Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagar f rebuingsdel 1
This presentation is the property of its rightful owner.
Sponsored Links
1 / 30

Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagar førebuingsdel? (1) PowerPoint PPT Presentation


  • 72 Views
  • Uploaded on
  • Presentation posted in: General

Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagar førebuingsdel? (1). Elevane får betre høve til å visa brei fagleg kompetanse slik det er formulert i læreplanmåla Elevane kan prøvast i fleire mål enn ved tradisjonell munnleg eksamen

Download Presentation

Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagar førebuingsdel? (1)

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Presentation Transcript


Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagar f rebuingsdel 1

Kvifor velja ein eksamensmodell med todagar førebuingsdel? (1)

  • Elevane får betre høve til å visa brei fagleg kompetanse slik det er formulert i læreplanmåla

  • Elevane kan prøvast i fleire mål enn ved tradisjonell munnleg eksamen

  • Elevane får betre høve til å visa i kva grad dei kan nytta faglege kunnskapar og ferdigheiter i meir komplekse og autentiske arbeidssituasjonar


Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagar f rebuingsdel 2

Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagarførebuingsdel? (2)

  • Elevane får høve til å henta inn og nytta informasjon frå ulike kjelder i arbeidet med eksamensoppgåva

  • Bruk av IKT kan integrerast i eksamensarbeidet

  • Elevane får høve til å fordjupa seg i, reflektera over og drøfta fagstoff i langt større grad enn ved tradisjonelle eksamensformer. Det er god samanheng mellom gruppe- og prosjektarbeid og denne eksamensforma


Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagar f rebuingsdel 3

Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagarførebuingsdel? (3)

  • Eksamen styrer til ein viss grad opplæringa gjennom skoleåret. Denne eksamensmodellen kan utvikla den breie kompetansen som læreplanverket legg opp til

  • Elevar som har gjennomført denne eksamensforma, seier den er mindre stressande enn tradisjonelle eksamensformer utan førebuingsdel eller med kort førebuing.


Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagar f rebuingsdel 4

Kvifor velja ein eksamensmodell med to dagarførebuingsdel? (4)

  • Eksamensresultatet er i mindre grad avhengig av å ha flaks/uflaks med eksamensoppgåva, ettersom eleven får 48t til førebuing

  • Høve til tettare samarbeid mellom faglærar og sensor


Munnleg eksamen med 48 timars f rebuingstid

Munnleg eksamen med 48 timars førebuingstid

  • ”Hjelp! Eg er blitt oppnemnd til sensor i ei

  • eksamensordning med 48t førebuingsdel.

  • Eg har aldri vore med på dette før!

  • Kvifor er denne ordninga innført?

  • Kva ventar dei av meg?”


6 1 sensor f r melding om oppnemning 1

6.1. SENSOR FÅR MELDING OM OPPNEMNING (1)

  • Faglærar og sensor får melding ei veke før eksamen

  • Alle lokalt vedtekne reglar for eksamensmodellen skal leggjast ved oppnemninga

  • Fagrapport skal leggjast ved

  • Faglærar tek straks kontakt med sensor


6 1 sensor f r melding om oppnemning 2

6.1. SENSOR FÅR MELDING OM OPPNEMNING (2)

  • Vanlege spørsmål:

  • Kva bør fagrapporten innehalda?

  • Fagrapporten bør innehalda opplysningar om korleis eleven/elevane har arbeidd for å nå måla i læreplanen (fagstoff, fordjuping, arbeidsformer, vurderingsformer)

  • Er det ikkje nok å berre oppgi læreboka som pensum?

  • Nei, læreboka er ikkje ”pensum”, men eitt av fleire hjelpemiddel til å nå måla i læreplanen.

  • Kva om faglærar ikkje tek kontakt?

  • Sensor må sjølv ta kontakt med faglærar eller eksamensskolen dersom han ikkje har høyrt noko etter to dagar.


6 2 kva skal sensor gjera i veka f r eksamen 1

6.2. KVA SKAL SENSOR GJERA I VEKA FØR EKSAMEN?(1)

  • Sensor må setja seg inn i sentralt og lokalt gjevne styringsdokument og rettleiingsdokument for denne eksamensmodellen

  • Faglærar kjem med framlegg til eksamensoppgåve(r), og sensor og faglærar drøftar oppgåveframlegget og blir einige om endeleg utforming

  • Sensor passar på at oppgåva er i tråd med læreplanens mål og femner vidt nok


6 2 kva skal sensor gjera i veka f r eksamen 2

6.2. KVA SKAL SENSOR GJERA I VEKA FØR EKSAMEN?(2)

  • Sensor og faglærar drøfter vurderingskriteria

  • Faglærar informerer sensor om skolens instruks for korleis eksamen skal gjennomførast

  • Sensor blir informert om skoleadministrasjonens arbeid med å kvalitetssikra eksamen (til dømes: samordning med andre skolar, informasjon til elevane, opplæring av lærarkollegiet, tilrettelegging i førebuingsdelen med tilgang til bibliotek, IKT, arbeidsrom mm)


6 2 kva skal sensor gjera i veka f r eksamen 3

6.2. KVA SKAL SENSOR GJERA I VEKA FØR EKSAMEN?(3)

  • Vanlege spørsmål:

  • Kva om faglærar og sensor ikkje blir einige om

  • utforminga av oppgåvene?

  • Sensor har siste ordet når det gjeld kva eleven skal eksaminerast i, men dette betyr ikkje at sensor skal overkøyra faglærar og forlanga ei heilt anna oppgåve enn det faglærar gjer framlegg om. Det dreier seg om å betra utforminga av oppgåveteksten og syta for at oppgåva ikkje er for snever, slik at eleven får vist den breie kompetansen sin. Samstundes må eksamensoppgåva/eksamensoppgåvene vera utforma slik at alle elevane får høve til å visa kva dei kan.


6 2 kva skal sensor gjera i veka f r eksamen 4

6.2. KVA SKAL SENSOR GJERA I VEKA FØR EKSAMEN?(4)

  • Kan sensor krevja endringar i eksamensopplegget?

  • Nei, skolen vedtek reglane som gjeld for eksamen (om ikkje kommunen/fylkeskommunen har gjort dette) innanfor rammene gjevne av departementet. Det er berre eksamensoppgåva sensor kan påverka.

  • Om skolen har vedteke reglar som er i strid med sentralt gjevne retningslinjer, må dette takast opp av sensor.

  • Kva om sensor insisterer på endringar i opplegg og

  • oppgåveutforming som bryt med det elevane ventar seg?

  • Av og til kan det oppstå usemje mellom faglærar og sensor om gjennomføringa av eksamen. Rektor på eksamensskolen har eit overordna ansvar for eksamen og kan trekkjast inn om slik usemje oppstår.


6 2 kva skal sensor gjera i veka f r eksamen 5

6.2. KVA SKAL SENSOR GJERA I VEKA FØR EKSAMEN?(5)

  • Skal faglærar kontakta sensor etter at elevane har fått utlevert

  • oppgåvene?

  • Faglærar tek kontakt i god tid før sjølve eksamen dersom det er informasjon sensor bør ha. I nokre fag skal elevane sjølve formulera problemstillingar innan eit tema, og då bør sensor få vita kva elevane har valt.

  • Kva er faglærars rolle under førebuingsdelen?

  • Faglærar bør vera tilgjengeleg ved utleveringa av oppgåva/oppgåvene og vidare i førebuingsdelen - innanfor dei rammene som arbeidsavtalen set. Faglærar kan svara på spørsmål og rettleia elevane, men ikkje undervisa.

  • Kor mykje rettleiing ein elev skal få, må avgjerast av det profesjonelle skjønnet hos faglæraren. I grunnskolen vil det vanlegvis vera behov for meir rettleiing enn i vidaregåande skole, og grunnskolen må ha ein plan for rettleiing av elevane i førebuingsstida. I den vidaregåande skolen kan det i alle høve vera fornuftig å avtala eit møte neste dag med elevar som ønsker det.


6 3 sensors rolle under eksamen 1

6.3. SENSORS ROLLE UNDER EKSAMEN (1)

  • Eksamen er todelt.

    • Først legg eleven fram presentasjonen sin

    • deretter følgjer det ein samtale mellom elev, faglærar og sensor


6 3 sensors rolle under eksamen 2

6.3. SENSORS ROLLE UNDER EKSAMEN (2)

  • Vanlege spørsmål:

  • Kan eksaminasjonen gjerast i par eller grupper?

  • Ja, det er ingen regel som hindrar dette. I grunnskolen er par- og gruppeeksamen det mest vanlege. Eksamenstida blir då forlenga utover dei vanlege 30 min pr. elev.

  • Vurderinga skal alltid vera individuell. Det er ikkje høve til å

  • gje felles karakter.

  • Er det vanskeleg å vurdera fleire elevar samstundes?

  • Erfaring viser at det ikkje er problematisk å skilja mellom elevanes prestasjonar, men at det kan vera noko meir krevjande å vera eksaminator. Forsøk har likevel vist at det kan vera vanskeleg å gje ei rettferdig vurdering dersom gruppa er sett saman av meir enn tre elevar.


6 3 sensors rolle under eksamen 3

6.3. SENSORS ROLLE UNDER EKSAMEN (3)

  • Døme på eksamensinstruks:

  • Eksamen kan vara inntil 30 minutt.

  • Først får du inntil 15 min (10 min. i grunnskolen?) – utan avbrot – til ein presentasjon der du legg fram resultatet av arbeidet i førebuingsdelen.

  • Presentasjonen skal ikkje lesast opp frå eit ferdigskrive manus, men framførast munnleg med utgangspunkt i ein kort disposisjon eller ei momentliste du har med. Disposisjonen/momentlista kan leggjast fram for faglærar og sensor.

  • Om du ønsker det, kan du til dømes bruka tavle, lysark, IKT, bilete eller gjenstandar for å illustrera stoffet.

  • Resten av eksamenstida vil bli brukt til ein vidare diskusjon og samtale i faget med utgangspunkt i presentasjonen. Alle læreplanmåla kan bli trekte inn i denne samtalen.


6 3 sensors rolle under eksamen 4

6.3. SENSORS ROLLE UNDER EKSAMEN (4)

  • Vanlege spørsmål om presentasjonen:

  • Kan sensor avbryta eleven under presentasjonen?

  • Nei, ikkje når det står i skolens instruks at eleven har inntil 15 min (10 min?) utan avbrot.

  • Kva om eleven tek til å lesa opp frå eit manus?

  • For å hjelpa eleven til ein betre prestasjon bør faglærar eller sensor straks gjera eleven merksam på at det ikkje er meininga at kandidaten skal lesa opp frå eit ferdig manus. Eleven skal vita kva som står om dette i instruksen.

  • Kan sensor be eleven leggja bort notata?

  • Nei, instruksen seier at eleven har rett til å ha med seg notatark. Om eleven likevel held fram med å lesa opp, eller er sterkt avhengig av notata sine, får dette innverknad på vurderinga av prestasjonen.


6 3 sensors rolle under eksamen 5

6.3. SENSORS ROLLE UNDER EKSAMEN (5)

  • Kva om eleven ikkje er ferdig etter avtalt tidsbruk?

  • Eleven bør informerast om når det er eitt minutt igjen, og stoppast om presentasjonen ikkje er ferdig 1-2 min over tida. Dette kan seiast til eleven før eksamen startar.

  • Bør sensor halda seg passiv under presentasjonen?

  • Nei, elevar er ofte nervøse i ein slik situasjon, så både faglærar og sensor må gjennom kroppsspråk (augekontakt, smil, nikk) visa at dei følgjer med og er positive til elevens framlegging.


6 3 sensors rolle under eksamen 6

6.3. SENSORS ROLLE UNDER EKSAMEN (6)

  • Vanlege spørsmål om samtalen etterpå:

  • Kan sensor delta i samtalen?

  • Ja, det er ingen sentralt gjevne retningslinjer som forbyr dette. Det bør i kvart enkelt tilfelle vurderast kva som er best for eleven. Denne eksamensmodellen legg opp til at sensor kan vera ein aktiv deltakar.

  • Skal samtalen berre dreia seg om temaet i presentasjonen?

  • Nei, samtalen tek utgangspunkt i presentasjonen og kan gå djupare inn i emnet eller gradvis gå over i andre emne - avhengig av kva eleven trekkjer inn. Ein skal ikkje brått stilla spørsmål om noko heilt anna for å kontrollera at eleven kan ”pensum”. Skolen må ikkje laga eit reglement som seier at samtalen berre skal dreia seg om emnet for presentasjonen.


6 3 sensors rolle under eksamen 7

6.3. SENSORS ROLLE UNDER EKSAMEN (7)

  • Kva om eleven ikkje kan svara på eit spørsmål?

  • Då kan spørsmålet omformulerast eller det kan stillast eit nytt spørsmål. Faglærar og sensor skal ikkje ta til med å undervisa ved å forklara kva eleven burde ha svart. Det er eleven som skal disponera tida for å visa kompetansen sin i faget. Faglærar og sensor skal nøya seg med å stilla korte og klare spørsmål.

  • Skal eleven få bruka notata sine i samtalen?

  • Ja, når instruksen seier at eleven har høve til å ha med seg notatark til framføringa si, har eleven høve til å bruka dei under heile eksamen. Dersom eleven er avhengig av notata, får dette innverknad når karakteren skal fastsetjast.


6 4 sensors rolle ved karakterfastsetjinga 1

6.4. SENSORS ROLLE VED KARAKTERFASTSETJINGA(1)

  • Når samtalen er over, blir eleven beden om å venta utanfor mens faglærar og sensor fastset karakteren

  • Sensor og faglærar skal saman drøfta elevens prestasjon og bli einige om kva karakter eleven skal ha


6 4 sensors rolle ved karakterfastsetjinga 2

6.4. SENSORS ROLLE VED KARAKTERFASTSETJINGA(2)

  • Vanlege spørsmål:

  • Kva skal det leggjast vekt på når karakteren blir fastsett?

  • Det er læreplanens mål som er utgangspunktet for vurderinga. Karakteren skal visa i kva grad eleven har nådd måla i læreplanen. Å reprodusera lærebok- og anna fagstoff ligg på eit lågare nivå enn å kunna drøfta og vurdera fagstoffet. Over middels karakter (5-6) krev det høgste taksonomiske nivået. For å få karakteren 6 skal eleven visa svært høg grad av måloppnåing, visa sjølvstende og utmerkja seg spesielt.

  • Sensor og faglærar bør først bli einige om prestasjonen er under middels, middels eller over middels. Er det ein middels prestasjon, skal eleven ha karakteren 3 eller 4. Er prestasjonen over middels, står det mellom 5 og 6.


6 4 sensors rolle ved karakterfastsetjinga 3

6.4. SENSORS ROLLE VED KARAKTERFASTSETJINGA(3)

  • Skal presentasjonen og samtalen telja likt når

  • karakteren blir fastsett?

  • Det skal ikkje lagast ei prosentfordeling mellom presentasjon og samtale, men karakteren blir fastsett etter ei heilskapsvurdering. Det er elevens faglege kompetanse som skal vera avgjerande for karakteren.

  • Skal framføringa telja med, eller er det berre innhaldet

  • som skal vera grunnlaget for karaktersetjinga?

  • Utgangspunktet er læreplanens mål. Om faget har mål som har med framføring å gjera – t.d. i norsk – skal framføringa telja med.


6 4 sensors rolle ved karakterfastsetjinga 4

6.4. SENSORS ROLLE VED KARAKTERFASTSETJINGA(4)

  • Skal hjelp og rettleiing i førebuingsdelen ha innverknad på

  • vurderinga?

  • Nei, arbeid i førebuingsdelen blir ikkje vurdert. Det er berre prestasjonen på sjølve eksamen som er grunnlaget for karaktersetjinga.

  • Kva om sensor og faglærar ikkje blir einige om

  • karakteren?

  • Sensor og faglærar drøftar prestasjonen. Dersom dei ikkje blir samde, er det sensor som tek den endelege avgjerda. Sensorar kan av og til oppleva eit press frå faglærar om å gje ein høgare karakter. Faglærar må ha ei profesjonell haldning og akseptera at det av og til ikkje er mogeleg å få gjennomslag for sitt syn.


6 4 sensors rolle ved karakterfastsetjinga 5

6.4. SENSORS ROLLE VED KARAKTERFASTSETJINGA(5)

  • Kan eleven koma inn igjen for å få tilleggsspørsmål?

  • Om det gjennom drøftinga av prestasjonen kjem fram moment som gjer det vanskeleg for sensor å ta ei endeleg avgjerd om karakteren, kan eleven kallast inn igjen. Det er opp til sensor om dette skal gjerast.

  • Bør eleven få resultatet før neste elev blir kalla inn?

  • Ja, vurderinga skal vera målrelatert og ikkje grupperelatert. Dette inneber at det er den enkelte elevs grad av måloppnåing som er grunnlaget for karaktersetjinga, ikkje kva andre elevar presterer. Sensor må vita kva som krevst for å få karakteren 6. Alle elevar som presterer på dette nivået, skal ha karakteren 6 sjølv om ein av seksarkandidatane presterer betre enn dei andre.


6 5 sensor gjev eleven resultatet 1

6.5. SENSOR GJEV ELEVEN RESULTATET(1)

  • Etter at karakteren er fastsett i samtalen mellom faglærar og sensor, blir eleven kalla inn igjen

  • Sensor fortel kva karakter eleven har fått. Grunngjevinga som følgjer må vera slik at eleven forstår kvifor han fekk denne karakteren


6 5 sensor gjev eleven resultatet 2

6.5. SENSOR GJEV ELEVEN RESULTATET(2)

  • Vanlege spørsmål:

  • Skal sensor grunngje karakteren før eleven får vita

  • resultatet?

  • Det er ingen fast regel om dette. Sensor kan spørja eleven kva han tykkjer er best. Erfaring viser at elevar har ulike oppfatningar om dette.

  • Kva er ei god grunngjeving?

  • Ei grunngjeving er ikkje det same som ein karakteristikk av svaret/prestasjonen. Det er ikkje nok t.d. å seia at ”Du var flink og presterte godt, så du får karakteren 5”. Sensor må visa til konkrete døme frå prestasjonen og knyta desse opp mot vurderingskriteria og grad av måloppnåing i faget.


6 6 sensors ansvar ved eventuell klagebehandling 1

6.6. SENSORS ANSVAR VED EVENTUELL KLAGEBEHANDLING (1)

  • Sensor må laga fyldige notat

  • Sensor må passa på at det ikkje skjer formelle feil


6 6 sensors ansvar ved eventuell klagebehandling 2

6.6. SENSORS ANSVAR VED EVENTUELL KLAGEBEHANDLING (2)

  • Vanlege spørsmål:

  • Kor lenge skal notata takast vare på?

  • Notata skal takast vare på eitt år etter at eksamen er gjennomført.

  • Kvifor skal notata takast vare på så lenge?

  • Det hender at karakterar blir førde feil på karakterskjemaet og at dette ikkje blir oppdaga før eleven på eit seinare tidspunkt klagar. Notata vil då kunna dokumentera korrekt karakter.

  • Kva er ein formell feil?

  • Ein formell feil er at eksamensinstruksen ikkje blir følgt, eller at det skjer noko uventa som har innverknad på om eleven får vist kompetansen sin slik han har krav på.


6 6 sensors ansvar ved eventuell klagebehandling 3

6.6. SENSORS ANSVAR VED EVENTUELL KLAGEBEHANDLING (3)

  • Kva konkrete formelle feil kan elevar klaga på?

  • Eksamensoppgåver som ikkje er innanfor læreplanens mål (sensor må kontrollera dette).

  • Eleven blir beden om å leggja bort notata.

  • Mobiltelefon som ikkje er slått av. Sensor tek imot eller sender tekstmelding.

  • Eleven fekk ikkje bruka overhead eller IKT (dersom det står i instruksen at dei har høve til dette).

  • Avbrot og forstyrringar under eksamen (støy utanfrå/brannbilar, lærar som kjem inn i klasserommet og seier ”Eg skal ha undervisning her, gå ut!”).

  • Sensor som sovnar (!).


6 6 sensors ansvar ved eventuell klagebehandling 4

6.6. SENSORS ANSVAR VED EVENTUELL KLAGEBEHANDLING (4)

  • Kva skal stå i sensors kommentar til elevens

  • klage?

  • Sensor og faglærar er pliktige til å gje skriftlege kommentarar til elevens klage. Sensor må kommentera den konkrete formelle feilen eleven klager på, ikkje berre skriva at ”Det blei ikkje gjort formelle feil”.

  • Enkelte elevar vil i klagen også koma inn på at dei er ueinige i karakteren dei har fått. Det er ikkje nødvendig for sensor å grunngje karaktersetjinga, ettersom det berre er formelle feil det kan klagast på.


  • Login