Lov om grunnskolen og den vidareg ande oppl ringa oppl ringslova
This presentation is the property of its rightful owner.
Sponsored Links
1 / 14

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) PowerPoint PPT Presentation


  • 53 Views
  • Uploaded on
  • Presentation posted in: General

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Kapittel 2 - Grunnskolen. §2-1 Rett og Plikt til opplæring

Download Presentation

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation

Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author.While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - E N D - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Presentation Transcript


Lov om grunnskolen og den vidareg ande oppl ringa oppl ringslova

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


Kapittel 2 grunnskolen

Kapittel 2 - Grunnskolen

§2-1 Rett og Plikt til opplæring

  • Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader.

  • Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkynnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


Kapittel 3 vidareg ande oppl ring

Kapittel 3 – Vidaregåande opplæring

§3-1 Rett til vidaregåande opplæring

  • Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. ... Ungdom som har fylt 15 år, søkjer sjølv om inntak til den vidaregåande opplæringa.

  • Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til spesialundervisning, har rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra når eleven treng det i forhold til opplæringsmåla for den enkelte. Før fylkeskommunen gjer vedtak, skal det liggje føre sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


4a 2 rett til spesialundervisning p grunnskolens omr de

§ 4A-2.Rett til spesialundervisning på grunnskolens område

  • Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.

  • Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.

  • For opplæring etter denne paragraf gjeld §§ 5-1 tredje leddet bortsett frå siste punktum, og 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


Kapittel 5 spesialundervisning

Kapittel 5 – Spesialundervisning

§5-1 Rett til spesialundervisning

  • Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. § 2-2 og § 3-2.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


5 3 sakkunnig vurdering

§ 5-3.Sakkunnig vurdering

  • Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak omspesialundervisning etter § 5-1 eller § 5-2, eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.

  • Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til - eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet- lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa- realistiske opplæringsmål for eleven - om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet - kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


5 4 n rmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning

§ 5-4.Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning

  • Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades.

  • Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.

  • Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


5 5 unntak fr reglane om innhaldet i oppl ringa

§ 5-5.Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa

  • Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen.

  • Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


5 7 spesialpedagogisk hjelp f r oppl ringspliktig alder

§ 5-7.Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder

Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av ein annan sakkunnig instans.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


Kapittel 8 organisering av undervisninga

Kapittel 8. Organisering av undervisninga

§ 8-1.Skolen

  • Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. ... Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.

  • Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


8 2 organisering av elevane i grupper

§ 8-2.Organisering av elevane i grupper

  • Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


Kapittel 15 bruk av forvaltningslova opplysningsplikt

Kapittel 15. Bruk av forvaltningslova. Opplysningsplikt

§ 15-3.Opplysningsplikt tilbarneverntenesta

  • Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

  • Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet gi slike opplysningar.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


10 1 kompetansekrav for undervisningspersonell

§ 10-1.Kompetansekrav for undervisningspersonell

   Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike klassesteg og i ulike skoleslag.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


Forskrift til oppl ringslova 14 1 krav til pedagogisk kompetanse

Forskrift til opplæringslova§ 14-1.Krav til pedagogisk kompetanse

  • Alle som skal tilsetjast iundervisningsstilling, må ha pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i lov av 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler § 54b, eller ha tilsvarande pedagogisk kompetanse.

  • Til opplæring av vaksne etter opplæringslova kapittel 4A kan det også tilsetjast personar utan formell pedagogisk kompetanse etter første ledd. Føresetnaden er at vedkom-mande har vesentleg erfaring med opplæring av vaksne og er eigna til undervisning av vaksne.

Høgskolen i Telemark Inge Jørgensen


  • Login