50 likes | 163 Views
Jølster IL - Fotballgruppa. Hospiteringsreglar :. Reglar for hospitering i aldersfastlagde klassar i Jølster Fotball:. Jølster IL - Fotballgruppa. Innleiing:.
E N D
Jølster IL - Fotballgruppa Hospiteringsreglar: Reglar for hospitering i aldersfastlagde klassar i Jølster Fotball:
Jølster IL - Fotballgruppa Innleiing: Jølster Fotball ynskjer å vere aktiv m.h.p. hospiteringsordningar i klubben. Dette fordi det er ynskjeleg å ha eit større fokus på å utvikle gode spelarar i Jølster i framtida. Gode hospiteringsordningar er viktig i så måte. Reglane er meint å uttrykkje ei haldning frå klubben si side, samt vere avklarande.
Jølster IL - Fotballgruppa 1.0 Generelt: 1.1: Dette er noko klubben har gjort gjeldande gjennom gyldig styrevedtak 1.2: Reglane gjeld for alderstrinna 10 år (miniputt) t.o.m. 19 år (junior). 1.3: Det er spelaren som skal vere i fokus, og ved usemje er det spelaren, i samråd med foreldra, som skal bestemme m.h.p. hospitering. 1.4: Kor mange klassar spelaren skal flyttast opp blir avgjort mellom spelar, trenar og foreldre. 1.5: Ein spelar skal, som hovudregel, ikkje flyttast ned i klassar under der han opprinneleg tilhøyrer for å toppe laget. Derimot kan dette vere aktuelt ved søknad om dispensasjon til kretsen i alderstrinna 12 – 19 år. Dette bør gjerast viss det er til fordel for spelaren. 1.6: Trenarane på dei ymse laga pliktar å ha foreldremøte før serien startar kvar sesong. Dette for å informere generelt om sesongen, og særskilt om hospiteringsordningar.
Jølster IL - Fotballgruppa 2.0 Uttak: 2.1: Både trenaren for den opprinnelege klassen og trenaren for hospiteringsklassen må vere einige m.h.p. hospiteringsordninga. 2.2: Det bør vere minimum 2 spelarar frå kvart lag som blir flytta opp. 2.3: Trenarane pliktar å samordne hospiteringa på ein slik måte at det er til beste for spelaren. 2.4: Ved likt kamptidspunkt, og trenarane ikkje blir einige om ei minneleg ordning, skal spelaren spele kamp for det laget han opprinneleg høyrer til på. 2.5: Når kamp i hospiteringsklassen og trening i den opprinnelege klassen kolliderar, og ein ikkje kjem til ei minneleg ordning, skal spelaren spele kamp i hospiteringsklassen. 2.6: Dei spelarane som blir tekne ut til hospitering er med på dei samlingane til trenarforumet (i tillegg til andre frå dei aktuelle klassane).
Jølster IL - Fotballgruppa Med helsing Arbeidsgruppe beståande av • Arnar Helgheim (styret) • Christian Buanes • Oddvar Årdal (trenarforum)