10 likes | 93 Views
Julebordturnering 2010. I forbindelse med julebordet på Samfunnshuset Varden, laurdag 27 november, inviterar Fjørtoft Turn og Idrottslag til ein uhøgtidleg fotballturnering for dei som på ein eller anna måte har relasjonar til Fjørtofta.
E N D
Julebordturnering 2010 I forbindelse med julebordet på Samfunnshuset Varden, laurdag 27 november, inviterar Fjørtoft Turn og Idrottslag til ein uhøgtidleg fotballturnering for dei som på ein eller anna måte har relasjonar til Fjørtofta. FTIL har i denne anledning leigd IP Huse hallen på Harøya, og turneringa vil gå føre seg frå kl. 12.00 til kl. 16.00. FTIL oppmoder alle interesserte born og vaksne, gutar og jenter i å danne eigne 5’er lag. Her er det berre å hive seg rundt snarast råd. Til no er det registrert inn 5 lag, og vi veit at fleire er i kjømda. Meld deg på ved å sende inn ein mail til ftil@ftil.net eller egil@aakremekaniske.no eller gå inn på facebook. Publikum er hjarteleg velkomen for å heile. Ta med familien, slekt og vener. Dette blir kjekt Premieutdeling og diverse utmerkingar vil foregå på julebordet på Samfunnshuset Varden. FTIL oppmodar alle til å melde seg på julebordet snarast råd. Dette kan ein gjere på Fjørtoft Handelslag eller ved å betale inn eit depositum på kr. 200,- inn på Samfunnshuset Varden sitt konto nr. 4005 20 20583 og deretter sende ein SMS til Vigdis Otterlei på mob.nr. 45225637. I meldinga skriv du kva av fylgjande du ynskjer å delta på: 1) Dans kr. 200,- 2) Middag kr. 300,- 3) Middag & Dans kr. 450,- FTIL vil kome med meir info etter kvart.