150 likes | 283 Views
Hengeskap. Ein må ikkje ha ein fullt utstyrt snikkarverkstad for å kunne lage noko fint. Fyrst må ein teikne og planleggje skapet . Skapet i dette tilfellet har ei breidd på 500mm, høgde på 700mm og ei djupn på 155 mm.
E N D
Hengeskap Ein må ikkje ha ein fullt utstyrt snikkarverkstad for å kunne lage noko fint.
Fyrst må ein teikne og planleggje skapet. Skapet i dette tilfellet har ei breidd på 500mm, høgde på 700mm og ei djupn på 155 mm
Som utgangspunktet for yta til skapet kan ein nytte ulike typar materiale.I dette tilfelle ble det bruka 36x148 med lite kvist. Ein kan også nytte ferdige laminatplater.
Lamellane blir limde saman i forhold til lengda, breidda og djupna på skapet
Når limet er tørt blir delane sende gjennom ein dimensjonshøvel, dersom ein har. Alternativet er handhøvel og pussemaskin. Endelegtjukkleik skal vere 17-18mm
Ein lagar delane til toppen og botnen av ramma ei paneltjukn smalare enn sidene (14mm). I sidestykka bak blir det teke ut eitt spor med djupn 14mm (paneltjukn)slik at panel i bakvegg kan gå litt inn på omrammingssida. Dette for å forhindre gjennomgåande sprekk i bakvegg når panela eventuelt tørkar.
Panel til bakvegg kappast og blir montert på plass. Blir her det nytta 14x95 faspanel, gran
Då står det att berre innreiing og belisting.Dette blir tilpassa teikninga/ønske til kvar einskild.
Helt til slutt kan skapet lakkast, malast og eventuelt laserast.