1 / 7

Kapittel 5. Mellomalderen i Europa

Kapittel 5. Mellomalderen i Europa. NYNORSK. Elevane skal kunne – presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område. Påbygging. Mellomalderen – periodisering. Tidleg mellomalder: 500 til 1000

brant
Download Presentation

Kapittel 5. Mellomalderen i Europa

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Kapittel 5. Mellomalderen i Europa NYNORSK Elevane skal kunne – presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område Påbygging

  2. Mellomalderen – periodisering Tidleg mellomalder: 500 til 1000 – Europa på defensiven: – Folketalet er lite – Angrep frå mange kantar – Små byar og lite handel Høgmellomalder: 1000–1300 – Europa på offensiven: – Handelen aukar, og byane veks – Sjølvkjenslaaukar i takt med veksten på ulike område i samfunnet Seinmellomalder: 1300–1500 – Periode prega av folketapet på grunn av svartedauden. – På den positive sida blomstrar renessansekunsten i Italia og Nederlandene, og folk flest får høgare levestandard. Påbygging

  3. Føydalsystemet: Ein modell som vi kan bruke når vi skal forsøke å forklare mellomaldersamfunnet. Korleis? – Samfunnet var bygd opp hierarkisk, som ein pyramide. – Kongen på toppen. For å sikre seg lojalitet kunne han låne ut jord til mennene sine (feudum/len). – Dei som lånte jord, blei kalla vasallar og var forplikta til å utstyre riddarar og delta i forsvaret av kongen. – Domenejord: Godsherrens eiga jord, som han dreiv sjølv. Bøndene måtte forplikte seg til å arbeide eit visst tal dagar på godset. Påbygging

  4. Kvifor føydalsystem? – Kongane mangla pengar til å finansiere eigne hærar. – Samfunnsordenen var innstifta av Gud. – Frankarane under Karl den store bygde opp dette systemet først. – Målet var å byggje ei sterk statsmakt, med ein konge på toppen av føydalpyramiden. Påbygging

  5. Høgmellomalderen 1000–1300 Kvifor? – Vendeplogen av jern gjorde fleire område dyrkbare, og jorda var mindre utsett for utpining.  – Utviklinga av bogtreet, som hindra at hesten blei kvalt, gjorde han til eit viktig trekkdyr.   – Rotasjonssystem hindra utpining av jorda. Treskiftebruk. Resultat:  – Auka vareproduksjon  – Befolkningsvekst  – Fleire kunne arbeide utanfor jordbruket  – Byvekst og handel skaut fart Påbygging

  6. Maktkamp: Verdsleg makt mot kyrkjemakt – Paven: Ønskte full råderett over presteskapet og ville forfølgje brot på kristen lov. – Meinte at kyrkja styrte i åndelege saker, mens kongen hadde autoritet i verdslege saker. – Fridom til å utnemnebiskopar – investiturstriden. – Kongen: Ønskte kontroll med presteskapet og ville sjølvutnemnebiskopar. Påbygging

  7. Svartedauden – Byllepest frå Asia som herja i Europa 1346–1350. – Kom på toppen av ei jordbrukskrise som hadde vaksesidantidleg på 1300-talet. – Svartedauden reduserte befolkninga i Europa med mellom 30 % og 50 %. – Mange meinte at pesten var ei straff frå Gud. – Reduksjonen i folketalet førte til mangel på arbeidskraft. – Adelen måtte gi bøndene betre vilkår til gjengjeld for arbeidskrafta deira. – Resultat: Maktforholda i samfunnet endra seg. Bøndene fekk det noko betre. Påbygging

More Related