kapittel 8 mellomalderen i europa n.
Download
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
Kapittel 8: Mellomalderen i Europa PowerPoint Presentation
Download Presentation
Kapittel 8: Mellomalderen i Europa

Loading in 2 Seconds...

play fullscreen
1 / 14

Kapittel 8: Mellomalderen i Europa - PowerPoint PPT Presentation


  • 233 Views
  • Uploaded on

NYNORSK. Kapittel 8: Mellomalderen i Europa. Elevane skal kunne – gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen

loader
I am the owner, or an agent authorized to act on behalf of the owner, of the copyrighted work described.
capcha
Download Presentation

PowerPoint Slideshow about 'Kapittel 8: Mellomalderen i Europa' - gur


An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript
kapittel 8 mellomalderen i europa

NYNORSK

Kapittel 8: Mellomalderen i Europa

Elevane skal kunne

– gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen

– presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område

– gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar

1 periodisering

1 Periodisering

Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000

Europa på defensiven:

Folketalet er lite

Angrep frå mange kantar

Små byar og lite handel

slide3

1 Periodisering

Høgmellomalder: 1000–1300

Europa på offensiven:

Handelen aukar, og byane veks

Sjølvtilliten aukar i takt med veksten på ulike område i samfunnet

1 periodisering1

1 Periodisering

Seinmellomalder: 1300–1500

– Periode prega av folketapet på grunn av svartedauden.

– På den positive sida blømer renessansekunsten i Italia og Nederlanda, og folk flest får høgare levestandard.

2 folkevandringar

2 Folkevandringar

- Kven?

Første bølgje: Germanske og slaviske stammer.

Andre bølgje: Vikingar, madjarar og arabarar.

- Kvifor?

Romarriket blei gradvis svekt frå omkring 200 e.Kr., og rikdommane verka som lokkemat på ytre krefter.

Klimaendringar, krig, overbefolkning og svolt medverka også til folkevandringane og invasjonane.

2 folkevandringar1

2 Folkevandringar

Resultat:

Nedgangsperiode i europeisk historie.

Byar mista innbyggjarar og forsvann.

Slutt på bruk av myntar i økonomien, på grunn av politisk uro og manglande vern for handelsmenn.

Få kunne leve av overskotet frå bøndene.

Dei fleste levde i naturalhushald.

Lite historisk kjeldemateriale frå perioden 500–800 e.Kr.

- Lese- og skriveferdigheitene på retur.

3 f ydalsystemet

3 Føydalsystemet

Ein modell som vi kan bruke når vi skal prøve å forklare

mellomaldersamfunnet.

Korleis?

– Samfunnet var bygd opp hierarkisk, som ein pyramide.

– Kongen på toppen. For å sikre seg lojalitet kunne han låne ut jord til mennene sine (feudum/len).

– Dei som lånte jord, blei kalla vasallar og var forplikta til å utstyre riddarar og ta del i forsvaret av kongen.

– Domenejord: Jorda til godsherren, som han dreiv sjølv.

Bøndene måtte forplikte seg til å arbeide ei viss mengd dagar på godset.

3 f ydalsystemet1

3 Føydalsystemet

Kvifor?

– Kongane mangla midlar til å finansiere sin eigen hær.

– Samfunnsordenen var innstifta av Gud.

– Frankarane under Karl den store bygde opp dette systemet først.

– Målet var å byggje ei sterk statsmakt, med ein konge på toppen av føydalpyramiden.

4 oppgangsperiode

4 Oppgangsperiode

Høgmellomalderen 1000–1300.

Kvifor?

– Vendeplogen av jern gjorde fleire område dyrkbare, og jorda var mindre utsett for utpining.

– Utviklinga av bogtreet, som hindra at hesten blei kvelt, gjorde hesten til eit viktig trekkdyr.

– Rotasjonssystem hindra utpining av jorda. Treskiftebruk.

4 oppgangsperiode1

4 Oppgangsperiode

Resultat:

– Auka vareproduksjon

– Befolkningsvekst

– Fleire kunne arbeide utanfor jordbruket

– Byvekst og handel skaut fart

5 maktkamp verdsleg makt mot kyrkjemakt

5 Maktkamp: Verdsleg makt mot kyrkjemakt

– Paven: Ønskte full råderett over presteskapet og ville forfølgje brot på kristen lov.

– Meinte at kyrkja styrte i åndelege saker, mens kongen hadde autoritet i verdslege saker.

– Fridom til å utnemne biskopar – investiturstriden.

– Kongen: Ønskte kontroll med presteskapet og ville sjølv utnemne biskopar.

6 byar

6 Byar

– Sentrum for handelsfolk og handverkarar som danna grunnlaget for framveksten av byborgarskapet.

– Sjølvstyre: Eigne lover og skikkar.

– Kunne du brødfø deg sjølv, fekk du fridommen. Forlokkande for bønder.

– Høge dødstal på grunn av manglande sanitær tilrettelegging og lite innsikt i hygiene.

– Sjukdommar og parasittar florerte.

– Katedralskolane og universiteta i byane blei nye kunnskapssentra frå 1100-talet.

7 handel

7 Handel

– Frå omkring 1000: Handel med luksusvarer over dei norditalienske byane Venezia og Genova.

– Utvikling av handel med forbruksvarer på kryss og tvers over kontinentet.

– Hanseatane i Nord- Europa var med på å utvikle dette handelsnettverket som mellomledd mellom dei ulike marknadene.

– Medverka til byvekst og konsentrasjon av rikdom hos byborgarskapet.

8 svartedauden

8 Svartedauden

Byllepest frå Asia som herja i Europa 1346–1350.

– Kom på toppen av ei jordbrukskrise som hadde vakse sidan tidleg på 1300-talet.

– Svartedauden reduserte befolkninga i Europa med mellom 30 og 50 %.

– Mange meinte at pesten var ei straff frå Gud.

– Reduksjonen i folketalet førte til mangel på arbeidskraft.

– Adelen måtte gi bøndene betre vilkår til gjengjeld for arbeidskrafta deira.

- Resultat: Maktforholda i samfunnet endra seg. Bøndene fikk det noko betre.