1 / 18

GARVARBUDA

GARVARBUDA. Historie. Garvarbuda vart bygd i 1838 av Olai Olsen Ligg nede ved sjøen på Rotset Var først handelshus Vart seld til Carl Nicolai Rødseth i 1876 Vart garveri frå 1878 Carl dreiv verksemda saman med sonen Nils Dei hadde 8-9 mann i arbeid Dei dreiv butikk i eine enden av huset.

Download Presentation

GARVARBUDA

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. GARVARBUDA

  2. Historie • Garvarbuda vart bygd i 1838 av Olai Olsen • Ligg nede ved sjøen på Rotset • Var først handelshus • Vart seld til Carl Nicolai Rødseth i 1876 • Vart garveri frå 1878 • Carl dreiv verksemda saman med sonen Nils • Dei hadde 8-9 mann i arbeid • Dei dreiv butikk i eine enden av huset

  3. Rødseth fekk oppleve både medgang og motgang • Han måtte selgje Garvarbuda på tvangsauksjon i 1884 pga økonomiske problem • Med hardt arbeid greidde han å kjøpe buda attende for 5000kr. • Då innreidde han bustad i andre høgda, og budde der saman med familia. • Dreiv garveri og butikk i resten av bygget

  4. Rødseth døydde i 1925 • Sonen dreiv i eit år, men så døydde han også • Då tok dotterson Bjarne Vassbotn over (1926) • Han heldt på til 1971 • No eig Volda Sogelag bygget

  5. Bygget • Bygget har to og ei halv etasje • Buda låg på eit viktig knutepunkt for handel og skyss/transport • Kommuneadministrasjonen heldt til på Rotset på den tida

  6. Første etasje • I nordenden av bygget (mot Volda) var krambud • Butikken ser omlag slik ut i dag som han gjorde då • Mykje av inventaret er der, td. Vekteene, disken, skrivepulten og pengekassa. • Mange varer står «enno» i hyllene

  7. Bilete av butikken

  8. Garveriet • Resten av første etasje var garveri • Der gjekk våtprosessen føre seg • Her var fleire store kar som var senka ned i golvet • Der vart skinna lagt i kalk eller bjørkelog • Her er også ein del reiskap som garvaren brukte

  9. Bilete frå første etasje

  10. Riss av første etasje

  11. Andre etasje • Her var to arbeidsrom og husvære • Her budde garvaren og familien hans • I arbeidsromma gjekk etterarbeidet av skinna føre seg. • Det var smøring, pressing og glatting • Verkstaden er omlag slik han var før

  12. Bilete frå andre etasje

  13. -og enda eit bilete

  14. Tredje etasje • Her var lager og tørkeloft og kvern til borken • Her vart borken malen og lagra • Her gjekk ei sjakt ned i første etasje der borkinga gjekk føre seg • Her var også ei sjølvlaga slipe og kardemaskin for saueskinn

  15. Bilete av sjakta ned til første etasje

  16. Garvarkaia • Nedanfor inste enden av Garvarbuda var Garvarkaia • Det var som ein pir (kai),laga av stein, som gjekk ut til marabakken -omlag 15m • Yst på kaia var det ei kran der varene vart heist på land • Det var stort sett skinn og huder • Dei vart så køyrde inn i huset og heiste opp i tredje høgda. • Då fjordafolket kom til Volda for å handle eller gå i kyrkje, var det vanleg å leggje til her. • Dei fekk då kome inn til garvaren for å stelle seg og ete niste.

  17. Garvarkaia

  18. Energivanskar • Før elektrisk energi vart teke i bruk i 1920, var det nokre praktiske vanskar • Borkkverna skulle drivast, sameleis valka («vaskemaskina») • Dei prøvde å nytte vasskraft frå ein bekk innom buda, men vassføringa vart for liten • Dei prøvde så vindkraft, med tre segl i vindhjulet, men heller ikkje det gjekk • Det enda med at ein gardbrukar på Folkestad mol borka og trasporterte den til garvarbuda. For dette fekk han 13 øre sekken og 1,90 for ein tur til Volda. • Valka vart dreva med handkraft • Men i 1920 fekk dei elektrisk motor som drog både kverna og valka.

More Related