1 / 16

Geir Sverre Braut Statens helsetilsyn Oslo, 25. september 2012

Statleg tilsyn med kommunane- rettleiing og læring: Korleis få læringseffekt av eit lovlegheitstilsyn?. Geir Sverre Braut Statens helsetilsyn Oslo, 25. september 2012. Utgangspunkt for innlegget. Røynsler frå Statens helsetilsyn. Tilsynsmelding 2005.

thora
Download Presentation

Geir Sverre Braut Statens helsetilsyn Oslo, 25. september 2012

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Statleg tilsyn med kommunane- rettleiing og læring: Korleis få læringseffekt av eit lovlegheitstilsyn? Geir Sverre Braut Statens helsetilsyn Oslo, 25. september 2012

  2. Utgangspunkt for innlegget • Røynsler frå Statens helsetilsyn

  3. Tilsynsmelding 2005 • ”Tilsyn handlar om å vise korleis forholda er i høve til korleis dei bør vere” • Vesentlege utfordringar: • Grenseflater • Fagleg styring/leiing • Internkontroll • Læring i organisasjonen • Dette er like aktuelt i 2012 som det var i 2005

  4. Utgangspunkt for innlegget • Røynsler frå Statens helsetilsyn • Forskingsprosjektet ”Accilearn” • Kan forteljingar om ulykker nyttast til læring? • Kan gransking av ulykker nyttast til læring? • Kva er i så fall føresetnadene? • Grunnlag for arbeidet • Pedagogisk (didaktisk) teori og praksis • Teori om tekstar som berarar av kunnskap • Overordna læringsperspektiv • Individuell tileigning og individuell deltaking

  5. Kven er tilsynet til (nytte) for? Tilsynsetatane? Styremaktene? Utøvarane? Tenesteytarane? Kundane? Tenestemottakarane? Samfunnet? Folket? Ser vi tilsynets ”Janus-andlet” ? Rettstryggleik og tenesteutvikling Brot på lovkrav eller rom for utvikling Tilsyn er relatert til vurdering (les: kontroll) av lovkrav Jf. NOU 2004:17, Ot. prp. nr. 97 (2005-2006), Innst. O. nr 19 (2006-2007) og St. meld. nr. 17 (2002-2003) Statleg tilsyn - nokre spørsmål og eit svar

  6. Føreseieleg, ikkje vilkårleg God operasjonalisering av rettskrav, ikkje minst rettslege standardar og reglar som krev skjønnsvurderingar (Rettslege standardar konstituerer seg i praksisfeltet, ikkje primært i forvaltninga) Erfaringsbasert ”Tilsynssjangeren” – Funn / Norm / Vurdering Sporbart, etterretteleg, helst også etterprøvbart Tydeleg på ansvarsforhold, t.d. når det gjeld rådgjeving … … og vere tydeleg når ein med ”tilsyn” i namnet på verksemda utfører andre forvaltningsoppgåver Kva er godt tilsyn ?

  7. Kva er eigentleg læring for noko? • Det er mange som har prøvd seg med svar på det • Det har noko med kunnskap å gjere • …… og det har noko med handling/åtferd å gjere • Læring i relasjon til praksis (for/av praksis) kan i alle fall ha desse måla: • Forandring • Forankring • Forståing • I ein organisasjon handlar læring ikkje minst om å bruke tilgjengelege ressursar på effektive og forsvarlege måtar

  8. Kva er eigentleg læring for noko? • Det er mange som har prøvd seg med svar på det • Det har noko med kunnskap å gjere • …… og det har noko med handling/åtferd å gjere • Læring i relasjon til praksis (for/av praksis) kan i alle fall ha desse måla: • Forandring • Forankring • Forståing • I ein organisasjon handlar læring ikkje minst om å bruke tilgjengelege ressursar på effektive og forsvarlege måtar

  9. Kva lærer vi av kva tilnærming? • Kvifor lærer vi av eigne feil, men ikkje så lett av andres feil? • Avvikskorrigering byggjer på ”mål-middel”-didaktikk • Men den sviktar i effekt når målet er meir uklårt • Alternativt didaktisk tilnærming er ”relasjons-/ refleksjonsorientering”

  10. Læring i eit sosialt perspektiv • Mange aktuelle pedagogiske teoriretningar. • Her er tre mykje omtalte teoriar/modellar: • ”Reflection in action” (Schön): • Informasjon – Kontekst – Refleksjon • ”Situated learning” (Lave & Wenger): • Deltaking i ”communities of action”, gjerne ”perifert” • ”Trespiral-modellen” (Swart & Pye; jf. Aase & Wiig, 2005) • Hending – Refleksjon – Kollektiv praksis

  11. Læring av erfaringar • Experiential learning • The process through which the learner constructs knowledge, skill, and values through direct experience (Association for Experiential Education, cfr. Camille J. Bunting (2006)) • Det er hendinga som er utgangspunktet for læring • Kva då med læring gjennom indirekte erfaring? Experiencing Applying Reflecting Generalizing

  12. Læringsprinsipp • Caine and Caine (2001) cfr. Camille J. Bunting: • Hjernen søkjer kontinuerleg etter meining og samanhengar • Hjernen lærer både av perifer og fokusert merksemd, og kan forhalde seg til samtidige funksjonar • Hjernen har stor yting ved komplekse og meiningsfulle utfordringar, når truslar er fråverande • Ekte læring engasjerer heile fysiologien(kjensler, intellekt, kropp) • Dette høver med gode forteljingar som kunnskapsberarar! • Ved forventingar om indirekte læring frå ulykker er det difor ikkje urimeleg å sjå nøye på forteljinga om ulykka

  13. Læring og leiarskap – ei samanlikning

  14. Tilsynet og tilsynsrapporten • Ulike føremål med tilsyn, undersøkingar og granskingar • Plassering av ansvar, påvise lovbrot (system, individ) • Førebygging • Årsaksoppklåring • Alle desse tre kan i og for seg ha noko å gjere med læring • Læring i forhold til kven som utfører tilsynet? • Ad hoc-organ - då blir rapporten svært sentral • Særlege (tilsyns)organ - kan òg nytte andre verkemiddel • Verksemda sjølv - høve til ekte erfaringslæring

  15. Om poenget er læring…… • ……er det rimeleg å leggje til grunn at det skjer best når erfaringsformidlinga: • Kjem nær undersøkinga/hendinga i tid og stad • Sikrar aktiv deltaking frå involverte • Presenterer ei god framstilling (les: forteljing) av dei aktuelle forholda og årsaksoppfatingane; gjerne multimodalt, som relevante personar kan forstå og kjenne seg att i • Held ope for undring der ein ikkje er sikker • Opnar for spørsmål utanfrå (les: høyring)

  16. Mogelege konklusjonar Om læring er spørsmålet, så finst det betre svar enn tilsyn Om rettstryggleik er spørsmålet, så er tilsyn eit av svara Alt som har med rettstryggleik å gjere må utførast med stil Men når ein først utfører tilsyn, så får ein i søkk og kav av erfaringar som det ville vere dumt ikkje å nytte til læring og utvikling Og det må vel vere eit ansvar for verksemda/ kommunen sjølv? Tilsynsorgana bør utfordrast til å presentere funna sine gjennom gode ”forteljingar”. For læringseffekt er truleg dette meir vesentleg enn dei konklusjonane som tilsynet presenterer.

More Related