1 / 27

Spania 2012

Spania 2012. Vi vil begynne med å takke SIU for at dei har gjort det mulig for oss og reise på ein slik lærerik og kjekk tur til Spania, dette er vi veldig takknemlige for. Arbeidsplassen.

arne
Download Presentation

Spania 2012

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Spania 2012

  2. Vi vil begynne med å takke SIU for at dei har gjort det mulig for oss og reise på ein slik lærerik og kjekk tur til Spania, dette er vi veldig takknemlige for.

  3. Arbeidsplassen Arbeidet vi vart tildelt under spaniaopphaldet var å byggje ei terrasse med vaskerom. Arbeidet på byggeplassen starta med og montere stillas å rive det eksisterande rekkverket på den ballkongen som var der. Når dette var gjort målte vi opp og merka med krittsnor kvar hola for bjelkane til terassa skulle vere. Etter denne oppmerkinga skar vi ut firkantane med vinkelslipar og meisla desse ut for hand, hola skulle vere 15 cm djupe for godt feste. Medan ei gruppe meisla desse hola, gjorde ei anna gruppe til oppmerking av hola som skulle lagast i bakken og seinare støypast for søylene. Desse hola skulle vere 50 cm djupe. Når alle hola var ferdige starta vi å blande betong som vi fylde i hola til støttene. Dagen etter var betongen hard så då starta vi og montere bjelkane og laminatdragarane som vart haldne oppe med midlertidige støtter. Festa til bjelkane for vegg vart limde med ein hard tokomponent lim. Vi forskala så for vaskeromgolvet og la ned eit avløpsrøyr for vaskemaskin. Vi blanda betongen, støypte og avretta den så den kunne herde. Vi starta så å legge terassebord på terrassa. Der målte vi ut avstanden mellom kvart bord som vi merka opp med krittsnor. Når betongen på vaskerommet var herda starta vi å lage veggane og sperrer til taket.

  4. Vi skar og ut hakk i støttene slik at desse kunne fellast inn i dragarane. Støttene vart reiste og skrudde fast i altanen, og søyleskoa limde til betongen. Dei midlertidige støttene vart så fjerna. Vi laga ei trapp som vi monterte på altanen. Så kappa vi til alle delane til rekkverket og monterte desse mellom støttene. Støttene vart så kappa i rett høgd. Trod vart spikra på sperrene, og vi la taket på vaskerommet. Dette arbeidet har vore veldig kjekt å halde på med, og vi er veldig takknemlege får å ha fått vere med.

  5. Bilder frå arbeidsplassen Slik såg huset ut før vi starta Meisling av hol

  6. Utgraving av hol for søyler og oppmåling av laminatdragarar. Meisling av hol for dragarar i veggane.

  7. Forskaling og støyping av golv for vaskeromm. Blanding av betong.

  8. Trilling av betong Fylling av betong for søylesko

  9. Montering av dragarar og bjelkar Dei fleste bjelkane er monterte

  10. Legging av terassebord Montering av rekkverk

  11. Legging av tak på vaskerom Bilde viser trappa vi laga og veggane i vaskeromet

  12. Kvar arbeidsdag hadde vi siesta klokka 12 Då va vi på einhantverkarresturant med god mat

  13. En fornøgd gjeng ved avslutta prosjekt

  14. Fritidsaktivitetane Tirsdag fekk vi bilettar til å å reise på fornøyelsesparken Terra Mitica. Gocart reiste vi og på, denne låg i utkanten av byen. Vi kjøyrdegocartar med både ein og to motorar. Vi hadde oss einhelgatur til fjellandsbyen Guadalest der var det mykje interessant og sjå, vi var blant anna inne i eit fengsel, ei kyrkje og eit museum som viste korleisdei hadde det der før i tida. Der var og mange utkikksplassar. Vi hadde oss også ein tur til Valencia, der var vi inne på eit stort akvarium med ymse dyr frå sjøen, og ikkje minst haitunellar. Vi var på eitimponerandes delfinshow der inne. Etter akvariumet reiste vi på eit Indiana Jones museum. Vi reiste og ein tur til gamlebyen i Valencia, der var det eit stort folketog. Ein tur vi og hadde var på eit fyrtårn i Albir, der var det laga til asfaltert tursti til toppen. Der oppe fekk vi god utsikt over kommunen. I Alfaz reiste vi og ned på stranda og spelte beachwolleyball.

  15. Vi spelte volleyballturnering både mot elevane frå Kvinnherad og innad i klassa. Etter arbeid brukte vi å ta bussen til Benidorm på shopping og for å gå på strandprominaden. Vi tok oss og ein svømmetur i Middelhavet utanfor Benidorm. I Benidorm hadde vi oss og ei runde med bowling på ein av bowlinghallane der. Ein kveld vart vi inviterte på pallea hos Helge og Anne Grete. Det var eit godt måltid med god stemning. Helge ga oss og eit lynkurs i å lage allioli. 17 Mai jobba vi berre halv dag. Seinare på dagen gikk vi i tog i Alfaz og ned til ein samlingsplass der det var taler. På Villa Romantica gikk stort sett dagane etter arbeid med til bading i bassenget på anlegget og speling av tennis på ei tennisbane like ved Villa Romantica. Spaniaopphaldet vårt har vore in fantastisk og minnerik opplevelse.

  16. Terra Mitica Berg og dalbaner

  17. Utsikt frå utsiktstårnet i parken

  18. Guadalest Drikkevatnet til Costa Blancakysten Klokketårnet i byen

  19. Eit gammalt utkikkstårn Utsiktsplass

  20. Gocart Forberedelsar før vi kaure

  21. Klar for avreise I farta

  22. Valencia Delfinshow

  23. Arkitektur i byen

  24. Haiar i haitunellen saghai

  25. Fiesta

  26. 17 mai! Toget vi gikk i Her var det samling og taler

  27. Så nok ein gong tusen takk til SIU for at dei gjorde det mogeleg for oss å reise på dette internasjonaliseringsprosjektet.

More Related