140 likes | 247 Views
Konjunkturomslag og finanskrise - konsekvensar for ledigheit og sysselsetting i Sogn og Fjordane Tore Thorsnes, direktør i NAV. Ulike typar ledigheit. Friksjonsledigheit:
E N D
Konjunkturomslag og finanskrise - konsekvensar for ledigheit og sysselsetting i Sogn og FjordaneTore Thorsnes, direktør i NAV
Ulike typar ledigheit Friksjonsledigheit: • Kortvarig ledigheit som skuldast at det tek tid før ein arbeidssøkar finn ein ny attraktiv jobb etter å ha blitt ledig, sagt opp, fullført utdanning mm. Konjunkturledigheit: • Ledigheit som skuldast at det er for lite etterspørsel etter varer og tenester i økonomien. Strukturledigheit: • Ledigheit som skuldast at dei arbeidsledige sine kvalifikasjonar ikkje tilfredsstiller arbeidsgiverane sin etterspørsel. Strukturledigheit kan oppstå ved store endringer i næringsstrukturen.
Nasjonal prognose (des 08)NAV sin vurdering av gjennomsnittleg tal arbeidsledige i 2008, 2009 og 2010
Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane Utvikling i forventingsindeksen – netto prosentdel bedrifter som ventar vekst det komande året
NAV – Budsjettmessig styrking • Arbeidsmarknadstiltak: 947 mill kr i auka ressursramme tilsvarande 6000 tiltaksplassar i gjennomsnitt for 2009 • Sogn og Fjordane får 117 nye plassar og har med det eit nivå på ca. 900 tiltaksplassar i 2009 • Skal motvirke at auka ledigheit fører til lengre ledigheitsperiodar • Skal møte auka konjunkturell ledigheit • Skal settast inn mot registrerte ledige • Skal i hovudsak nyttast til opplæringstiltak (herunder arbeidsmarknadsopplæring, AMO), arbeidspraksis, lønnstilskot og oppfølgings- og avklaringstiltak • Det vert og lagt opp til auka bruk av bedriftsintern opplæring (BIO).
Forsterka negativ utvikling i arbeidsmarknaden? • Regjeringa vil vurdere samansetting og bruk av arbeidsmarknadstiltaka med sikte på å tilpasse tiltaksbruken løpande til situasjonen på arbeidsmarknaden • Regjeringa følgjer utviklinga på arbeidsmarknaden nøye framover, og vil kome tilbake med vurdering av nivået på arbeidsmarknadstiltaka i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2009 • Direktoratet vurderer det svært sannsynleg at tiltaksnivået vil auke ytterlegare i 2010
Samhandling for å møte utfordringane • Sysselsettingsforumet i fylket- KS, LO, NHO, Fylkeskommunen, Innovasjon Norge, bankane og NAV • Regjeringa og vi ønskjer størst mogleg sysselsettingseffekt av tiltakspakkane som er gitt til kommunar, fylkeskommunar, næringsliv inkl bankane • Kvar er dei arbeidsledige og kva kompetanse har dei? • Kommunane og NAV lokalt vil ha ei sentral rolle og bør ha lokale møte for å drøfte: • Korleis er arbeidsløysesituasjonen i kommunen og korleis er prognosane framover? • Kva slags arbeid kan kommunen starte for å matche dette? • Korleis kan NAV sine virkemiddel nyttast for å understøtte dette; først og fremst gjennom kompetansehevande tiltak?