OMSORG, ANSVAR OG RESPEKT
Sponsored Links
This presentation is the property of its rightful owner.
1 / 10

OMSORG, ANSVAR OG RESPEKT OMGREP SOM GIR MEINING Utarbeidd av elevar, foreldre og personal PowerPoint PPT Presentation


  • 77 Views
  • Uploaded on
  • Presentation posted in: General

OMSORG, ANSVAR OG RESPEKT OMGREP SOM GIR MEINING Utarbeidd av elevar, foreldre og personal. Heime viser eg omsorg for barnet når eg…. Er til stades for barnet, gjerne ved å snakke, lytte til det og gi det fysisk nærleik (positiv kommunikasjon og klemmar) i kvardagen.

Download Presentation

OMSORG, ANSVAR OG RESPEKT OMGREP SOM GIR MEINING Utarbeidd av elevar, foreldre og personal

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Presentation Transcript


OMSORG, ANSVAR OG RESPEKT

OMGREP SOM GIR MEINING

Utarbeidd av elevar, foreldre og personal


Heime viser eg omsorg for barnet når eg…

  • Er til stades for barnet, gjerne ved å snakke, lytte til det og gi det fysisk nærleik (positiv kommunikasjon og klemmar) i kvardagen.

  • Trøyster barnet eller hjelper det når han/ ho er sjuk.

  • Kan vere ein trygg rollemodell – slik at barnet sjølv kan bli trygt.

  • Fortel at eg er glad i barnet.

  • Hjelper barnet til å finne ein god balanse mellom åleinetid og tid saman med føresette og venner.

  • Tar barnet med på ulike aktivitetar og utflukter.

  • Deler sorg og glede.

  • Sørgjer for at barnet får i seg sunn mat, nok søvn, reine klede – og ansvar for ulike oppgåver i heimen.

  • Følgjer opp tannlegetimar, legetimar og andre instansar.


Heime viser eg ansvar for barnet når eg…

  • Set grenser for barnet.

  • Gir barnet oppgåver og ansvarsområde det kan klare å meistre (Rydde av bordet, passe små søsken, bere ved, ta vare på tinga sine, rydde, ta ut søppel, ta vare på husdyra og liknande).

  • Lagar og følgjer gode rutinar som gjeld mat, søvn og stell.

  • Lar barnet få være med å bestemme.

  • Tek populære og upopulære avgjerder.

  • Hjelper barnet med lekser, fritidsaktivitetar og leik.

  • Sørgjer for at barnet bruker sykkelhjelm, refleks og rette klede til rett tid.

  • Lærer barnet å halde avtalar og tidspunkt, samt å ta ansvar.

  • Sørgjer for at barnet kjem seg trygt til skole og fritidsaktivitetar.

  • Lærer barnet ulike ting som matlaging, snekring og liknande.

  • Forklarer og rettleiar barnet i korleis det oppfører seg i lag med andre på ulike arenaer.

  • Lærer barnet normer og reglar.

  • Lærer barnet å vere glad i seg sjølv.


Heime viser eg respekt for barnet når eg…

  • Tar barnet mitt på alvor.

  • Høyrer på kva barnet har å seie.

  • Gjer jobben min som forelder så godt eg kan.

  • Gir barnet tid.

  • Gir barnet privattid og privatrom som høver til alderen.

  • Gir barnet høve til å prøve og feile.

  • Ler med, og ikkje av, barnet.

  • Er hyggjeleg og imøtekomande overfor barnet og barnet sine vener.

  • Respekterar at vi kan vere ulike og ha ulike meiningar.

  • Unngår å kritisere og fokusere for mykje på ting som er vanskelege for barnet, men i staden prøver å hjelpe det.


På skolen viser eg som elev omsorg når eg…

  • Spør medelevar om dei vil vere med på ting.

  • Spør korleis det går, og om eg kan hjelpe dersom medelevar har skadd seg eller er triste og leie.

  • Hjelper og støttar medelevar som blir erta eller mobba.

  • Hente hjelp viss nokon slår seg eller treng det av andre grunnar.

  • Spør mine medelevar om korleis dei har det.

  • Seier noko fint til medelevane mine.

  • Gir medelevane mine positiv merksemd ved hjelp av eit smil, ein kommentar eller ein klapp på skuldra.


På skolen viser eg som elev ansvar når eg…

  • Følgjer skolen og klassen sine reglar.

  • Har orden i skolesakene mine.

  • Leverer tilbake utstyr eg har lånt i same stand som då eg lånte det.

  • Er aktiv deltakande i læringa mi.

  • Rekkjer opp handa for å svare på spørsmål eller spørje om noko.

  • Arbeider konsentrert og er roleg i timane.

  • Gjer det eg har får beskjed om å gjere.

  • Tar vare på mitt eige og skolen sitt utstyr.

  • Hjelper medelevar som ønskjer det.

  • Gir beskjed til vaksne når eg ser nokon som ikkje har det så kjekt i timane eller ute i skolegarden.


På skolen viser eg som elev respekt når eg…

  • Lyttar til det dei vaksne og medelevane har å seie.

  • Ler med, og ikkje av, andre.

  • Hjelper andre.

  • Er hyggeleg og imøtekommande overfor andre medelevar og vaksne.

  • Viser nestekjærleik.

  • Respekterar at vi kan vere ulike og ha ulike meiningar.

  • Helsar på medelevar og vaksne. (Seier ”hei” og ”ha det”).

  • Viser omsyn til ”STOPP” - regelen.

  • Unngår å kritisere, lyge og sladre slik at andre medelevar blir lei seg.

  • Unngår å erte, plage og mobbe slik at andre medelevar blir lei seg.


På skolen viser eg som lærar omsorg når eg…

  • Helsar på kvar enkelt elev om morgonen.

  • Spør elevar om dei vil være med på ting.

  • Spør korleis det går og om eg kan hjelpe dersom dei har skadd seg eller er triste og leie.

  • Hjelper og støttar elevar som blir erta eller mobba.

  • Viser interesse for det som elevane interesserer seg for.

  • Seier noko hyggeleg eller fint til eleven.

  • Tar elevane på alvor.

  • Gir elevane positiv merksemd ved hjelp av eit smil, ein kommentar eller ein klapp på skuldra.

  • Hjelper eleven på ein omsorgfull måte med skulearbeidet.

  • Gir dei støtte, tillit og tryggleik både i klasserommet og på andre arenaer.


På skolen viser eg som lærar ansvar når eg…

  • Set grenser og forventar at elevane følgjer skolen og klassen sine reglar.

  • Gir elevane ei undervisning som er tilpassa, og som følgjer dei fagplanane som er pålagde.

  • Gir elevane hjelp, støtte, motivasjon og ”rettleiing” til å meistre det skolekvardagen gir av utfordringar.

  • Er aktiv deltakande i elvane si utvikling.

  • Gir elevane ansvar.

  • Er eit godt forbilde for elevane.

  • Tar vare på mitt eige og skolen sitt utstyr.

  • Informerer elevar, foreldre, lærarar og instansar om ulike saker som kan vere viktig å få vite til ei kvar tid.

  • Kjem førebudd til undervising.

  • Følgjer opp forventa arbeid som gjeld retting, vekeplanar, kartleggingsarbeid og dokumentasjon av ulik art.


På skolen viser eg som lærar respekt når eg…

  • Lyttar til det elevane har å si.

  • Hjelper elevane om dei ønskjer det.

  • Er hyggeleg og imøtekommande overfor elevar og vaksne.

  • Viser nestekjærleik.

  • Respekterar at vi kan vere ulike og ha ulike meiningar.

  • Helsar på elevar og vaksne (Seier hei og ”ha det”).

  • Fokuserar på det positive.

  • Er ærleg med elevane.

  • Viser at eg har tru på elevane.

  • Gir elevane høve til å velje, og hjelper dei med å ta rette val.


  • Login