2006

  33. Heile eller ein større del av opplæringa i bedrift • Den praktiske delen av opplæringa • kan gå føre seg berre i bedrift • kan veksle mellom bedrift og skole • Den teoretiske delen av opplæringa • må gjennomførast i løpet av læretida • går vanlegvis føre seg i eigne grupper i vidaregåande skole • kan gå føre seg i bedrift Gjeldande per 23.06.2006

  34. Kompetanse på lågare nivå • Kompetanse på lågare nivå har du når du ikkje oppnår full studie- eller yrkeskompetanse etter tre (eventuelt fem) år med vidaregåande opplæring. • Skolen og PP-tenesta hjelper deg med å planleggje opplæringsløpet ditt. • Du kan seinare gjennomføre meir opplæring med sikte på studie- eller yrkeskompetanse. Ein opplæringskontrakt kan i visse tilfelle endrast til lærekontrakt i løpet av læretida. • Du får kompetansebevis som dokumentasjon på den opplæringa du har fullført. Gjeldande per 23.06.2006

  35. Kompetanse på lågare nivå • Planlagd kompetanse på lågare nivå får du • som elev i skole • som lærekandidat med opplæringskontrakt i bedrift • dersom du • ved starten av opplæringa veit at du kjem til å få van-skar med å oppnå full studie- eller yrkeskompetanse • undervegs i opplæringa oppdagar at du ikkje når dei måla du hadde sett deg, og endrar måla dine • Ikkje planlagd kompetanse på lågare nivå får du • dersom du fullfører, men ikkje består, tre (eventuelt fem) års opplæring med sikte på yrkes- eller studiekompetanse Gjeldande per 23.06.2006

  36. Spesialundervisning og inntak etter sakkunnig vurdering Du som går ut av grunnskolen, har rett til • rettleiing og hjelp frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) • rettleiing og hjelp frå oppfølgingstenesta (OT) til og med det året du fyller 21 år dersom du • ikkje søkjer opplæringsplass • ikkje tek imot opplæringsplass • avbryt opplæringa før ho er fullført • ikkje er i fast arbeid • taper opplæringsretten Gjeldande per 23.06.2006

  37. Spesialundervisning og inntak etter sakkunnig vurdering Etter sakkunnig vurdering frå PPT kan du som har behov for det, søkje om rett til • inntak til særskilt prioritert utdanningsprogram • inntak til spesialundervisning • opplæring i punktskrift • opplæring i teiknspråkleg miljø eller tolk i ordinær opplæring • utvida rett til opplæring – maksimalt fem år Gjeldande per 23.06.2006

  38. Minoritetsspråklege Du som tilhøyrer ein språkleg minoritet, har dei same rettane som norsk ungdom dersom du • har gjennomført norsk grunnskole eller tilsvarande • har gyldig opphaldsløyve i Noreg Er du mindreårig asylsøkjar som ventar på avgjerd på ein søknad om opphaldsløyve, kan du takast inn til vidaregåande opplæring, men du har ikkje rett til å fullføre dersom du får avslag. Du bruker ikkje av retten din til tre års vidaregåande opplæring dersom du tek eit spesielt innføringsår for minoritetsspråklege før Vg1. Gjeldande per 23.06.2006

  39. Vaksne Du som er vaksen – fødd før 1. januar 1978 – og som har fullført grunnskolen, men ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til • opptil tre års vidaregåande opplæring, og rett til å fullføre opplæring som etter læreplanen varer i meir enn tre år • å få kartlagt realkompetansen din i forhold til den sluttkompetansen du ønskjer • å få starte vidaregåande opplæring frå det nivået du er på Vaksne med rett til vidaregåande opplæring • skal primært takast inn til opplæring som er spesielt organisert for vaksne • kan takast inn til ordinær opplæring, men blir då prioriterte etter ungdom med rett til vidaregåande opplæring Gjeldande per 23.06.2006

  40. Strukturkart Sjå strukturkartet på vilbli.no eller hent oppdatert strukturkart i pdf-format. Gjeldande per 23.06.2006

  41. Meir informasjon • Sjå nettstaden vilbli.no • Spør rådgjevar på skolen din • Kontakt inntakskontoret • Gå på yrkes- og utdanningsmesser • Besøk vidaregåande skolar • Snakk med ulike yrkesutøvarar Lykke til med valet ditt! Gjeldande per 23.06.2006