Download
slide1 n.
Skip this Video
Loading SlideShow in 5 Seconds..
Kommunale planar Innlegg på Oppland fylkes eldreråds vårkonferanse 2013 PowerPoint Presentation
Download Presentation
Kommunale planar Innlegg på Oppland fylkes eldreråds vårkonferanse 2013

Kommunale planar Innlegg på Oppland fylkes eldreråds vårkonferanse 2013

138 Views Download Presentation
Download Presentation

Kommunale planar Innlegg på Oppland fylkes eldreråds vårkonferanse 2013

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Presentation Transcript

  1. Kommunale planar Innlegg på Oppland fylkes eldreråds vårkonferanse 2013 Svein Holen, sektorsjef helse og omsorg, Vågå kommune

  2. Kommunen har ulike roller Leverer tenester til innbyggarane Utøver offentleg forvaltningsmynde Legg til rette for demokratiske prosessar

  3. Plan- og bygningsloven av 2008 Planlegginga skal stimulere og samordne den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale, kulturelle og estetiske utviklinga i kommunen, og sikre befolkninga moglegheiter til påverknad av kommunens utvikling.

  4. I formålsparagrafen står det m.a.: «Planlegging og vedtak skal sike åpenhet, forutsigbarhet og medvirkning for alle berørte interesser og myndigheter. Det skal legges vekt på langsiktige løsninger, og konsekvenser for miljø og samfunn skal beskrives.»

  5. Medverknad Medverknad i planlegging skal sikrast for alle berørte interesser og styresmakter. Dette innebergrunnleggande demokratiske prinsipp som opeheit, forutsigbarheit og medverknad, både for private og styresmakter. Planlegginga skal bidra til å sikre demokrati og medverknad slik at alle som blir berørte, skal kunne få delta og få moglegheit til å uttale seg.

  6. Kommuneplan Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommunenplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver, og bør omfatte alle viktige mål i kommunen. Den skal ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og legge retningsliner og pålegg fråstatlege og regionale styresmakter til grunn.

  7. Kommuneplan (framh.) Det kan utarbeidast kommunedelplan for bestemte område, tema eller område for verksemda. Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis planen skal følgjast opp de fire følgjande åra eller meir, og bli revidert årleg.

  8. Kommunal planlegging skal sikre medverknad - og prosessen er like viktig som den ferdige planen!

  9. Høring og offentleg ettersyn Pbl § 5-2: «Når loven her bestemmer at et planforslag skal sendes på høring, skal forslaget sendes til alle statlige, regionale og kommunale myndigheter og andre offentlige organer, private organisasjoner og institusjoner, som blir berørt av forslaget, til uttalelse innen en fastsatt frist. Når loven her bestemmer at et forslag skal legges ut til offentlig ettersyn, skal minst ett eksemplar av forslaget være lett tilgjengelig for alle, slik at enhver kan sette seg inn i det. Ved kunngjøring av planutkast skal det gjøres oppmerksom på om det foreligger alternative utkast til planen som ikke har vært eller vil bli kunngjort. Det skal i tilfelle også opplyses at de er tilgjengelige på planmyndighetens kontor. Det skal legges til rette for elektronisk presentasjon og dialog i alle faser av planprosessen. Nærmere krav til høring og offentlig ettersyn framgår av bestemmelsene for den enkelte plantype.»

  10. Eldrerådslova av 1991 § 3 – (oppgåvene for kommunale eldreråd) Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen. Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret handsamar sakene. Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre. Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

  11. Plan for verdig eldreomsorg i Vågå Eit prosjekt i Vågå kommune med fokus på innhaldet i eldreomsorga og oppfylling av «Verdighetsgarantien»

  12. Organisering av prosjektet Styringsgruppe: Politisk hovudutvalg Prosjektgruppe: Sju representantar, m.a. ein representant vald av eldrerådet. Fire arbeidsgrupper: Samansett av representantarfråpårørandeforeining ved sjukeheimen, pensjonistforeining, demensforeining, eldrerådet, frivillige, etikk-prosjektet i UHT, Landslaget for offentlige pensjonister, fagpersonar, tillitsvalde, verneombod, politikarar og administrative leiarar.

  13. I planprosessen gjorde vi m.a.: Kvar arbeidsgruppe tok for seg sin del av forskrifta Vi laga ein video der vi intervjua nokreutvaldepersonar om kva dei la i omgrepet «verdig eldreomsorg». Vi laga ein stor konferanse i Vågå kulturhus 15.1.2013 - «Verdig eldreomsorg i Vågå»

  14. Plan vedteken 18.12.2012: Målsetting og definisjon: Eldreomsorga i Vågå kommune skal leggje forholda til rette for ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom. Ei verdig eldreomsorg inneber at det offentlege tenestetilbodet er innretta i respekt for og støttar opp under den enkelte sin rett til å bestemme over og meistre sitt eige liv. Eldreomsorga i Vågå kommune skal innrettast med tanke på at den enkelte har ansvar for eige liv, og leggje til rette for at den enkelte kan bu så lenge som mogleg i eigen heim.

  15. Plan for verdig eldreomsorg i Vågå kommune (framhald): Om tenestene: Vågå kommune skal sikre god informasjon om tenestetilbodet i eldreomsorga, og leggje til rette for tiltak og aktivitetar som fremjar helse og førebyggjer sjukdomar og skadar. Tenestetilbodet skal vera reelt og av god kvalitet på alle steg i «omsorgstrappa», slik at kommunen på alle nivå kan tilby rett teneste til rett brukar/pasient til rett tid.

  16. Plan for verdig eldreomsorg i Vågå kommune (framhald): Om dialogen: Grunnlaget for verdig eldreomsorg er at tenesteapparatet er i stand til å skape ein god dialog om behov og avklare forventningar med enkeltindividet. Vågå kommune vil nytte «Helsesamtale» som verktøy i dette arbeidet; eit tilbod til alle 75-åringar i kommunen. Helsesamtala vil m.a. avklare kva som er det offentlege sitt ansvar og kva den enkelte må bidra med sjølv for å skape ein verdig eldreomsorg. Helsesamtala vil ha fokus på førebyggjande arbeid som fremjar god helse og støttar opp om eigen meistring og utset behovet for omfattande omsorgstenester.

  17. Plan for verdig eldreomsorg i Vågå kommune (framhald): Om velferdsteknologi: Utprøving av velferdsteknologi er ein viktig del av arbeidet med å skape verdig eldreomsorg, fordi teknologien gjer det mogleg at menneske i større grad kan meistre eige liv og helse, slik at behovet for offentlege helse- og omsorgstenester kan bli redusert eller utsett i tid. å støtte opp under målsettinga om at tenester i større grad skal ytast der brukarane bur, slik at behovet for institusjonsbaserte kommunale tenester og sjukehusopphald blir mindre. å effektivisere tenestene, slik at ein større del av personalressursane kan gå til dei tenestemottakarane som treng det mest. Vågå kommune vil vera ein aktiv pådrivar i arbeidet med å informere om og leggje til rette for at tenestemottakarar kan prøve ut velferdsteknologi.

  18. Plan for verdig eldreomsorg i Vågå kommune (framhald): Eldre som ressurs: Ei verdig eldreomsorg i Vågå har som utgangspunkt at eldre er ein ressurs, ikkje eit problem. Eldre menneske utgjer ein stor innsatsressurs og ein kunnskapsbase, og har dessutan ei livserfaring som andre aldersgrupper ikkje har. Utfordringa er å aktivere og sørgje for at andre delar av lokalsamfunnet kan gjera seg nytte av desse store ressursane.

  19. Plan for verdig eldreomsorg i Vågå kommune (framhald): Handlingsdel i 14 punkt.

  20. Oppsummering: Staten gjev gjennom lovverket kommunane plikt til å legge til rette for demokratiske prosessar i alle planleggingsfasar. Eldrerådslova sikrar eldrerådet rett til informasjon og medverknad i alle saker som gjeld eldre sine levekår.