1 / 21

Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?. Oddrun Grønvik Landsmøtet til Noregs Mållag 28.4.2007. Perspektiv. Leggja eit best mogleg grunnlag for at ny norsk skal vera eit samfunnsberande skriftspråk om hundre år (etter Norsk i hundre! Språkrådet 2005). 2000 2001 2002 2003.

darius
Download Presentation

Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Kvar går Språkrådet?Kva vegval bør målrørsla gjera? Oddrun Grønvik Landsmøtet til Noregs Mållag 28.4.2007

  2. Perspektiv Leggja eit best mogleg grunnlag for at nynorsk skal vera eit samfunnsberande skriftspråk om hundre år (etter Norsk i hundre! Språkrådet 2005)

  3. 2000 2001 2002 2003 Bokmålsseksjonen i Norsk språkråd vedtok å fjerne klammeformsystemet KKD spør om klammeformsystemet kunne fjernast også i nynorsk Referansegruppe for nynorsk nedsett. Punktgranskingar gjennomførde. Drøfting i nynorskseksjonen i Norsk språkråd Vedtak om å fjerne klammesystemet To syn på kva rettskrivinga skal omfatte Utgreiinga Nynorskrettskrivinga ut på høyring med fleirtals- og mindretalsinnstilling Vedtak om å halda på klammeformsystemet for nynorsk rettskriving Rettskrivingssaka – kva er skjedd?

  4. 2006 2007 Bokmålsrettskrivinga utan klammer lansert KKD ber Språkrådet melde inn "innhald og omfang av dagleg vedlikehald av norsk”. Språkrådet melder normeringsbehov til KKD. Prioriterer "En gjennomgripende revisjon av rettskrivningen for nynorsk". Fire fagråd under Språkrådet oppnemnde av KKD Spørsmålet om nynorskrettskrivinga på sakskartet til Fagråd for språkobservasjon og normering. Rettskrivingssaka etter omskiping av Språkrådet

  5. 2002 2004 2005 2006 2007 Tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd oppheva Årsmøte i Språkrådet der omdanning var hovudsaka Lov av 18. juni 1971 om Norsk språkråd oppheva Språkrådet skipa som råd under KKD med mandat til å bli eit nytt kompetansesenter for norsk språk Rapporten "Norsk i hundre" blir framlagd Nye vedtekter for Språkrådet fastsette av KKD Konstituerande møte for dei fire fagråda under styret i Språkrådet Stortingsmelding om språk lova seinare i år Språkrådet – kva er skjedd?

  6. Punkt å tenkje på Status for nynorsk rettskriving Status for nynorsk bruksmål Kva skal nynorskrettskrivinga femna om? Kven skal vera med og forma rettskrivinga? Kor viktig er rettskrivinga (symbolverdiar)? Kva verknad kan rettskrivingsendring ha på språkbrukarar og målrørsla?

  7. Status for nynorsk rettskriving • Store rettskrivingsendringar 1850 - 1938 • Små rettskrivingsendringar etter 1938 • ”midtlinjenynorsk” = samling rundt dei tradisjonelle formene innanfor læreboknormalen • Talet på sideformer auka mykje på 70- og 80-talet • Valfridomen i nynorskrettskrivinga blir i dag etter måten lite nytta – bra el ille? • Er valfridom i rettskrivinga eit gode i seg sjølv, eller eit steg på vegen til ein fast normal?

  8. Framlegga frå 2002 Rørte lite ved valfridom innenfor hovudformene • Galdt klammeformene • i-målet går ut Usemje om • valfri diftong/monoftong (flaum/flom, øyre/øre) • j-lause former (legge, skjenke) • Fleirtal på –ar for ord som bunad og sofa • Fortidsform på –te for verb med –de (kjenne, køyre)

  9. Status for nynorsk bruksmål • Alle lærer å lese og skrive nynorsk (ungdomsskulen) • Målføra allment godtekne og brukte (på veg mot regionale talemål?) • Fleire utgjevingar og sjangrar enn nokon gong før • Færre opne forbod mot nynorsk • Område der nynorsken ikkje blir brukt? Realfag, forretningsliv … Manglar oppfølging og kartlegging. • Tal skuleelevar, studentar, rekruttar?

  10. Kva skal nynorskrettskrivinga femna om? • Offisiell norm – statleg vedteken rettskriving • Uoffisiell norm – dominerande praksis mellom tunge (private) aktørar • Offisiell norm er obligatorisk for offentleg målbruk og til undervisning • Skal den offisielle norma vere ramme for skriftmålet til alle nynorskbrukarar i alle samanhangar?

  11. Kven skal vera med og forma rettskrivinga? • Open, offentleg, demokratisk prosess • Vedteken av folkevalde eller delegerte for dei folkevalde (departement, fagråd mm) • I lukka rom og krinsar • Vedteken av dei som har makt til å realisera ei rettskriving (forlag, ordboksredaksjonar, akademi, avisredaksjonar …) • Praksis: ei blanding!

  12. Kor viktig er rettskrivinga (symbolverdiar)? • Rettskrivinga skal vera talemålsnær og ha stor valfridom så kvar kan forma sin stil • Symbol for viktige politiske prinsipp • Høgt engasjement • Rettskrivinga skal vera fast og systematisk slik at ho er lett å læra og kontrollera • Ei teknisk administrativ tilretteleggingssak • Lågt engasjement

  13. Moglege negative verknader av rettskrivingsendring 1 Høgt engasjement (sterk øsing) Strid om rettskrivinga kløyver målfolket og tek merksemda vekk frå nynorsk som bruksmål Vonbrot over å ikkje få ”eigne” former fører til avskaling og tap i utbreiing Strid om rettskrivinga støyter folk vekk Irritasjon over manglande fastleik fører til at folk vel bokmål

  14. Moglege negative verknader av rettskrivingsendring 2 Lågt engasjement (likesæle) • Det blir utarbeidd ny rettskriving med ordlister og ordbøker, men blir dei tekne i bruk? • Folk gidd ikkje læra seg dei nye reglane og held fram som før (det går stort sett greitt) • Folk går over til bokmål fordi det er lettare å gå med straumen

  15. Moglege positive verknader av rettskrivingsendring • Nynorsk får ei enklare form – lettare å lære • Nynorsk bli billegare i drift (mindre kontrollapparat, mindre tvil) • Det blir lettare å lage gode språkverkty for oppfølging og opplæring • Argument mot jamstelling i arbeidslivet (domene, terminologiutvikling) får mindre vekt • Meir innsats for bruksmål og språkodling Føresetnad: streng norm, lite valfridom

  16. Semje gjev styrke Mine spørsmål til nynorskbrukarane: Kor omfattande rettskrivingsendringar kan ein nå fram til semje om? Trengst det ei ny utgreiing om nynorskrettskrivinga i tillegg til 2002-utgreiinga? Kor omfattande bør den formelle prosessen vera? (høyringar, møte osb.)

  17. Eit par språkprøver 1860 - 1920 Eg for meg heve fengjet mine Saar og Skraamor, og der er alt skotne mange Hestar under meg. Den sidste var, daa eg no vardt utjagad fraa Departementet. (A. O. Vinje: Skrifter i Samling III,135) Lensmannen med sine Vitne stig inn paa Lofte hjaa Enkja og skal gjera "Execution". Det gjeld dei siste Restane; Gull-Ure ho fekk av Mor si ein Gong; Gull-Ringen ho fekk av Brudgomen sin; Vogga der Borni hennar hev sovi; den gamle Sofaen .. (Arne Garborg: Skriftir i samling VII s. 32. 1922)

  18. Språkprøve 1917 sjølvstende-kunngjeringi … ber merke av det synet som upplysningsmennene i Europa målbar på dei tider, og segjer m.a. at alle menneske er skapte like og hev fått sine ukrenkjelege rettar, som retten til liv, fridom, framtak. (Eskeland, Severin: Soga um millomalderen og den nye tidi s. 236. Kristiania, Cappelen, 1926)

  19. Språkprøver 1930-åra Duun, Olav: Siste leveåre. s. 58. Oslo, Norli, 1933 Det vart ikkje så ho sa noko større med han var inne, anna enn litt vanlig prat om vêre og om laksen, ja og så om krigen. -Men krigen og mannfolka skjønnar eg meg ikkje på, sa ho. Noko anna enn litt godprat vart det ikkje millom henne og Ragnhild heller etter det. Lea måtte få sjå over Stavsund ute og inne. Dei gjekk frå loft til bur og småsnakka, og Ragnhild hørtes rolig og fornøgd. Vesaas, Tarjei: Fars reise. s. 113-114. Oslo, Norli, 1930 Slik uro der var no fyre alt skulde stilne. Dei som sat på dammen sansa det, dei såg uppyver i det myrke, såg ingenting, høyrde ikkje heller, på vanleg vis, berre sansa. Dyregodtmannen fekk liv i augo. I den gode tid, fyre angesten tok til sigle på himmelen hans, gjekk han vel einstad burt i dei stille strendene, so langt undan at damfossen var døyvd, for å lye med isen la. Sveen, Åsmund: Svartjord. s. 136. Oslo, Gyldendal, 1937 -Kast-ut likvaskaren, skreik dei til Tore, raude andlet kopte imot han. Risen var veik som fausk, gjorde kje motstand, sa inkje, Tore støytte han ut gjenom døraholet så han tomla mot troppa. -God kar, god kar, skreik dei til Tore folk ikring, noen vilde skjenke han.

  20. Språkprøver frå etterkrigstida Så varmt hadde Vitskapsselskapet tala Aasens sak, at sjølve departementet no såg seg forplikta til å ta initiativet til å gje Aasen den årlege hjelp, 300 spd., som trongst til å føra det verket vidare, som selskapet i 9 år hadde bore fram med slik kjærleik. Men V. S. slepte ikkje Aasen før den tidlegare protesjéen vart gjord til likemann, dvs. då dei i 1852 valde han inn som medlem.(Øverås, Asbjørn: Frå virke og vitskap s. 85-86. Oslo, Aschehoug, 1956) Måndag låg det føre tilråding om at eg var kvalifisert til eit professorat i nynorsk litteratur og målbruk. Tysdag godkjende fakultetet det som var gjort, og vedtok tilrådinga; det same gjorde kollegiet. Men fyrst 21. oktober tilsette departementet meg, frå 1. november. I bladmeldinga vart det særskilt sagt at utnemninga var gjord etter tilråding frå Universitetet; Devik hadde sytt for det, og han har fortalt at han fekk ein reprimande av den grunn.(Midttun, Olav / Livsminne. S. 137. Oslo, Samlaget, 1971) Den 18. juni la president Bush fram ein plan for eit Homeland Security Department. Det er eit stort departement som, for betre å kunne ivareta alle dei nasjonale tryggingsinteressene, skal ta opp i seg mange av funksjonane som i dag er spreidde over mange av dei andre departementa. Denne veka stakk ein liberal republikansk senator kjeppar i hjula for presidentens rett til setje til side dei faglege rettane i det nye departementet. (Dag og Tid 2002)

  21. Litteratur Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi. Språkrådet 2005. Nynorskrettskrivinga. Utgreiing om og framlegg til revisjon av rettskrivinga i nynorsk. Norsk språkråd 30.10.2002. http://no2014.uio.no(følg peikarar til Nynorskkorpuset)

More Related