Download
foreldrem te 6 steget tysdag 17 sept kl 18 00 n.
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
FORELDREMØTE 6.STEGET tysdag 17.sept. kl.18.00 PowerPoint Presentation
Download Presentation
FORELDREMØTE 6.STEGET tysdag 17.sept. kl.18.00

FORELDREMØTE 6.STEGET tysdag 17.sept. kl.18.00

144 Views Download Presentation
Download Presentation

FORELDREMØTE 6.STEGET tysdag 17.sept. kl.18.00

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript

  1. FORELDREMØTE 6.STEGETtysdag 17.sept. kl.18.00 Informasjon frå kontaktlærarane: • Fag og organisering • Læringsmiljø • Årshjul • Diverse Foreldrekontaktane har ordet Engelsvoll skule

  2. Satsingsområder 2013/14 • Fokus på Sosial kompetanse • Skuletida er prega av respekt, trygghet og trivsel. • Vurdering for læring • Lesing • Matematikk • Musikk og Naturfag (Team 2) • Estetiske fag (Team 1) Engelsvoll skule

  3. Sosial kompetanse Respekt, ansvar og omtanke Engelsvoll skule

  4. Sosial kompetanseRespekt, ansvar og omtanke Omtanke: korleis er me mot kvarandre, korleis kan eg vera ein god ven, kva kan eg bidra med Ansvar: korleis brukar eg tida mi, korleis gjer eg arbeidet mitt, korleis tek eg vare på tinga mine, korleis tek eg ansvar for klassemiljø Respekt: korleis følger eg opp skulen og steget sine reglar, korleis oppfører eg meg mot/snakkar eg til elevar og vaksne, korleis respekterer eg andre sine grenser i leik og arbeid på skulen, korleis følgjer eg opp det me har vorte einige om

  5. Plan for sosial kompetanse • Mål for arbeidet • Me vil ha klare, felles forventningar til elevane. • Me vil skapa grunnlag for eit godt læringsmiljø. • Me vil at elevane skal møta tydelege vaksne. • Me vil gje elevane opplæring og erfaring i samarbeid. • Me vil at elevane skal ta ansvar for seg sjølv og andre. • Me vil at elevar og personalet skal trivast. • Me vil ha foreldra som nødvendige støttespelarar Engelsvoll skule

  6. Ordensreglar • Grunnlag:Me jobbar kontinuerleg med sosial kompetanse; dvs. korleis me er med andre menneske og andre sine eigendelar og eigedom. • Reglar som gjeld spesielt for skulen: • På Engelsvollgår vi i gangane. • Sykkel – Sparkesykkel – Skateboard – Rollerblades: • Kan nyttast til og frå skulen f.o.m. 4.steg. på eige ansvar. • Står parkert på eige område i skuletida, kan nyttast på tilvist plass. • Det skal nyttast hjelm, refleks og lys. • På Engelsvoll et vi snop kun ved spesielle anledninger etter avtale. • Mobiltelefon, ipod og elektronisk utstyr ligg igjen heime.   • Me held oss innanfor skuleområdet utan anna avtale med lærar. • Må noko hentast ned frå taket er det ein vaksen som gjer det – ingen elevar har lov til å klatra opp på taket. • På Engelsvoll respekterer me kvarandre og lyttar til kvarandre. • På Engelsvoll har vi orden på arbeidsplassen vår, og i garderoben. • Slik gjer me viss nokon bryt ordensreglane: • Vi gir konsekvensar knytt opp til hendinga så nært som mogeleg i tid og innhald: • Samtale elev/lærar og informasjon heim. • Samtale elev/lærar/føresette. • Gjensitting på skulen. • Utvising frå skulen. • Erstatning for skadeverk

  7. Handa Engelsvoll skule

  8. Klassereglar 6. steg 2013-2014 • Eg gjer meg kjent med læringsplan og læringsmål • Eg veit forskjell på beskjed og invitasjon til diskusjon • Eg har med sunn mat og sit i ro når eg et • Eg høyrer heile beskjeden før eg startar å gjere noko • Eg kjem raskt inn til timen • Eg har eit positivt kroppsspråk • Eg har orden i bøkene og sakene mine • Eg gjer rett oppgåve til rett tid Engelsvoll skule

  9. RELASJONSBYGGING OG KLASSELEIING PÅ 6.STEGETDette er grunnleggjande for vårt steg når det gjeld relasjonsbygging og klasseleiing: • Kvar elev skal oppleva klare forventningar fagleg og sosialt. • ŸKvar elev skal oppleva “å bli sett” av alle dei vaksne. • ŸKvar elev skal oppleva at dei betyr noko i miljøet. • ŸKvar elev skal oppleva at dei blir respektert av dei andre elevane. • ŸKvar elev skal oppleva fagleg meistring. • ŸKvar elev skal oppleva å få fagleg hjelp. • Elevane skal oppleva tydelege og trygge vaksne. • ŸElevane skal oppleva at konfliktsituasjonar alltid blir løyst snarast råd - og at dei blir involverte når det er naturleg. • ŸElevane skal oppleva at lærarane og dei føresette samarbeider om deira skulekvardag. • ŸElevane skal oppleva at lærarane har ein god tone seg i mellom og samarbeider godt.

  10. Plan mot mobbing Grunnleggande definisjon på mobbing: • Plaging som skjer ofte, minst 2-3 gonger i månaden. • Det er vanskeleg for den som blir plaga å forsvara seg. • Det er ikkje mobbing når ertinga blir gjort på ein vennskapeleg måte. • Det er ikkje mobbing når to omtrent like store elevar kranglar eller sloss. På bakgrunn av punktet ovafor, definerer me mobbing slik: Ein elev blir mobba når ein annan elev, eller fleire andre elevar: • Seier vonde eller ubehagelege ting, gjer narr av han eller henne eller brukar stygge kallenamn. • Overser han eller henne fullstendig, eller stenger han/henne ute frå kameratgruppa. • Slår, sparkar, dyttar eller truar han/henne. • Fortel løgner, spreier falske rykte eller sender ubehagelege lappar og prøver å få dei andre til å mislika han eller henne. • Kva gjer skulen når me oppdagar mobbing? • Kontaktlærar snakkar med mobbeoffer og foreldre/føresette for å kartlegge kva som har skjedd. • Kontaktlærar snakkar med mobbarane. Telefon heim til foreldre/føresette. • Kontaktlærar informerer sosiallærar og rektor. • Kontaktlærar og sosiallærar legg opp ein vidare plan. Tiltaka kan då vera: • Jevnlege samtalar med mobbarane. • Hjelp og støtte til mobbeoffer. • Innkalla foreldre og elevar til møte. • Jevnleg telefonkontakt med dei aktuelle heimane. Det skal førast logg/referat som dokumentasjon over det som blir gjort Engelsvoll skule

  11. Forventningar til elevane • På Engelsvoll skule skal elevane: • Følgja skulen og steget sine reglar • Vera høfleg, bruka fine ord og venta på tur • Visa omtanke, ansvar og respekt for vaksne og medelevar • Møte til rett tid og bruka tida rett • Halde skule og pult, hylle, garderobe rein og fin – gje beskjed om noko er øydelagt. • Ta vare på ting – bøker og materiell • Fokus på positiv forsterking, men følgja opp konsekvensar Engelsvoll skule

  12. Forventingar til tilsette på skulen • De kan forventa at me: • Gjer det klart kva forventningar me har, og kva som er viktig for arbeidet i skulen • At personalet arbeidar for å skapa tryggleik for elevane • At lærarane er tilgjengelege i arbeidstida, og tek kontakt om noko spesielt skulle henda bornet ditt • At lærarane møter opplagde, engasjerte og har planlagt arbeidet godt og er oppdatert på ulike læremåtar • At me er tydelege vaksne leiarar, rettferdige og set tydelege grenser • At me informerar om det som skjer i klassen og på skulen, og er opne for konstruktive innspel Engelsvoll skule

  13. Forventningar til føresette • På Engelsvoll skule skal me: • Bidra til å skapa eit godt miljø og vera lojale til det skulen legg opp til • Snakka positivt om skulen med borna • Ha null toleranse for mobbing og vald • Fokusera på viktige verdiar som rett og galt, likeverd, toleranse, respekt, empati og god språkbtuk • Stilla på foreldremøter og foreldresamtalar • Sørga for at borna har rett utstyr til rett tid/aktivitet • Skapa gode rutinar for sunt kosthald, måltider og søvn • Følgja opp heimearbeid og informasjon frå skulen • Fokusera på nytteverdien av læring og oppmuntra til skulearbeid • Stimulera og motivera til læring ved høgtlesing • Stilla forventningar til bornet og vera ein tydeleg vaksen som set grenser • Vera positive og gode rollemodellar • Skapa trygge rammer, visa kjærleig og omsorg • Gje konstruktive tilbakemeldingar til skulen • Engasjera oss i borna sitt miljø Engelsvoll skule

  14. Oppfølging Skulen vil ha ein tett dialog med heimen i arbeidet med elevane, og me vil følgja ein slik tiltakskjede når det er naudsynt med tettare oppfølging: Føresette: Kontaktlærar tek kontakt med føresette Om det ikkje skjer endring vil rektor kalla inn til møte med føresette og kontaktlærar Om det ikkje skjer endring vil rektor kalla inn til møte med utvida ressursgruppe Om det ikkje skjer endring vil det verte etablert kontakt med barnevern for vidare oppfølging • Elevar: • Anmerking – melding heim ved eit visst antal • Samtale med elev • Telefon heim • Samtale med kontaktlærar og føresette • Samtale med rektor • Forventning om at føresette følgjer opp Engelsvoll skule

  15. Heim/skule • Tydeleg på forventningar – begge vegar • Avklara forventningar om rutiner rundt: • Oppfølging av heimearbeid, periodeplan, vurdering • Rutiner og oppfølging av informasjon til heimen • Tilbakemeldingar til heimen – form, innhald og frekvens • Korleis meldingar om uønska åtferd vert følgd opp på skulen og heime • Alltid kontakt så tidleg som mogeleg om det oppstår episodar ein av dine elevar er involvert i Engelsvoll skule

  16. Dette har me fokus på frå oppstart • Klasseleiing og relasjonsbygging • Tydelege leiarar, trygge og forutsigbare vaksne • Tydelege forventningar til elevane: • Følgja skulen og steget sine reglar • Vera høfleg, bruka fine ord og venta på tur • Visa omtanke, ansvar og respekt for vaksne og medelevar • Møte til rett tid og bruka tida rett • Halde skule og pult, hylle, garderobe rein og fin – gje beskjed om noko er øydelagt. • Ta vare på ting – bøker og materiell • Fokus på positiv forsterking, men konsekvent med konsekvensar • Samkøyring mellom alle dei vaksne på steget Engelsvoll skule

  17. Frå skulestart skal alle vaksne ta tak i: • Brot på ordensreglar/reglar på steg/handa: • Respekt, språk og orden – inne og ute • Gå i gangane, ikkje klatra på taket, ikkje gå utanfor skulen sitt område • Sykkel – Sparkesykkel – Skateboard – Rollerblades • Snop og Mobiltelefon • Kontaktlærar vert informert – følger opp mot heimen (SFO-leiar i SFO tid, med info til kontaktlærar) • Mobiltelefon, sparkesykkel og liknande som vert brukt skal konfiskerast for resten av skuledagen 1. gong. 2. gong skal dette hentast hjå rektor. 3. gong er det foreldra som må henta det hjå rektor. Engelsvoll skule

  18. Andre moment: • Elevar skal vera inne i klasserommet i timane. Vert elevar sendt ”på gangen” skal dei vera i garderoben, ikkje gå rundt i gangane • Elevar skal vera ute i friminutta – er det elevar som får lov til å vera inne (t.d. sjukdom) skal dei vera i klasserommet – ikkje i gangane • Mellomgangen er inneområde – elevane er ute i friminuttet. Har lov til å gå gjennom. • Fotball speler me på grusbanen eller i ballbingen • Ballar på tak vert henta ned av ein vaksen – 2-3 gonger i veka • Me klatrar i klatrevegg og trær, ikkje på bygg og le-veggar • Det skal vera ryddig og orden i klasserom og garderobe når dagen er slutt. Engelsvoll skule

  19. Årshjul 2013-2014 Engelsvoll skule

  20. Engelsvoll skule