20 likes | 95 Views
Sunde Skule. Føresette sine forventningar til tilsette på skulen Behandle føresette og elevane med respekt. Er løysingsorienterte i samarbeidet med heimane. Alle elevar vert sett, høyrt og tekne på alvor. Synleggjer eleven si faglege og sosiale utvikling og har klare framovermeldingar.
E N D
Sunde Skule • Føresette sine forventningar til tilsette på skulen • Behandle føresette og elevane med respekt. • Er løysingsorienterte i samarbeidet med heimane. • Alle elevar vert sett, høyrt og tekne på alvor. • Synleggjer eleven si faglege og sosiale utvikling og har klare framovermeldingar. • Låg terskel for å gje foreldre tilbakemelding. • Ein tek opp ting raskt når dei tilsette ser trendar på skulen som går i feil retning( t.dmobilbruk, mobbing på facebook og munnbruk). Det er ofte dei tilsette på skulen som fangar dette opp først. • At skulen har nulltoleranse for mobbing, samt gode retningslinjer for oppfølging. • Stimulerer til positiv åtferd. • At tilsette tek kontakt dersom eleven ikkje møter på skulen, og føresette ikkje har varsla om dette. • Trygt kan vere usamd i sak, men likevel ha eit profesjonelt forhold til borna og føresette. • Føresette sine forventningar til kvarande • Framsnakkeandre, og lære barna å vise omsorg for kvarandre. • Snakke positivt om medelevar og andre heimar. Ikkje snakke negativt om klassen slik at elevane høyrer. • Ta kontakt familiar i mellom om problem og dersom foreldre har observert situasjonar som angår «mitt» barn, og omvendt. Roleg og open tone. • Delta på sosiale klassearrangement. • At ein skal ha respekt for kvarandre og inkludere alle. • Ein kan forvente at føresette/foreldre følgjer opp tiltak som blir satt i verk. • At det ikkje vert vist filmar og spel i heimane som er over aldersgrensa når dei har besøk av vener. • Lære ungane «sunt folkevett». • Vise omsorg for alle. • Låg terskel for å ta kontakt. • Skulen forventar at føresette • Syter for at eleven er utkvilt, har høvelege sko, kle og sunn niste. • Omtalar skulen, medelevar, tilsette og skulearbeid positivt overfor barna. • Tek kontakt med skulen /lærar når det er noko de er bekymra for /i tvil om eller usamde i. • Gir skulen beskjed om hendingar som kan påverke barnet. • Les og føl opp vekeplanen og andre skriv frå skulen. • Møter på foreldremøte, utviklingssamtale og sosiale aktivitetar. • Bidreg aktivt til å skape eit inkluderande klassemiljø. • Gir beskjed om barnet ditt ikkje møter på skulen. • Samarbeider med skulen når det gjeld eleven si faglege og sosiale utvikling og føl opp det vi er einige om med kvarandre. Heim – skule samarbeid revidert 2013
Sunde Skule • Gjennom arbeid på foreldremøta, møte med alle klassekontaktane, møte for personalet på skulen, samt i FAU har vi i haust 2013 arbeidd med skule – heim plakaten. Den reviderte utgåva har vi utvida til også å gjelde forventningar oss foreldre i mellom. • Vi håpar de som føresette set av tid til å lese gjennom plakaten, samt at vi alle set fokus på å etterleve dei forventningane vi har til kvarandre • Takk, til alle som har bidrege til ny skule- heim plakat! • Sunde 02.01.2014 • På vegne av FAU: Elin Botnen Viken • -leiar- • For Sunde skule: Anne Finsveen Midtbø • -rektor - • http://sundeskule.no • Epost: Anne.Midtbo@forde.kommune.no • Tlf. kont.:57 82 87 30 • Sunde skule • « På same lag» • Skule-heimsamarbeid • Snakk positivt-> om skulen, dei tilsette, andre elevar og foreldre i bornas påhøyr. • Utvikling-> Elevane veit kva dei kan og kva dei må gjere for å verte betre. • Nulltoleranse- > for mobbing, gode retningslinjer for oppfølging. • Delta -> på sosiale klasse- og skulearrangement. • Engasjer deg -> det er skulekvardagen til ditt born det gjeld. Heim – skule samarbeid revidert 2013