1 / 21

Kapittel 8: Mellomalderen i Europa

NYNORSK. Kapittel 8: Mellomalderen i Europa. Elevane skal kunne – gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen

kyrene
Download Presentation

Kapittel 8: Mellomalderen i Europa

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. NYNORSK Kapittel 8: Mellomalderen i Europa Elevane skal kunne – gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen – presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område – gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar

  2. Periodisering Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Europa på defensiven Folketalet var lite. Angrep frå mange kantar. Små byar og lite handel.

  3. Periodisering Høgmellomalder: 1000–1300 Europa på offensiven Handelen aukar, og byane veks. Sjølvtilliten aukar i takt med veksten på ulike område i samfunnet.

  4. Periodisering Seinmellomalder: 1300–1500 Periode prega av folketapet på grunn av svartedauden. Renessansekunsten i Italia og Nederlanda blømer. Folk flest får høgare levestandard.

  5. Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Europa på defensiven Folkevandringar Kven? Første bølgje: Germanske og slaviske stammer. Andre bølgje: Vikingar, madjarar og arabarar.

  6. Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Kvifor? – Romarriket blei gradvis svekt frå omkring 200 e.Kr., og rikdommane verka som lokkemat på ytre krefter. – Klimaendringar, krig, overbefolkning og svolt.

  7. Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Resultat – Nedgangsperiode i europeisk historie. – Byar mista innbyggjarar og forsvann. – Slutt på bruk av myntar i økonomien på grunn av politisk uro og manglande vern for handelsmenn. – Få kunne leve av overskotet frå bøndene.

  8. Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Resultat – Dei fleste levde i naturalhushald. – Lite historisk kjeldemateriale frå perioden 500–800 e.Kr. – Lese- og skriveferdigheitene på retur.

  9. Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Føydalsystemet Ein modell som vi kan bruke til å prøve å forklare mellomaldersamfunnet med.

  10. Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Korleis? – Samfunnet var bygd opp hierarkisk, som ein pyramide. – Kongen på toppen. For å sikre seg lojalitet kunne han låne ut jord til mennene sine (feudum/len). – Dei som lånte jord, blei kalla vasallar og var forplikta til å utstyre riddarar og vere med i forsvaret av kongen.

  11. Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Korleis? – Domenejord: Jorda til godsherren, som han dreiv sjølv. – Bøndene måtte forplikte seg til å arbeide ei fastsett tid (rekna i dagar) på godset.

  12. Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Kvifor? – Kongane mangla midlar til å finansiere sin eigen hær. – Samfunnsordenen var innstifta av Gud. – Frankarane, under Karl den store, bygde opp dette systemet først. – Målet var å byggje ei sterk statsmakt, med ein konge på toppen av føydalpyramiden.

  13. Høgmellomalderen 1000–1300 Europa på offensiven Kvifor? – Vendeplogen av jern gjorde fleire område dyrkbare, og jorda var mindre utsett for utpining. – Utviklinga av bogtre, som hindra at hesten blei kvelt, gjorde hesten til eit viktig trekkdyr. – Rotasjonssystem hindra utpining av jorda. Treskiftebruk.

  14. Høgmellomalderen 1000–1300 Resultat – Auka vareproduksjon. – Folkeauke. – Fleire kunne arbeide utanfor jordbruket. – Byvekst og handel skaut fart.

  15. Høgmellomalderen 1000–1300 Maktkamp: Verdsleg makt mot kyrkjemakt – Paven: Ønskte full råderett over presteskapet og ville forfølgje brot på kristen lov. – Meinte at kyrkja styrte i åndelege saker, mens kongen hadde autoritet i verdslege saker. – Fridom til å utnemne biskopar – investiturstriden. – Kongen: Ønskte kontroll med presteskapet og ville sjølv utnemne biskopar.

  16. Høgmellomalderen 1000–1300 Byar – Sentrum for handelsfolk og handverkarar som danna grunnlaget for framveksten av byborgarskapet. – Sjølvstyre: Eigne lover og skikkar. – Kunne ein brødfø seg sjølv, fekk ein fridom – forlokkande for bønder.

  17. Høgmellomalderen 1000–1300 Byar – Høge dødstal på grunn av manglande sanitær tilrettelegging, og fordi folk visste lite om hygiene. – Sjukdommar og parasittar florerte. – Katedralskolane og universiteta i byane blei nye kunnskapssentra frå 1100-talet.

  18. Høgmellomalderen 1000–1300 Byar – Høge dødstal på grunn av manglande sanitær tilrettelegging, og fordi folk visste lite om hygiene. – Sjukdommar og parasittar florerte. – Katedralskolane og universiteta i byane blei nye kunnskapssentra frå 1100-talet.

  19. Høgmellomalderen 1000–1300 Handel – Frå omkring 1000: handel med luksusvarer gjennom dei norditalienske byane Venezia og Genova. – Utvikling av handel med forbruksvarer. På kryss og tvers over kontinentet. – Hanseatane i Nord-Europa medverka til å utvikle dette handelsnettverket som mellomledd mellom dei ulike marknadene. – Medverka til byvekst og konsentrasjon av rikdom hos ’ byborgarskapet.

  20. Høgmellomalderen 1000–1300 Svartedauden – Byllepest frå Asia som herja i Europa 1346-1350. – Kom på toppen av ei jordbrukskrise som hadde vakse sidan tidleg på 1300-talet. – Svartedauden reduserte befolkninga i Europa med mellom 30 og 50 prosent. – Mange meinte at pesten var ei straff frå Gud.

  21. Høgmellomalderen 1000–1300 Svartedauden – Reduksjonen i folketalet førte til mangel på arbeidskraft. - Adelen måtte gi bøndene betre vilkår til gjengjeld for arbeidskrafta deira. – Maktforholda i samfunnet endra seg. Bøndene fekk det noko betre.

More Related